annonse

Derfor rykte Fbk Voss ned

TØFF JOBB
TØFF JOBB: Bjarte Bergstrøm har ikkje hatt så mykje å jubla for i år. Men skulda for nedgangen må delast på mange fleire. (Foto: Ørjan Brattetveit)
KOMMENTAR
FOTBALLKOMMENTAR: Av journalist Ørjan Brattetveit. (Foto: Siri Flatlandsmo)

Bjarte Bergstrøm får mykje pepar for at Fbk Voss rykkjer ned til sitt lågaste nivå nokosinne: 5. divisjon (nivå 6). Men årsakene til nedrykket er mange – og hovudårsaka er fleire år gammal.

Ørjan Brattetveit

Frå 2005 til 2010 var Fbk Voss sitt herrelag med i kampen om opprykk til 2. divisjon nesten kvar sesong. I 2005 slo eit pengesterkt Askøy Voss i opprykkskampane på hausten. Så kom Arne Førde til klubben, og sjølv om han aldri førte laget til avdelingssiger og opprykkskamp, var laget med og kjempa om retten til opprykk og gav publikum spennande haustsesongar. Men då ein ikkje nådde opprykk i 2008, førte eit lågmål av eit spelaropprør til at Arne Førde ikkje heldt fram som trenar.

Petter Fossmark overtok trenarjobben i 2010-sesongen. Og debutsesongen var eit glimrande år. Laget vann avdelinga, Smalahoveberget jubla og Voss spela opprykkskampar mot Austevoll. Det enda med tap, og her byrja også nedgangen for klubben.

Fotballklubben har snakka mykje om spelarutvikling. At dette er det viktigaste – at ein ikkje berre skal sjå på resultata. Då er det direkte pinleg at det nettopp er på desse områda klubben­ har svikta. For A-laget skal vera ein motor i klubben. Om det så er for å rykkja oppover i divisjonssystemet eller som utviklingsarena for gode unge spelarar.

Den viktigaste årsaka til at Voss dei siste åra har opplevd to nedrykk, er at ein under Petter Fossmark si regjeringstid la ned Voss 2. Ei stund hadde Voss lag både i 3. og 4. divisjon, i tillegg til juniorlag. Kvaliteten var god, og breidda var imponerande­. Unge spelarar på veg opp hadde fleire nivå dei kunne­ prøva seg på. Då 2. laget vart lagt ned og motgangen kom, opplevde klubben spelarflukt. Borte var breidda og borte var arenaen for unge spelarar på veg opp.

Ei anna viktig årsak til nedrykket i år, er sjølvsagt divisjonsomlegginga. 4. divisjon i år har same nivået som 3. divisjon hadde tidlegare.

Korleis klubben takla trenarspørsmålet i 2008, og korleis ein let Fossmark & Co rasera dei unge sin utviklingsarena, vitnar om ein klubb utan bein i nasen og utan klar politikk på kva fundament ein skal stå på. Etterdønningane av dette, har Bjarte Bergstrøm kjent på kroppen i år. Fleire årgangar med spelarar forsvann, og dagens A-lag er nesten eit juniorlag.

Kunne så Bjarte Bergstrøm ha gjort noko annleis undervegs i år? Sjølvsagt. Det viser hausten. Men Voss tok tak i situasjonen akkurat litt for seint. Bergstrøm sin offensive stil i store­ delar av hausten, viste at det bur mykje i spelarane. Voss vann plutseleg kampar og spela fin angrepsfotball. Og hadde termin­lista sett annleis ut, hadde kanskje laget klart jobben. Men med dei tre beste laga, Loddefjord, Øystese og Arna-Bjørnar, etter kvarandre i haust, vart kampprogrammet for tøft.

Men dei gode opplevingane i delar av haustsesongen, må Voss ta med seg. Målsetjinga må vera opprykk i fyrste sesong. Det vert rasande moro med oppgjer mot Vaksdal og Dale, men Voss høyrer ikkje heime på nivå med desse klubbane. Der skal Voss 2, som kom tilbake for få sesongar sidan, vera.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.