annonse

Aasmund Olavsson Vinje fann livet mellom folket og i naturen

FØDD I 1818
FØDD I 1818: I år er det 200 år sidan Aasmund Olavson Vinje vart fødd. Han har skrive fleire av våre nasjonalskattar. (Foto: Litografi frå 1914, publisert i «Vore Høvdinger 43»/Trondheim byarkiv)

Gjetaren tok seg ein blund, han korkje høyrde eller såg. Men då kom Blåmann, som ville ha han med på leiken sin.

  • Ort For Folk å Gjeva Seg.

Slik var det òg med Aasmund Olavsson Vinje, fødd for 200 år sidan i Vinje i Telemark. Han ville og vekkja opp folk. Til det brukte han mangfaldet.

Han var lyrikar, som då han skreiv om Blåmann. Han skreiv reiseskildringar om og for folket, då han reiste i delar av landet. Han var bladfyk, og skreiv om daglegdagse hendingar. Så gav han ut sitt eige blad, Dølen, der han ikkje berre skildra det han såg, men drøfta som sosiolog eller folkelivskildrar korleis folk livde og hadde det.

Han skildra reise på nybygd jernbane, eit framsteg i Noreg på 1850-talet. Kongekruning fekk han også med seg i bladet sitt, og kanskje ikkje minst dei storslegne dikta om norsk natur, treffande, storfelte og samstundes attkjennande. Den Norske Turistforeining er 150 år i år, og dei har mykje å takka Vinje for med fire veker i fjellet kvar sommar i (Ved) Rondane og i Jotunheimen, som fjellområdet heiter etter han.

Det bar til bladet

Vinje var fyrst utdanna som lærar, og underviste nokre få år. Så kom han i gang med juss, vart juridisk kandidat i 1856 og så fekk turvande papir på at han var overettssakførar året etter. Den formelle utdanninga var altså den beste, både som pedagog og jurist. Men han hadde skrivekløe.

I studietida skreiv han i det satiriske vekebladet Andhrimner og eller var han knytt til Drammens Tidende. I denne tida skreiv han på riksmål for det meste, men då han starta sitt eige blad, Dølen, i 1858, så vart det landsmål, den fyrste avisa i Noreg på dette språket.

Han tøygde norma til Ivar Aasen slik han fann det for godt, ikkje minst med innslag frå talemålet sitt frå Telemark, men òg med nyskaping av ord. Aasen sa ikkje vondt om det, han skreiv også i Dølen av og til og tykte stor mon i tiltaket til Vinje.

Flogvitet

Vinje vart kalla flogvit, for han hadde ei grundig utdanning. Denne nytta han i skrivinga si i Dølen. Han får lite rosande omtale for korleis han tok seg ut eller bar seg åt, til dømes av Vetle Vislie, forfattar og skulemann frå Telemark. Klebunaden var for å ha klede: Korleis dei såg ut, var ikkje viktig. Han var lang og hengslete, og for fram etter det. Forfattaren Vetle Vislie er vel kan henda den som skildra han best. Men Vinje skifte ikkje klebunad eller åtferd av den grunn.

Han var mykje meir oppteken av det som hende, kvifor det hende, og korleis ting kunne endra seg. Han «grov» på folket med si «klauv», fekk fram mange ulike ting, drøfta dei inngåande og forklarande at det mest synte att at han var ein god pedagog, vart det hermt om han.

I Dølen kunne han nytta flogvitet sitt. Det kom noko nytt og frisk i norsk presse, eller som det står i diktet Tytebæret; «Du kan kjenna svaledrykken av mitt blod!»

Dette vann han på, det vart eit forfriskande språk, same om han tok utgangspunkt i politikk, kvardagshende, ei bok eller anna. Han skreiv frittståande, nærast som ein essayist om mangt, og det var rikeleg med fabuleringar eller filosoferingar, men likevel i ei munnleg kåsørform. Vanskelege tenkje- og talemåtar var skrivne forståeleg for lesarane. Her er det noko å læra den dag i dag!

I Dølen var alle emne oppe, alle stader han for til, folk han møtte, levemåten til folk og mykje meir. Men når det kom til drøftingane hans, ser me han skifte meining ofte. Menge kalla han for tvisynt, og truleg med rette. Når ein grundig skal tala for og imot, så må i alle fall to syn fram. Når han dertil skifte syn rett som det var, kan ein vel seia at det var viktigast for han å få folk til å tenkja enn å læra dei kva dei skulle tenkja. Han var ein frifant som folkeopplysar.

I 12 år

Han gav ut Dølen frå 1858 til 1870 i åtte årgangar, altså med litt ujamne mellomrom. Ferdaminni fraa Sumaren 1860 er vel kanskje det mest kjende innslaga her.

Denne turen skriv han om i tilleggshefte til bladet i 1861, fyrst om ferda til kongekruninga av kong Karl 15. i Nidarosdomen, og så ferda nedatt i neste tillegg. Det er teke med mykje frå desse skildringane, mellom anna i norske lesebøker opp gjennom åra.

Det han får med her, er med på å få innsyn i Vinje sine tankar og opplevingar. Me ser kva han bit seg fast i mellom folket og folkedjupet. Dette er rett og slett eit portrett av Vinje. Gode portrett kan ein læra mykje av, og attpåtil får ein med samtida frå natur, kultur og økonomi her.

Poeten

Leitande etter Blåmann, heitte diktet opphavleg i 1860, som seinare fekk fleire strofer og vart heitande Blåmann for alle. Gjetarlivet kjende han som barn, sameleis slitet på husmannsplassen han voks opp.

KRONIKK
KRONIKK: Av Arne Skjerven. Foto: Privat

Du gamle mor fortel også om slitet, både til mor og stemor. Men like fullt: Kjærleiken skildrar ungkaren finare enn mange i Den dag kjem aldri når eg deg gløymer. Så var det naturen då med «Våren» og «Ved Rondane», som har vorte til nasjonalskattar, ikkje berre i ord, men og med tonar av Edvard Grieg.

Mange av dikta han kom fyrst i Dølen, men han gav i tillegg ut to diktsamlingar. Så skreiv han det store eposet Storegut i tillegg – om ein far Olav med ein kjempesterk son – som døydde så altfor tidleg. Her er nok grunnhåtten frå folkelivet heime i Telemark.

Vinje var nok ein av dei mest folkekjære lyrikarane me har hatt. Det gjeld så vel emneval, innhald og utforming, same om det gjeld naturen, kjærleiken, elles ei av dei oppgåvene han målbar mest: Kunnskap skal styra rike og land.

Fleire titlar

Mange har skrive om Vinje. Lars Roar Langslet og John H. Hydne kallar han ein villmann, vismann og vegvisar. Olav Vesaas nemner han som ein tankens hærmann. Så han er altså ikkje berre Blåmann. Så har han fått bukken inn i kommunevåpenet for Vinje og Vinjestogo står der.

På Eidsbugarden i Jotunheimen er Vinjebue og eit steinrelieff av han. No kjem Vinjesenteret i Vinje avla av Norsk kultursentrum og med støtte frå statsbudsjettet for i år, takka vera Ventre og Kristeleg folkeparti. Også i Haugesenteret i Ulvik er det utstilling av denne aktuelle høvdingen.

I diktet Tytebæret, siste del, finn me Vinje slik han var:

Her i frå du må meg taka

moge bær er utan ro.

Mal meg sund, at du kan smaka

svaledrykken i mitt blod!

Mognar du, så vil du beda

just den same bøn som eg.

Mogen mann det mest må gleda

Arne Skjerven

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.