FEKK PRIS: Kaia Finne og Myrkdalen Fjellandsby vann nyleg Målprisen for sin nynorskbruk. - At Myrkdalen Fjellandsby no også har vedteke å bruka a-ending i infinitiv, i staden for e-ending, er eit nytt steg vidare, skriv Hordaland i denne leiaren. FOTO: Sara Finne

Med nynorsk og vossamål som suksessfaktor

Myrkdalen Fjellandsby er tildelt målprisen 2017, for å bruka nynorsk gjennomgåande i heile verksemda.

Publisert 19.03.2017 kl. 08.00. Oppdatert kl. 07.42.

At Fjellandsbyen har gjort dette språkvalet, og lukkast så godt som dei gjer med forretningsdrifta, er både interessant og opplyftande.

FOR 30 ÅR SIDAN var nynorsk fy-fy hjå enkelte når det gjaldt marknadsføring. Det kommunalt eigde Voss turistkontor var mellom dei som nytta bokmål i marknadsføring retta mot omverda, for å trekkja turistar til Voss. No opplever me at nynorsken er god nok til å trekkja turistar både til Myrkdalen og dessutan til skiheisane i Bavallen og på Hangur. Folk ser ut til å setja stadig meir pris på det lokale og ekte. Slik sett formidlar språket ein identitet. Sjølv om me lever i ei mykje meir globalisert verd, har det skjedd ei heilt ny utvikling for språkbruken.

DET SOM OGSÅ er spennande, er at det er nokre av dei mest «kule» og «hippe», som har gått framføre når det gjeld bruk av nynorsk og vossadialekt. Hans Engelsen Eide starta i 1989 verksemda Skigutane. Det velklingande namnet formidlar særpreg og sjarm. Skigutane vart starten på ein av dei største næringslivssuksessane på Voss gjennom tidene. Ekstremsportveko oppstod delvis med utgangspunktet i same miljøet. Dei kunne ha kalla ho for «Ekstremsportuken», men landa på vossauttrykket «Veko». Og resten er historie.


SYLVSMIDJA ER EI ANNA av dei mest suksessrike verksemdene på Voss. I 2016 fekk Sylvsmidja tildelt Voss mållag sin nystifta pris for god målbruk. Også dei omtalar nynorsk som ein viktig del av identiteten sin.

No ser me at dei lokale bryggjeria tek i bruk ekte vossauttrykk. Går du på pub ein kveld, kan du kjøpa deg «Natabjødn» eller «Ljos kos». Fleire av dei som brukar nynorsk medvite, er til og med innflyttarar frå typiske bokmålsområde.

AT MYRKDALEN Fjellandsby no også har vedteke å bruka a-ending i infinitiv, i staden for e-ending, er eit nytt steg vidare. På Voss seier me «å lesa», ikkje «å lese», og å bruka det som ligg tettast opp mot talemålet, er rett. At skuleelevar på Voss lærer å skriva e-ending i infinitiv, vitnar om språkleg medvitsløyse hjå norsklærarane. Kvifor ein del elevar på Voss skriv e-infinitiv, står fram som eit mysterium. Om skulane er i tvil, bør dei no sjå til Myrkdalen Fjellandsby.

MANGE AV DEI som gjer det godt i bygda, ser ut til å vera meir medvitne enn gjennomsnittet på bruken av nynorsk. At unge krefter i mange tilfelle har gått i bresjen for å bruka nynorsk og vossauttrykk, gjev grunn til meir optimisme for framtida, både på språket og bygda sine vegner. Identiteten og særpreget som er bygt opp kring vinnarkulturen i bygda, vert i dag fyndig avspegla gjennom nynorsk og lokal dialekt.