annonse

Den gode hyrde!

HELGETANKAR
HELGETANKAR: Av Mgnar Haaland. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

På gardane kring om, der dei har smale, er ein i byrjinga av lemminga. For dei bøndene så vert det lite svevn desse vekene.

Til alt hell så går naturen sin gang som oftast, men stundom treng sauen hjelp for å få ut lammet. Då er det godt at det er ein som vaker over dyra og ser til at alt går vel. Sauene treng tilsyn, så dei får mat og drikke og har det bra, og seinare når dei er i fjella, på beite, klarer dei fleste seg godt sjølv, men ein bonde vil likevel sjå etter smalen sin med jamne mellomrom. Dei vert ikkje overlatne til seg sjølv.

Jesu fortel ei likning om å passe på sauefloken sin. Om kvelden tek hyrdingen dyra inn i ein sauekve, eller innhegning. På Jesu tid var det vanleg at dei samla smalen om kvelden innafor eit gjerde, ei innhegning. Der var dyra lette på passe på, sjølv om det var mørkt. Dette var med å verne dyra mot ville dyr og tjuvpakk. På den måte fekk dyra kvile trygt. På dagtid leidde gjetaren dyra ut til områder med friskt gras og godt vatn, slik fekk dei næring. Også på dagtid vakta han dyra mot ville dyr og farar. Han samanliknar seg sjølv med den gode hyrdingen som vernar om flokken sin. Vi er flokken.

Jesu minner oss på om at ikkje alt som ropar og kallar på oss er av det gode. Det er naudsynt for oss å kunne skilje. Han seier at sauene kjenner røysta til hyrdingen. Kjenner vi den? Her er mange røyster som vil leie oss vill.

For mange år sidan skulle sjå etter saueflokken til onkelen min, medan han var på reise. Det gjekk dårleg. Dyra kjende ikkje meg. Då eg nærma meg, så sprang dyra, endå kor mykje eg prøvde å lokke dei, med kraftfôr og lokkeing. Vi må lære å kjenne den gode hyrdingen si røyst.

Jesus vil at vi skal ha det godt. Han vil at vi skal kome til han. Han seier at han er porten. Biletet om sauekvea går ikkje berre på det komande livet i æva, men og på det livet vi lever no. Jesu vil at vi skal kjenne oss trygge hos han, her og no og ikkje berre i æva. Det er ikkje det same som at vi ikkje kjem til å møte vanskar i livet, for det møter vi, han vil likevel vere nær oss.

I tillegg for liva våre no har han og ynskje for vår evighet. Han vi at vi skal leve med han for alltid. Det er difor viktig å kjenne den gode hyrdingen si røyst. Då slepp vi å verte leidde på avvegar. Då får vi vere i hans flokk. Han vil vakta oss gjennom livet og fram til æva.

Du får komme som du er. Her er det ikkje krav til å vere den flinkaste sauen i flokken, men å søke å lytte etter Jesu røyst og å fylgje etter han.

På skjærtorsdag sa Jesus til læresveinane at han har lengta etter å ete saman med læresveinane før han skal lide. Dagens tekst handlar og om Guds lengsel etter å vere saman med oss. Rett nok er utgangspunktet for denne teksten heilt annleis. Her er Jesu poeng at han ynskjer å verne oss mot det vonde slik at vi alle kan nå fram til det evige liv i himmelen hos han. Han har i sitt ord sagt at han vil vere med oss alle dagar, både gode og dårlege.

Magnar Haaland, sokneprest i Ulvik og Granvin

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.