Torsdag føremiddag var det langreist mat, nyfikne og store folkemengder å finna på Torget.
Årsaka til samlinga på torget var marknad med torghandlarar frå heile Europa. Her kunne ein finna alt frå pesto-ost og spekeskine, til snop og kaker i alle tenkjelege fargar. Utvalet på torget desse dagane består for det meste av mat, men ein kan også finna andre ting som såper og vesker.
– Det er fyrste gongen me er på Voss, men det er veldig fint her. Vossingane ser ut til å lika maten som smaker litt annleis enn det ein får til vanleg i butikkane her, seier Ab Noom.
Han er frå Nederland og sel ost og pølser i boda si.
Både born og unge kom på Torget i dag for å få med seg marknaden. Det var mykje smaksprøvar, og etter å ha smakt maten enda dei fleste opp med å kjøpa noko.
Maria Bøyum er ein av dei som kom på torget for å få med seg marknaden i dag, og ho var svært nøgd med utvalet.
– Dette er fantastisk. Det burde vore mykje meir av slike ting på Torget, seier ho.
Marknaden skal også stå i morgon og på laurdag.
Biletgalleri 17. mai kom varmen og i pinsen har vår og sommar komme hand i hand. Les meir