annonse

God og ansvarleg leiing

KRONIKK
KRONIKK: Av Jan-Erik Bernes Roe. (Foto: Anne Rivenes/Arkiv)

Leiing handlar ikkje berre om å leia ein organisasjon, men om noko så grunnleggjande som å leia seg sjølv i møte med eit anna menneske.

Det handlar om syna glede i lag med andre og vere genuint interessert i den andre. Vil eg læra noko nytt, må eg høyra ekstra godt etter når den andre seier noko som ikkje samsvarar med det eg tenkjer. Dersom eg klarar det, har eg lært noko nytt.

Det er mindre utfordrande å snakka med andre som har same meining. Då blir resultatet at det ikkje kjem fram ny kunnskap, men berre repetisjon av det ein veit frå før.

MANGE LEIARAR KLARER å skapa kortsiktige resultat og driva organisasjonen innan tildelte økonomiske rammer. Då får dei ofte ros hos arbeidsgjevar. Det å halda på og helst betra økonomien er heilt sentralt, men ikkje grunnlag nok til å konkludera at organisasjonen har god leiing. Når eg tenkjer leiing, så handlar det fyrst og fremst om å skapa gode relasjonar og få andre til å føla seg vel.

Eg har mange gongar tenkt på kvifor nokon ønskjer å gå inn i ei leiarrolle. Er det status, makt, høgare løn eller merksemd på seg sjølv som er drivkrafta?

Eg har møtt leiarar som har vanskar med å gjera medarbeidarane gode. Det kan vera mange årsaker til det. Det som i alle fall er synleg, er at desse strevar med å møta andre for å få til noko i lag, som eit felles prosjekt. Dei klarar ikkje å vere til stades for den andre, noko som er heilt grunnleggande for å få til ein dialog.

ORGANISASJONAR TRENG LEIARAR som klarar å sjå heilskapar og som er genuint interesserte i å gjera medarbeidarane gode. Slike leiarane klarar til dømes å gle seg over at medarbeidarane er mykje flinkare enn dei sjølve på ulike område og dei klarar å plassera seg sjølv litt i bakgrunnen. Dei løftar fram medarbeidarane ved suksess og tar sjølv ansvaret når det går dårleg.

Det er ikkje lett å finna den «rette» leiaren til ein organisasjon. Eg har inntrykk av at fokus i rekruttering av leiarar, har vore på faglege kvalifikasjonar og mindre på om vedkommande vil bli ein god leiar for medarbeidarane på den aktuelle arbeidsplassen.

Dei faglege kvalitetane er sjølvsagt svært viktige, men kven ein skal vera leiar for og kulturen på arbeidsplassen, må få endå større plass i rekrutteringa. Det er ikkje nok at den som er aktuell, syner til gode resultat frå tidlegare arbeidsgjevarar.

Sjølv om vedkommande har gjort gode jobbar tidlegare, er det ikkje sikkert vedkommande er den rette personen for akkurat denne organisasjonen. Relasjonane og kulturen i organisasjonane vil alltid vera forskjellige og ein ny leiar må alltid starta på nytt.

EG HAR ERFARING med at enkelte leiarar har store ambisjonar om å skapa svært store endringar på kortast mogleg tid. Når det skjer har, er det lett for at leiaren ikkje har medarbeidarane tilstrekkeleg med seg. Dei tilsette får ikkje eigarskap til leiaren sine prosessar og etter ei stund blir ulike prosessar vanskelege å gjennomføra.

Arbeidsgjevarar kan lett bli blenda av nye leiarar som vil veldig mykje på ein gong. Desse får ofte tura fram som dei vil over lang tid.

Det går så fort at medarbeidarane ikkje klarar å halda oppe tempoet. Målstyring blir det viktigaste og då er det lett å gløyma at leiing er eit komplisert lagspel.

KLOKE LEIARAR ER ikkje opptatt av posisjon, men relasjon. Dei har tenkjer heile tida på korleis organisasjonen kan utviklast gjennom medarbeidarane.

Det er heldigvis mange leiarar som bryr seg om medarbeidarane.

Desse prøver å få fram den totale kompetansen hos den enkelte. Totalkompetanse er «alt» ved medarbeidarane.

Eg tenkjer då på både formell og uformell kunnskap, haldningar, erfaringar og personlege kvalitetar. Alt dette heng saman og skapar ein heilskap.

I DAG ER det store krav til det å vera leiar. Det handlar om å kunna ta hand om mange ting. Går ein først inn i ei leiarolle, er det ikkje tilstrekkeleg å berre ta hand om dei oppgåvene ein likar best. Ein leiar må ta heile «pakka».

Dei beste resultata kjem når dei tilsette opplever trivnad, når dei blir sett av leiaren, høyrde, respektert og får utfordringar.

Det er eit stort ansvar å vera leiar og mykje trening må til. Alle medarbeidarar har krav på gode leiarar som ser den enkelte!

Jan-Erik Bernes Roe, Samtalerommet

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.