annonse

«A Whiter Shade of Pale» – eit 50-årsjubileum

PROCOL HARUM
PROCOL HARUM: Klassisk platecover nytta for mange plateutgjevingar frå gruppa Procol Harum. Motivet er nytta fyrste gongen i 1967. (Foto: Illustrasjon)

Royal Festival Hall, London, fredag 3. mars 2017. Dørene inn til den store salen, som tek 2900 personar, vert opna vel 20 minutt før konserten tek til.

Folk strøymer inn og fyller etter kvart opp alle setane. Medlemene i symfoniorkesteret kjem inn på scena frå høgre, finn plassane sine og tek til å stemma instrumenta dei har bore med seg. Kormedlemene kjem stillferdig inn frå venstre som ein lang slange og fordeler seg på rett korplattform etter stemmelægje. Til slutt kjem dei seks bandmedlemene lett slengjande inn, finn dei oppsette instrumenta sine og så er det heile i gang.

EIT ROCKEORKESTER, EIT symfoniorkester og eit stort kor. Pianisten, som òg er vokalisten i rockeorkesteret – og som med sine 73 år framleis har ei praktfull soul-stemme – er lokomotivet i konserten. Låtane er hovudsakleg skrivne på 60- og 70-talet. Nokre få er nyare. Og eit par er heilt ferske og skal ut på marknaden no i vår. Dette er altså ein skikkeleg mimrekonsert – for dei som for 40–50 år sidan elska eit såkalla progressivt britisk band med ein sterk barokk ’sound’.

Men det er meir enn ein vanleg mimrekonsert denne kvelden. Det er ein 50 års-jubileumskonsert for ein av dei mest spela og populære låtane til alle tider. Ein låt som set seg fast i hjernen og vert verande der i tiår utan at han slepper taket. Han er vanskeleg å verta lei og umogeleg å verta kvitt. Du finn stendig noko nytt i han. Ein skikkeleg klassikar altså. John Lennon var ein av dei mange som spela låten om att og om att.

Særleg Hammond-orgelet, ein M–102-modell, med tilhøyrande Lesley-boks, har gjeve melodien­ ein særleg suggererande ’sound’. «A hounting sound», som eit gamalt rockeleksikon ein gong namngav denne orgellyden, og som mange andre har kalla lyden seinare. Låten vart sleppt som plate i England 12. mai 1967. Det var mangemillionseljaren «A Whiter Shade of Pale» som vart feira som 50-åring i Royal Festival Hall denne marskvelden.

Telefonane gjekk varme på Voss mellom medlemene i gamle «Shades of Blues» i mai 1967 då Halldor Krogh ringde dei andre bandmedlemene, mellom dei bror min Arne, om ein fantastisk rockelåt som var sleppt i England: «Ein rockelåt med kyrkjeorgel!». Låten hadde ein ny og karakteristisk ’sound’ som vart skapt gjennom miksen av lyden frå eit flygel og lyden frå eit Hammond-orgel M-102. Dette var ein uvanleg besetning for ei rockegruppe på 1960-talet. Berre eit såkalla progressivt band kunna då finna på noko slikt. Og den eksperimentelle ’sounden’ vart til dei grader vellukka.

Dessutan var teksten svært annleis enn mange av rocketekstane i samtida. Også dén var eksperimentell, noko som har gjeve grunnlag for alle mogelege slags meir eller mindre spekulative tolkingar. Tekstforfattaren sjølv, Keith Reid, har derimot gjeve ein nokså prosaisk bakgrunn for teksten: Kjærleikssorg. Teksten går mellom anna slik:

We skipped the light fandango

Turned cartwheels cross the floor

I was feeling kinda seasick

But the crowd called out for more

The room was humming harder

As the ceiling flew away

When we called out for another drink

The waiter brought a tray

[Omkvede]

And so it was that later

As the miller told his tale

That her face, at first just ghostly,

Turned a whiter shade of pale

NAMNET PÅ GRUPPA har det også vore mange spekulasjonar om. «Procol Harum». Kva i all verda kan no det namnet tyda? Tolkingsframlegga har vore mange – fleire av dei med eit eller anna utgangspunkt i latin – men nokon offisiell fasit finst ikkje.

For musikkjennarar har likevel den største gåta vore: Kva for musikalske inspirasjonskjelder kan komponistane ha hatt som utgangspunkt for «A Whiter Shade of Pale»? Også her har tolkingsframlegga vore mange, men likevel litt meir konkrete enn spekulasjonane kring teksten og tittelen. Ein skal ikkje ha lytta lenge til Procol Harum før ein merkar ’Bach-sounden’, noko det dominerande Hammond-orgelet særleg er med å forsterka. Ein annan Procol-låt med nesten same ’Bach-sound’ er «Homburg», men der er symbiosen mellom orgel og piano kanskje endå nokre hakk meir utvikla enn i «A Whiter Shade of Pale». Eller der er det pianoet som dominerer, medan orgelet gjer det i «A Whiter Shade of Pale».

På den originale utgåva av singelen «A Whiter Shade of Pale» frå mai 1967, som også er debutplata til Procol Harum, står berre namnet til tekstforfattaren, Keith Reid, og band-leiaren sjølv, Gary Brooke. Den sistnemnde er altså ført opp som komponist. Organisten på originalinnspelinga, Matthew Fisher­, er ikkje nemnd som komponist i det heile. Fyrst i 2009, etter lange rettsforhandlingar, vart Matthew Fisher tilkjend status som medkomponist.

Kva Brooker og Fisher kan hatt som musikalsk førebilete, kan me ikkje anna enn å spekulera på. Mange har tråla Bach-katalogen som musikalske detektivar for å finna svaret. For dei aller fleste ligg nok «Air» frå Bachs «Orkestersuite nr. 3» (BWV 1068), med den stegvise basslina, heilt oppe i dagen. I «Air» finst så mykje som minner om den gjennomgåande basslina i «A Whiter Shade of Pale» at det er denne Bach-melodien som oftast vert referert til. Det er også «Air» som vert nytta dersom ein skal pakka «A Whiter Shade of Pale» inn ein Bach-barokk klednad, t.d. ved å nytta ei strykar-innleiing og ei strykar-avslutning. Av alle Bach-referansane som er føreslegne, er det dessutan «Air» som er den mest kjende av publikum, og som difor gjev lyttarar flest eit konkret attkjennande musikalsk haldepunkt.

MEN DET FINST mange fleire Bach-melodiar som er føreslegne som inspirasjonskjelde. Ein av dei er kantata «Wachet auf, ruft uns die Stimme» (BWV 140). Her er det særleg den fyrste satsen, koralen med det same namnet som kantata, som vert trekt fram. Koralen i denne kantata har også ein bassgang som minner. Den karakteristiske ’stemninga’, ’grooven’, i koralen gjev dessutan ei ekstra aktuell referanseramme. Kan henda er det her parhestane Brooker/Fisher har fått inspirasjonen.

PROFESSOR
PROFESSOR: Gunnstein Akselberg. Foto: Arkiv

Ei anna inspirasjonskjelde kan ha vore fyrste satsen «Sinfonia» i kantata «Ich steh mit einem Fuss im Grabe» (BWV 156). Også her kjenner me att den typiske Bach-basslina som karakteriserer «A Whiter Shade of Pale», og utan tvil kan det også her vera noko som koplar Bach til Brooker/Fisher.

Eit orgelverk frå Bach som har vore trekt fram i denne samanhengen er koralpreludiet «O Mensch bewein dei’ Sünde gross» (BWV 622) frå «Orgelbüchlein» (BWV599–644). Også her kjenner me att den umiskjennelege basslina og sjølve ’Bach-sounden’ som finst i «A Whiter Shade of Pale».

Dessutan har largo-satsen frå «Cembalokonsert nr 5» (BWV 1056) vore peikt på som ein aktuell musikalsk referanse. Denne satsen har fleire trekk felles med «Air» frå «Orkestersuite nr 3», så det ikkje underleg at nettopp denne satsen er av dei inspirasjonskjeldene som er trekte fram.

Det må heller ikkje gløymast at «A Whiter Shade of Pale» også er inspirert av ikkje-klassiske førelegg som t.d. «When a Man loves a Woman» som vart spelt inn i 1966 med Percy Sledge. Også «When a Man loves a Woman» har den karakteristiske basslina. Kanskje har også komponistane Calvin Lewis og Andrew Wright hatt eit godt auga til Bach, og kan henda er det dei som har sett sett Procol Harum på Bach-sporet.

Me vil nok aldri få noko endeleg svar på kva for einskilt Bach-verk som kan ha vore inspirasjonskjelda til «A Whiter Shade of Pale», men det musikalske detektivarbeidet vil nok gå vidare. Brooker /Fisher har truleg lete seg inspirera av fleire Bach-melodiar, eller kanskje fyrst og fremst ”Bach-sounden” slik dei har opplevd han, og slik han mellom anna kjem til uttrykk i dei Bach-referansane som er nemnde ovanfor. «Bach-sounden» kjem ikkje berre fram i «A Whiter Shade of Pale», men også i svært mange av dei andre låtane til Procol Harum. Ein av dei mest kjende av desse er «Homburg», men ’Bach-sounden’ går att i til dømes «Repent Walpurgis», «Shine on Brightly» og «Quite Rightly so» og så bort etter. Mange av desse Bach-inspirasjonane er pakka inn i ein nokså røff rocke-sound – noko låten «A Whiter Shade of Pale» er nesten fri for – og difor er ’Bach-sounden’ i andre Procol Harum-låtar kanskje ikkje alltid like lette å få ’øyra på’. I «Repent Walpurgis» finst forresten eit lengre musikalsk sitat frå Bach-opuset «Das Wohlteperierte Klavier» (BWV 846–893) og som er svært lett å kjenna att.

ETTER JUBILEUMSKONSERTEN i Royal Festival Hall, London, fredag 3. mars 2017, går me, bror min Arne og eg, ut i den seine London-kvelden langs sørsida av Themsen mot Blackfriars for å ta ThamesLink attende til St. Albans. Procol Harum 2017 avslutta konserten, programforplikta som dei var, med nettopp «A Whiter Shade of Pale».

Og det var akkurat dén låten som klang best denne kvelden, av di orgelet då kom heilt og fullt til sin rett. På mange av dei andre melodiane drukna diverre orgelet i ei orkestrering og i eit lydbilete som nok kunne ha vore klårare. Men me gjekk likevel nøgde og opplagde på heimveg.

A Whiter Shade of Pale er eit lite meisterverk som er vel verdt ein jubileumskonsert i Royal Festival Hall.

Gunnstein Akselberg, Professor i nordiske språk

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.