annonse

100 dagar att...

– KVARDAGEN HAR MELDT SEG
– KVARDAGEN HAR MELDT SEG: – Det som må har smerta den jamne Frp-ar mest, er at den rekordstore skatteletta ikkje har nådd folk flest, men dei rikaste, skriv Lars Mossefinn om perioden med Siv Jensen som finansminister. (Foto: Bjørn Inge Bergestuen)

Frp har noko til felles med ein dommedagsprofet i New York, meiner Lars Mossefinn.

Ein kjent forlagsmann i New York gjekk alltid den same vegen frå heimen til kontoret og attende.

Ein dag møtte han på ein mann med plakatar på mage og rygg som erklærte: «48 dagar att til verdas undergang». «Vend om! Vedkjenn syndene dykkar!», ropte mannen der han trakka fram og attende på hjørnet mellom 5. aveny og 57. gate aust. (Kvartalet har som kjent ei spesiell tiltrekking på tullingar.) Forlagsmannen var raskt attende i eigne tankar. 

Dagen etter var mannen der på same gatehjørne med plakatane, men no stod der «47 dagar att til verdas undergang». Flogvita mellom lesarane har alt forstått at denne dommedagsprofeten og forlagsmannen ville møtast dagleg ein del veker framover, og rett nok, fredagen den sjette veka stod mannen der med plakaten som sa: «4 dagar att til verdas undergang».

Sjølv om forlagsmannen verken var overtruisk eller spesielt religiøs, måtte han vedgå at han hadde tenkt på dommedagsprofeten meir enn ein gong den helga. Og då han nærma seg det spesielle gatehjørnet måndagen, registrerte han mannen på lang avstand, og plakaten sa med sin lagnadstunge logikk: «1 dag att til verdas undergang».

Tysdagen vakna forlagsmannen kl. 7.00 som vanleg. Han keik ut vindauga og kunne konstantera at om ei høgare makt hadde tenkt å la jorda gå under den dagen, så hadde ikkje vedkommande det travelt.

Etter morgonstellet og ein passe usunn frokost tok han på seg frakken, greip dokumentmappa og la i veg til kontoret. Etter eit kvarters gange var mannen på gatehjørna, og der var også dommedagsprofeten - med plakatane med telsten «48 dagar att til verdas undergang».

SPELER INN
SPELER INN: Lars Mossefinn. Foto: AP Voss

Eg kom i hug denne sannsoga då eg fylgde med på landsmøtet til Frp 5.-7. mai i år. Dette partiet var for fire år sidan som dommedagsprofeten. Dei lovde gull og fri eksos til alle! Så har kvardagen meldt seg for Jensen & co. Nedteljinga til D-dagen, som no er 100 dagar unna, har vore smertefull. Frp administrerer fleire bomstasjonar og byråkratar enn dei raudgrøne. Veksten i byråkratstanden har auka med 1018 sidan 2013, ein auke på 4,9 prosent. Frp skundar seg med å seia at dette er folk som jobbar i politiet, Nav og Statens vegvesen. Faktum er at sysselsetjingsveksten i dei ytre etatane berre har vore på 2,75 prosent.

Det som må har smerta den jamne Frp-ar mest, er at den rekordstore skatteletta ikkje har nådd folk flest, men dei rikaste, dei som fyller opp valkampkassa til partiet Høgre. Det kan heller ikkje vera særleg lysteleg for den jamne Frp-ar å registrera at dei samla avgiftene har gått opp med 3,8 milliardar under Siv Jensen. Den årlege veksten har vore om lag dobbel så høg som under dei raudgrøne.

Sjølv på eit typisk Frp’sk politikkområde som politi og nasjonal tryggleik er det i ferd med å gleppa. Dei skal gjennomføra ei politireform – med det nyspråklege namnet nærpolitireforma – som berre Politidirektoratet er nøgd med, og Riksrevisjonen har i klare ord og vendingar sagt «... at Forsvaret og politiet har manglende evner til å sikre viktige eiendommer, infrastruktur og samfunnskritisk virksomhet ved terror, sabotasje og kriser». (VG, 23.03.17).

Så bakpå er dei på feltet at forsvarsdepartementet måtte be riksrevisoren hemmelegstempla rapporten. Viss han blei offentleg, ville det svekka den nasjonale tryggleiken! Me får no sjå på det. Dagens næringsliv offentleggjorde nemleg rapporten 23. mars i år.

Ifylgje Frp er det paradisiske tilstandar i norsk kommuneøkonomi. Likevel har talet på kommunar som krev inn eigedomsskatt auka med 45 og tel no totalt 250. Skal Frp få ned dette talet må dei få fart på tvangssamanslåinga av kommunar!

Likevel let ikkje partiet seg hemma av den politiske tyngdelova. Dei pussar like godt støvet av eit ti år gamalt framlegg om å forby norske kommunar å skriva ut eigedomsskatt. 100 dagar att...

Lars Mossefinn

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.