annonse

Digital detox?

MINDRE LEIK NO
MINDRE LEIK NO: – Før måtte me gå til kvarandre for å spørja om me skulle vera i lag. I dag er eg redd for at den spontane leiken vert øydelagt og at den oppveksande generasjonen går glipp av ein viktig verdi, skriv Gunn Marit Bergstrøm. (Foto: Ingerid Jordal)

Samhandling – interaksjon, ord som skildrar samspel eller vekselvirkning mellom to eller fleire aktørar som handlar med kvarandre. Direkte kommunikasjon.

Tale, kjærteikn, ansiktsutrykk.

Felles for desse er at dei opprettheld og utviklar forholdet mellom partane. Men samhandling føreset ei viss grad av gjensidighet.

DEN GODE SAMTALEN er berebjelken i ein god mellommenneskeleg kvardag.

Kva skjer med parforhold, familiar,vennskap og arbeidsmiljø om me aldri tek oss tid til den gode samtalen? Korleis blir forholdet mellom mellom foreldre/barn, lærar/elev, mann/kone eller vennskap om ein ikkje tek seg tid til dette?

Mangelen på denne kvardagskommunikasjonen får fram tvilen i oss. Sjølv om me veit med logikken vår at me er likeverdige og gode nok, treng me alle bekreftelse. Jamlege positive bekreftelsar.

Kva er så årsaka til at eg tek opp dette temaet?

Jau – fordi eg ser at samfunnet vårt og omgjevnadene vert meir og meir digitaliserte. Den gode samtalen vert bytt ut med skjermfokus som Mindcraft, Sims, Playstation og andre nettstader. Me kommuniserer via Facebook, messenger og SMS. Me sit på utsida og ser inn på livet til menneske me ynskjer samhandling med, og vurderer korleis den andre har det. Fordi dei smiler og ser ut til å ha det topp på Facebook, så sit ein utafor gjerdet og gjer sine analysar. Ein vel kanskje å unngå å ta kontakt for «den andre» ser ut til å leva sitt eige «perfekte» liv, medan ein sjølv kjenner seg mislukka, lite interressant. Det samme skjer ved tolking av SMS`ar og skriflege beskjedar, der ein ikkje ser mottakar/avsendar sin reaksjon. Mange vurderer sin eigen verdi opp mot talet på likes, smilefjes, hjartemeldingar, kanskje spesielt mellom dei unge.

ME SOM VAKS opp før data-alderen, veit at livet er sett saman av meir enn det ein viser på Facebook/Instagram/Snap. Men kva med borna våre – som veks opp med denne skjermen og tenkjer at livet er det som skjer der? Korleis lærer dei å kommunisera på ein ordentleg måte? Via tosidig kommunikasjon? Eller via forkortingar på FB og talet på likes?

NOTIDA
NOTIDA: Lærer me å kommunisera via forkortingar på Facebook og talet på likes? Foto: Ingerid Jordal

TROND HAUKEDAL HAR i ei bok skrive «Faren med at samfunnet vårt vert meir og meir ytre orientert, er at me endar opp med å leva saman med ein person me ikkje kjenner. Dei personlege kvalitetane våre og det indre landskapet vårt vert ukjente. Me mister oss sjølv.»

Kva skjer med kvar og ein av oss om me mister den nære relasjonen til kvarandre? Kva fekk me av verdi me som vaks opp før sosiale media, ting som våre born no går glipp av?

Kva gjorde det med oss når nokon ringte på døra og spurte om me ville vera med ut å leika? Når me i samla flokk spelte slåball, fotball eller leikte cowboy og indianar?

Før i tida måtte me gå til kvarandre for å spørja om me skulle vera i lag. Du kunne ikkje bli køyrt, ringt til eller senda sms om det høvde å finna på noko, noko som opna opp for å vera spontan.

EG ER REDD for at den leikande spontane leiken vert øydelagt og at den oppveksande generasjonen går glipp av ein viktig verdi. I tillegg set eg spørsmålteikn kva det gjer med den fysiske biten av mennesket med tanke på kroppshaldning og muskel- og skjelettapparatet.

Frå å vera eit oppreist menneske er me på veg til å verte eit «krumbøygd» folkeslag der hovud og nakke er framføre kroppen i staden for på toppen av hovudet, og alle får store, breie rumper då dei vert mest brukte til å sitja på. Me må koma oss opp og ut av godstolen, løfta blikket frå skjermen og koma oss ut. Samvær gjev glede og utviklar oss både sosialt, verbalt og tankemessig.

EG OPPDAGA NO nyleg at eg er blitt digitalt avhengig. Etter at eg gløymte igjen telefonen min i feriehuset mitt og måtte vere fråverande både tlf, snap og messenger i 48 timar, kjente eg i starten på både abstinenskjensle, kjensla av å mista kontroll og oversikt. I tillegg syntest eg det var ubehagelig at eg ikkje fekk svara når folk prøvde å få tak i meg!

For kva skjer om me sender melding/ringjer til nokon og ikkje får svar innan kort tid? Me skal jo helst vera på 24/7?

Etter at den verste abstinenskjensla hadde lagt seg og eg hadde innfunne meg meg situasjonen om å vera utilgjengeleg via telefon, oppdaga eg at eg vart veldig avslappa og meir nærverande for dei rundt meg!

Eg trong ikkje å sjekka telefonen 100 gonger om dagen, eg var meir til stades og eg kjende ei meir indre ro. Så om andre har det som meg, kan det vera lurt med ein DIGITAL DETOX! Kanskje du ikkje veit at du er avhengig før du skal prøva deg utan – slik som eg brått vart gjort merksam på!

Ein vane kan berre endrast fyrst når du vert gjort merksam på at du har ein uvane og du oppdagar at denne vanen ikkje er bra for deg. Då kan du verta motivert til å gjera ei endring.

ER DU EIN av dei som ynskjer å slå av telefonen, Facebook eller messenger ei stund? Heller byta ut litt av tida til sjå dei du har rundt deg, bruka tida på å vera saman og kjenna på at me er saman og nær kvarandre? Ta deg tid til å romma deg sjølv og andre for alt det ein er? Våga å sjå kvarandre i augo og utføra den gode, nærande samtalen?

Eg fryktar at dess meir samfunnet vårt vert digitalisert og påkopla, dess større er faren for at me vert meir ytre orientert og endar opp med å leva saman side om side – UTAN blikkontakt og mest opptatt av talet på likes på Facebook.

Gunn Marit Bergstrøm, fysioterapeut

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.