annonse

Å gå i seg sjølv

HELGETANKAR
HELGETANKAR: Av Magnar Haaland. (Foto: Ingerid Jordal)

Det å tru på Jesus er meir enn å vita om at det for kring 2000 år sidan levde ein snill mann som gjorde fine ting og sa mykje bra.

Det er adventstid. I tidlegare tider tydde det at ein skulle fasta. Faste handlar ikkje berre om å eta og drikka mindre, men det er og ei tid for ettertanke om eins eige forhold til Gud. Lever eg rett, handlar eg rett. Gjer eg mi plikt mot Gud og andre, og kva pliktar eg som medmenneske og kristen. Eg skal òg gjera bot.

Ein bussjåfør og ein prest kom samstundes til perleporten. Presten hadde levd eit roleg, stilt og fromt liv og aldri gjort ein katt fortred. Bussjåføren var derimot ein landevegens skrekk, for både passasjerar og medtrafikantar. Dei døydde samstundes og kom til perleporten. Bussjåføren vart motteken av St .Peter sjølv med hornmusikk og fanfarar, han fekk òg fekk full omvising i himmelen og vart personleg introdusert for Vår Herre. St. Peter kom attende etter eit par timar og sa til presten: «Du får no sleppa inn, du og». Då var presten passe irritert og klaga si naud til St. Peter og sa: Her har eg tent deg trufast i eit langt liv, medan bussjåføren du viste slik ære, han var ein slask som berre gjorde ugagn og så slepper du han inn før meg og let meg venta. Då svara St. Peter: «Når du preika så sovna folk, men når han køyrde buss, bad sjølv heidningane.»

Denne vesle soga reiser nokre spørsmål. Kva sjølvbilete har me, og kva må til for å finna rettferd hjå Gud?

Bibelteksten sundag har to hovuddelar. Døyparen Johannes refsar folk si vanetru og den er òg eit vitnemål om Jesus. I den fyrste delen kallar Johannes folk til omvending. Johannes vil at dåpen skal vera meir enn ei symbolhandling. Han vil at menneske skal ha samsvar mellom liv og lære. At trua får konsekvensar for korleis me møter andre menneske og Gud.

Det å tru på Jesus er meir enn å vita om at det for kring 2000 år sidan levde ein snill mann som gjorde fine ting og sa mykje bra. Det handlar om å tru på han og å fylgja han. Johannes snakkar om at me må visa frukt som syner at me er omvende og konkretiserer dette med at me skal syna nestekjærleik.

Tru skal visa seg i kjærleik. Det er draumen. For eigen del får eg det ikkje til på den måten eg ynskjer. I samtalar får eg ofte høyra innvendingar mot andre kristne at dei ikkje lever slik dei burde. Det gjer nok diverre ikkje eg heller. Det er det som er synd. Det at eg sviktar Gud og min neste.

Det var difor Jesus kom til jorda. For å gje oss høve til å starta om att og om att. For å frelsa oss, slik at sjølv heidningane kan få koma til Gud å be om tilgjeving. Då folket spør Jesus: «Kva gjerningar er det då Gud vil me skal gjera?» Jesus svara: «Dette er den gjerninga Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.» Joh 6,28-29

Så er det trua på Jesus som gjev evig liv. La oss i adventstida førebu oss på Jesus kome og attkome og takka for trua til det evige liv.

Magnar Haaland

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.