annonse

Alt var ikkje betre før

GLIMESTEINAR
GLIMESTEINAR: «I eit anfall av panikk søkte eg om permisjon frå kl. 18.50. Ikkje f.... om eg skulle gå glipp av vekas kulturhending på Voss, presentasjonen av Glimesteinar og intervju med Johannes Gjerdåker», skriv Lars Mossefinn. (Foto: Ingvild Siglen Berger)
INNSPEL
INNSPEL: Av Lars Mossefinn. (Foto: Privat)

Mykje var faktisk verre, og då tenkjer eg ikkje på ting som grusvegar, harskt flesk og svartedauden.

Etter andre verdskrigen har samfunnet utvikla seg til det betre på dei fleste område. Berre på dei siste 40 åra har forventa levealder for menn auka 8,6 år her i Noreg. Sjølv om me nyss har bak oss ein beksvart fredag, og dei fleste kan sjå fram mot ein blå måndag etter å ha vore gjennom ein sårt tiltrengt kvit sundag som følgje av ein heller fargerik laurdag, kan ein alt anna enn klaga.

NÅR EIN SIT på kommunestyremøte og ikkje har andre ynskje enn at klokka for ein gongs skuld skal skjøna meininga med å skunda seg, kan ein stakkar fort koma litt ut på viddene, i tankane sjølvsagt. På sist kommunestyremøte, 16. november, opplevde eg nettopp det – å koma på viddene. Eit møte som eg trudde skulle vara maks tre timar inkludert alle orienteringar, låg plutseleg an til å dra seg mot åtte/halvni.

I eit anfall av panikk søkte eg om permisjon frå kl. 18.50. Ikkje f.... om eg skulle gå glipp av vekas kulturhending på Voss, presentasjonen av Glimesteinar og intervju med Johannes Gjerdåker. Eg fekk med meg Johannes, Bergsveinn Birkirsson, Nils Kvamsdal og ei mengd små glimesteinar, men eg var ikkje med på å vedta at Voss kommune skulle ta maten heim, den einaste saka i møtet som vil utgjera ein skilnad i framtida. Dei ti andre sakene var i større eller mindre grad politisk drøvtygging.

DET ER BLITT meg fortalt at matsaka blei banka gjennom samrøystes utan debatt. Det er fint med samrøystes vedtak, og nemnda som har arbeidd fram saka fortener honnør. Her er det rett å nemna særskilt eit anna blad Gjerdåker, nemleg SV-­politikaren Arnfinn.

Han har involvert sakkunnige som kunne dokumentera at heimelaga, god mat ikkje trong vera dyrare enn plastmat frå Bergen. Så overtydande har denne prosessen vore at sjølv den ideologisk innbarka Grandiosa-fløyen innan pleie og omsorg no vaklar i trua på at det einaste saliggjerande for eldre pleietrengande er kombinasjonen plast og mat.

Denne saka har ikkje mange sidestykke i moderne lokalpolitikk på Voss. Prosessen er driven fram tverrpolitisk med dei raudgrøne i førarsetet. Administrasjonen har med alle middel prøvt å selja inn plast og mat. Kva plast- og matrapporten frå PwC kosta, har me enno ikkje fått vita, men det er ikkje tvil om at denne konkurrerer med kulturhussjefskonsulenten om førsteplassen i meiningslaus sløsing med skattepengane våre.

Kva skriv så vedlegget til denne spalta, avisa Hordaland etter det historiske kommunestyrevedtaket. Jau, at rovediltarane i Høgre understrekar kor viktig det er med rosemålte tallerkar!

DENNE SAKA STOD i sterk kontrast til ei anna sak på nemnde møte, 57/17 Tilstandsrapport for grunnskulane i Voss kommune. Her fekk me 25 sider som fortalte oss om lag det same som i fjor.

Vossaskulen er litt under midt på treet, men ikkje så mykje under snittet at det er noko å snakka om. Me er blitt litt betre i matte, men i engelsk har verken skulen eller Netflix gjort veg i vellinga. Mobbing er det er det urovekkjande mykje av, og situasjonen blir ikkje betre.

Kommunestyret blei i vedtaks form beden om å ta rapporten til etterretning. Det skjedde, men ikkje før ein hadde gjennomført ein maratondebatt. Sjølv om intensjonane er dei beste både frå politikarane og administrasjonen si side, er denne rapporten ikkje noko styringsverktøy i det heile – rett og slett fordi me som lokalpolitikarar ikkje styrer noko som helst når det gjeld drifta av grunnskulen i kommunen.

Me kan avgjera skulestruktur og byggja skulebygg, men elles har ikkje kommunestyret anna å gjera enn å koma med pengar. I mangt går skulen på sjølvstyr når det gjeld pengebruken. Er pengebruken knytt opp mot lovbestemte rettar til einskildelevar, går taksameteret uavhengig av kva politikarane måtte meina, og, berre for å ha sagt det, det er heilt ok.

LIKEVEL KJEM DET ei sak (24/17) i levekårsutvalet komande torsdag om leksefri skule, ei sak ikkje ulik matsaka, der politikarane så langt har hatt ein avgjerande innverknad.

Hadde ikkje politikarane involvert seg, ville innbyggjarinitiativet frå 303 ungdomsskuleelevar vore parkert. Eit fleirtal i kommunestyret gav i sak 7/16 skuleadministrasjonen ein skikkeleg korreks – med rette. Sakshandsaminga var kjemisk fri for honnør til dei 303 ungdomsskuleelevane som hadde brukt ein demokratisk rett til å fremja ei sak for kommunestyret.

Har kommunen nokon sinne opplevd at elevar har synt tilsvarande ’måloppnåing’ i høve til læreplanens generelle del?

Kva skjer? Jau, skuleadministrasjonen ser ikkje eit einaste tre for berre skog, blir angstbiten og gøymer seg bak mager og tvitydig forsking.

Til møtet på torsdag har tonen blitt meir edrueleg: «Det er lite internasjonal forsking som seier noko om langtidseffekt av leksefri skule. Nasjonalt finn ein ikkje forsking eller forsøk som er store nok til å kunna seia noko signifikant om effekten av å ikkje ha lekser slik vi kjenner det.»

DET FINST LJOSPUNKT. Alt var ikkje betre før. Me vil ikkje attende til ei tid der skulestyret hadde eit fleirtal av lærarar og der leiande personar innan bygg og anlegg hadde klyppekort til bygningsrådet, men eg vil framleis bruka orda indianar, neger og sigøynar - heilt privat sjølvsagt.

Lars Mossefinn, Voss

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.