annonse

Å gjera seg sjølv og andre gode

KONGEN SIN TALE
KONGEN SIN TALE: – Menneska er vår viktigaste ressurs. Me skal ha nulltoleranse for mobbing, var eitt av hovudsbodskapa i kong Harald sin nyttårstale. Gunn Marit Bergstrøm tek til orde for å vera gode medmenneske og lagspelarar. (Foto: Skjermdump NRK)

Kva kan me som enkeltpersonar og samfunn gjera for heller å gjera kvarandre gode og løfta kvarandre slik at alle yter sitt beste og viser seg frå si beste side? spør Gunn Marit Bergstrøm.

Nyttårstalen til kongen sette mennesket i fokus. – Mennesket er vår viktigaste ressurs, og me skal ha nulltoleranse for mobbing, sa han. Dette kan høyrast naivt ut, synest mange, for mobbing har alltid funne stad og vil aldri forsvinna, er argument eg har høyrt. Men er ikkje det ei enkel, lettvint og negativ haldning?

Skal me akseptera at det i det heile skal finna stad? Kva gjer du om du ser nokon som ikkje blir behandla fint, stadig blir hakka på, utestengt eller gjer noko fysisk eller psykisk mot nokon annan?

Seier du frå eller snur du deg vekk og let som du ikkje ser?

FRÅ DEN DAGEN me vert fødde, lærer me å tilpassa oss omgjevnader. Me lærer haldningar, tankemønster og handlingsmønster. Dersom du er van til at foreldra dine kjeftar og smeller, gjer kvarandre vondt fysisk eller psykisk, eller de sit ved middagsbordet og snakkar ned andre personer som ikkje er til stades, så lærer ein ungane at dette er heilt greitt.

Er ein derimot van til at ein kan vera ueinig med andre, men møter kvarandre med respekt og forståing, så lærer ein andre verdiar. Kva ein opplever vidare i barnehage, skule, arbeid og fritid er også med på å forma ein som menneske. Dersom ein opplever på fleire arenaer at ein ikkje strekkjer til, vert dette fort ei sanning for den det gjeld. Tankemønsteret vert prega og ein lagar seg sine sanningar inni sitt eige hovud.

Dersom ein vert avvist kanskje både på skulen og på fritida, får ein fort kjensle av ikkje å vere god nok, at ein ikkje høyrer til. Dette kan ein dra med seg vidare i livet og skapa problem for denne personen seinare. Difor er det mykje å vinna på alt i barndomsåra å læra seg korleis ein skal behandla seg sjølv og andre på ein god måte.

Tryggheit, respekt og forståing skaper gode rammer for at me som menneske vågar å vera oss sjølve. Møter ein på spydigheit, skrå blikk eller avvising og kjensle av at ein ikkje er inkludert, eller non-verbal kommunikasjon som syner at du er ikkje med, vil dette skapa utryggheit. Her kan det alt etter personlegdom og åtferdsmønster anten føra til konflikt eller at personen trekkjer seg unna.

Kva kan me som enkeltpersonar og samfunn gjera for heller å gjera kvarandre gode og løfta kvarandre slik at alle yter sitt beste og viser seg frå si beste side?

AKTIVE VALG ER ei flott bok skrive av Eftang/Bendiksen. Eg siterer her: «Alle individ står selv ANSVARLIG for konsekvensene av VALGENE sine. Da må de også få velge selv. Dersom omgivelsane setter målene for deg, er det ikke sikkert du tror nok på dem. Det blir ikke viktig nok å finne veien, spesielt når du møter på hindringer. Det å nå et mål er sjelden resultat av flaks. Det skjer ikke på slump. Det handler om å gjennomføre en prosess som er basert på valg. Disse valgene og denne prosessen kan gjøre vondt og være ubehagelig. Det betyr at du må tro at du kan velge, og tro på at du kan gjøre det du bestemmer deg for.»

Du må ha ein motivasjon for å gjera det du gjer eller ikkje gjer. Denne drivkrafta må koma frå ein stad. Du må ynskja å vera den beste utgåva av deg.

Dersom du seier at du ikkje gidd eller ikkje er motivert, er kanskje den næraste sanninga at du ikkje vågar.

DEI SOM ER gode på å byggja gode relasjonar og lag, veit at synergieffekten er viktig. Ein må fyrst byrja med seg sjølv. Korleis ynskjer eg å vera? Korleis kan ein jobba med seg sjølv for å få god og positiv innstilling?

Alle veit kva det gjer med ein om ein vert pepra med negative kommentarar, negativt snakk eller spydigheiter. Ein kjenner seg ikkje akkurat glad og energisk etterpå. Dersom ein ynskjer å skapa tryggheit for dei menneska ein har rundt seg, uansett arena du er på, må du skapa tillit til dei. Dei må kunna stola deg. På den måten skaper du trivsel for deg sjølv, dei du leiar og samarbeider med.

INNSPEL
INNSPEL: Av Gunn Marit Bergstrøm. Foto: Ingvild Siglen Berger

Korleis kan ein møta eit anna menneske som har ei anna meining enn ein sjølv? Må ein gå i tottane på kvarandre eller kan ein møta kvarandre med openheit og respekt? Ifylgje Aktive valg er tilbakemeldingskulturen viktig:

«Det å ikke ha etablert en sunn og god tilbakemeldingskultur er det samme som å orientere utan kart. En konsekvens av å ikke ha etablert en god tilbakemeldingskultur, er at meldinger går alle veier unntatt den det gjelder. Dersom man skal gi tilbakemelding bør denne vere konstruktiv og konkret om bestemt situasjon, den bør bære preg av den gode vilje, at den skal føre til noe bedre og veldig viktig at den skal handle om adferd og ikke person. Dersom du vil oppleve tidlig mestring ved å gi tilbakemeldinger, starter du med positive tilbakemeldinger til den andre på noe som var bra og som betydde noe positivt for deg.»

TIL TIDER ER livet tøft og urettferdig – for nokon tøffare enn andre. Men kvar og ein må læra seg å handtera sine eigne følelsar utan at ein treng spreia eder og galle ut over sine omgjevnader eller fordømma alle andre. Ei klok kvinne sa ein gong at den som brukar peikefingeren mot andre, må hugsa at ein då rettar tre fingrar mot seg sjølv.

Dersom ein vert bevist sine eigne reaksjonar og tankemønster, vert det lettare å stoppa opp og gjera endringar hjå seg sjølv. Ein må verta bevisst på sitt eige sjølvsnakk. Me må alle læra oss å handtera motgang. Me må læra korleis me kjem over eit tap eller motgang og gå vidare.

Ein blir som regel klokare som menneske av det.

Dersom ein er bevisst på synergieffekten er det lurt å skapa positive omgjevnader og trygge, gode rammer rundt seg. Dette gjeld overalt om det er på skulen, arbeidsplassen, heime eller på fritida. Me ser jo alle kva handballjentene og langrennsjentene får til. Dei har hatt fokus på å byggja lag og har skapt eit trygt miljø der ein kan utvikla seg, og dei gjer kvarandre gode og heiar på kvarandre.

UNDER FOREDRAGET MED Marco Elsafadi på Park Hotel i fjor noterte eg meg desse stikkorda som han framsnakka for å vera eit godt medmenneske/lagspelar:

  • Ein som er der og støttar deg i gode og dårlege dagar.
  • Sjå kvarandre.
  • Våg å bry deg og vis omsorg.
  • Gje konstruktive tilbake- meldingar.
  • Om nokon har ein dårleg dag, hjelp med å løfta opp.
  • Framsnakk – ikkje baksnakk. Det gjer berre miljøet surt og utrygt.
  • Gje kvarandre positiv feedback.
  • Kvar og ein er bevisst på korleis ein påverkar omgjevnadene sine med verbal og non-verbal kommunikasjon.
  • Ha det kjekt i lag – då tåler ein motgang betre.
  • Hugs at 1 person er nok til at heile laget vert øydelagt – til dømes med sur kommentar/negativ haldning/baksnakking.
  • Ver ein del av laget og ver med å snu innstillinga og løfta opp om det kokar ein dag.
  • Øv på positiv innstilling – øving gjer meister.

Så kva seier de folkens – blir de med å laga ein folkebevegelse av å gjera kvarandre gode?

Den siterte boka er: Aktive valg, Eftang/Bendiksen, Skagerak forlag

Gunn Marit Bergstrøm

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.