annonse

Ei utruleg oppleving

HELGETANKAR
HELGETANKAR: AV Annlaug Halvorsen Engmark. (Foto: Privat)

Kva er det med oss som lever tett inntil fjella og dreg opp på dei når me kan. Å stå på ein fjelltopp med vid utsikt kan vera ei mektig oppleving.

I bibelteksten tek Jesus med seg tre av læresveinane sine, Peter, Jakob og Johannes opp på eit høgt fjell for å vera åleine med dei. Eit stort under skjedde. Jesus vart forvandla til ein guddommeleg skikkelse med dei kvitaste kleda dei hadde sett. Elia i lag med Moses, som er omtala i Det gamle testamenet, viste seg for dei og Elia og Moses tala med Jesus.

Midt oppe i dette seier Peter at dei kan jo byggja tre hytter oppe på fjellet. Læresveinane vert gripne av frykt, og då er det Peter seier dette jordnære forslaget. Ei sky kom så over dei og dei høyrde røysta frå himmelen «Dette er son min, han som eg elskar. Høyr han!».

At det var Moses og Elia dei fekk sjå i eit syn på fjellet, kan vera at Moses representerte Moselova og Elia profetane. Men med Guds ord om å høyra Jesus vart dette eit syn på at Jesus var Messias som dei no skulle høyra på.

På veg ned i frå fjellet forbaud Jesus Peter, Jakob og Johannes å fortelja til andre kva dei hadde opplevd oppe på fjellet. Kvifor, kan me tenkja, for ei stor hending som dette måtte dei jo få fortelja om. Men nei, Jesus ville ikkje at dette skulle koma folket for øyra før etter hans død og oppstode. Situasjonen me høyrer om er rett før påskehøgtida. Jesus veit at døden hans er nær.

Jesus ville visa dei at han var ikkje ein politisk leiar som ville styra med makt og ære. Han ville ikkje verta ein konge som tok liv, men som gav sitt liv for mange. Difor skulle denne hendinga verta omtalt etter Jesu død slik at læresveinane betre skulle skjøna Guds plan. Jesus var og er Messias som det alt i frå Det gamle testamentet var profetert om.

God helg!

Annlaug Halvorsen Engmark, diakon i Odda, Tyssedal, Skare og Røldal

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.