annonse

Ei sterk oppmoding

MANAR TIL NETTVIT
MANAR TIL NETTVIT: – Alle som er aktive på sosiale media, alle som samhandlar med andre, har eit grunnleggjande ansvar for at me tek vare på kvarandre, seier Hans-Erik Ringkjøb. I innlegget tek han eit oppgjer med ein gjennomgåande svært ugrei tone og språkbruk på sosiale media. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Innlegg av ordførar Hans-Erik Ringkjøb halde under siste kommunestyremøtet før jol torsdag.

I dag har eg òg lyst til å nytta tida mi her på talarstolen til å seia nokre ord om nettvit og mangel på nettvit. Det er gjennomgåande ein svært ugrei tone og språkbruk på sosiale media.

Og, gode kommunestyre, undersøkingar viser at det er vaksne som er verst. Me som lærer og jobbar for å få slutt på mobbing og sjikanering, me lever ikkje alltid etter dei same reglane sjølve.

Det er lett å hiva seg på tastaturet og karakterisera personar fordi dei meiner noko anna enn deg. Det er altfor lett å oversjå når nokon vert handsama dårleg. Sosiale media legg ikkje noko press på deg til å ta eit oppgjer med det som ikkje er bra. Det er lettare å scrolla vidare nedover. Tenkja at slik er det. La det gå.

For ingen ser at du er på, ingen veit kva du har lese, ingen kan klandra deg etterpå for at du ikkje tok til motmæle. Ofte er det eine og åleine opp til oss sjølve – vår moral, kva me meiner er ok eller ikkje ok.

Kvar og ein av oss kan setja ein standard. Alle som er aktive på sosiale media, alle som samhandlar med andre, har eit grunnleggjande ansvar for at me tek vare på kvarandre. Og, me som er dei øvste folkevalde på Voss, bør ta eit ekstra ansvar.

Og, me som er med i politikken skal tola like lite hets og nettmobbing mot andre som mot mine eigne.

Det handlar om prinsipp og haldningar. Me handsamar kvarandre med respekt og verdigheit.

For kva skjer om me let vera? Jau, då er det andre som får fritt spelerom, då er det andre som kan herja som dei vil. Me må imøtegå dei som ikkje løftar fram gode haldningar. Og, som øvste leiar i Voss kommune veit eg kva dei tilsette i Voss kommune og kommunen sjølv av og til kan få av tilbakemeldingar. Eg veit kva enkelte ordførarkollegaer i andre kommunar her opplevd. Svært mykje er med rette, kritikk for at me skal bli betre, gode råd på vegen, det tek me med oss. Men å karakterisera, latterleggjera, og diskreditera er ikkje vegen å gå for å koma vidare, det kan vera direkte øydeleggjande.

Når folk skriv at dei ønskjer at andre medmenneske skal «brenna i helvete», når folk karakteriserer andre som svin eller apekattar, eller når folk skriv at Hipp hurra når rådmann i Voss har blitt einig om ein sluttavtale – for å seia det slik, dei aller fleste hadde blitt såra, eg hadde blitt såra, rådmannen vert såra – så difor blir det for meg heilt feil. Kva oppnår ein med slikt?

Nokon gonger kan det vera mobbing, andre gonger vert det hets og sjikanering. Då har nokon gløymt at dei snakkar til og om andre menneske. Då har dei gløymt respekt og verdigheit. Og, dei taper si eiga verdigheit. Då har dei gløymt at born og unge les dette. Då har dei gløymt å vera eit førebilete.

Eg vil ikkje dit, eg vil ikkje at me som vossasamfunn skal dit, eg vil at me skal byggja opp, ikkje riva ned, eg vil at me skal samhandla, ikkje splitta, me skal strekkja ut ei hand, ikkje snu ryggen til. Eg vil at de, i lag med meg tek eit oppgjer med nettmobbing, uansett kven som vert råka av det.

Det er greitt å vera usamd, men ta ballen, ikkje mannen. Det skal vera nulltoleranse når det gjeld mobbing, også på nett. Her kan alle me gjera ein skilnad.

Det var jolahelsinga mi i år – med von om at det kan koma noko godt ut av det.

Hans-Erik Ringkjøb, ordførar

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.