annonse

Eg veit ei bygd

VOSSINGEN UTFALDAR SEG
VOSSINGEN UTFALDAR SEG: – Voss har vakse dei seinaste åra som fylgje av dei mange rekreasjonsmoglegheitene naturen gjev. Voss er eit eldorado, skriv Lars Mossefinn og trekkjer Bømoen inn i det perspektivet. (Foto: Vidar Herre)

Voss er ei bygd både i namnet og gagnet, skriv Lard Mossefinn i dette innspelet.

Medan andre små tettstader likar å brikja med bystatus, ville Voss vera brydd med det same. Den kollektive identiteten vår har små innslag av urbanitet. Me er bygdefolk og stolte av det – til tider i overkant stolte.

ME ELSKAR DEI lange, leine liene som fell frå fagre fjell i dalen ned. Naturen er vår felles katedral. Om du prøver å skipa til ein matiné-konsert ein godvêrslaurdag i september, ber du om glissen sal og underskot. Tru meg; dette veit eg alt om. Hausten er tida då vossingen utfaldar seg som det bygdedyret det er. Då er det eit blåbær- og molteplukkande, eit sopp- og sauesankande utan like.

Greier du ikkje halda tritt, er det berre å kopla seg på Facebook eller Instagram. I løpet av hausten er kvar ein knaus og koll, kvar ein bekk og kvart eit tjørn i Vossaveldet avbilda i både morgon- og kveldssol.

VOSSINGEN LIKAR LANDSBYEN sin. Han kan nyta ein caffè latte på fortauskanten. Under Vossa Jazz og på 17. mai kan vossingen til og med ta seg ein pils i full offentlegheit før sola har stått opp over rånokken. Vossingen elskar festivalane sine berre det blir nok fest og litt mindre ival, men fullblods urbanist er vossingen ikkje.

Vossingen brukar ein formue på allvêrsjakker som pustar og pesar, joggesko som dempar suter og sorger og ullundertøy som ikkje klør. Vossingen satsar pengane sine på Bergans, ikkje Bâtard-Montrachet. Dei som vedkjenner seg mellomalderens maksime «byluft gjer fri», får heller ta turen til Flesland og vidare dann og vann.

OM DU TRUR ekstremsportutgåva av vossingen skil seg merkande frå sjølve arketypen, må du tru om att. Også desse friskusane har den same grunnleggjande kjærleiken til naturen som sjølve urvossingen. (Urvossingen må ikkje forvekslast med den mekaniserte vossingen. Sistnemnde trur at naturen først har verdi etter eit ublidt møte med ei gravemaskin.)

Den fascinerande kombinasjonen av og interaksjonen mellom natur og folk har fungert og vil fungera som ein magnet. Voss har vakse (om enn sakte) dei seinaste åra som følgje av dei mange rekreasjonsmoglegheitene naturen gjev. Voss er eit eldorado, og politikarane si fremste oppgåve som planleggjar er at slik skal det også vera i framtida.

BØMOEN ER EIN viktig del av dette eldoradoet. Terskelen inn i Bømoen er låg for alle grupper. I Bømoen kan du gå på ski i opparbeidde løyper eller jogga på berrmark i dei same traseane, men du kan også ta deg inn i furuskogen og på ein augneblink vera midt i eventyret. Bømoen er for han med Fischer Europa99 ski med stålkantar, gamle Rottefella-bindingar, beksaumstøvlar, ein falma anorakk, sjaskete bukser og den eldste av alle universalsmurningar, nemleg ingenting til ho med skøyteski, sko med høgt skjefte, rosa panneband, Tommy Hilfiger-solbriller og tettsitjande treningsdress. Bømoen er for alle.

Slik må det også vera i all framtid. No må Voss utviklast planfast frå vest mot aust. Sentrum må fortettast, og så må enkelte politikarar læra seg skilnaden mellom fortetting og forslumming.

Når så K5 kjem med veg og bane, og det kan ein sjølvsagt vona på sjølv med blåblå regjering, må busetnad på Bolstad og Evanger prioriterast.

FOR FEM-SEKS ÅR sidan opplevde Noreg rekordvekst i folketalet. Berre land som Tyrkia, Luxemburg og Kypros var føre oss på statistikken. Høg arbeidsinnvandring kunne gje grunnlag for ei folketalsframskriving som skulle tilseia at det kunne vera realistisk med ei dobling av folketalet på Voss i løpet av eitt til to tiår. Seinare fall oljeprisen til 25% av toppnoteringa, og svenske kelnerar reiste heim att og fann seg arbeid i heimlandet. Hovudalternativet i folketalsframskrivinga frå 2016 skulle tilseia eit folketal på knappe 20.000 i 2060 om folketalet på Voss veks proporsjonalt med landsgjennomsnittet.

At kommunestyret seier nei til bustadbygging i Bømoen, gjev von for framtida. Det gjev von om at Voss kan utvikla seg i pakt med identiteten sin. Eit slikt nei er nemleg eit ja til dei verdiane Voss skal byggja framtida på.

Lars Mossefinn

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.