annonse

Bademann på Voss

VOSSABADET
VOSSABADET: Kvitanesen vil prøva seg som badevakt i det nye Vossabadet. Direktør Geir-Ole Selland (biletet) hyrer inn. (Foto: Ingerid Jordal)

Etter å ha fått nei på søknad som brannmann i Granvin og flottenfeiar på flytekaien i Eidfjord, vil eg no prøva lukka på lista over søkjarar som badevakt i det nye Vossabadet.

Kvalifikasjonane mine skal vel ingen tvila på. Det aller viktigaste er å kunna dukka nesten fira meter under vatn. Eg skal nok visa dei at livet på botnen ikkje er heilt ukjent for meg.

Det hender ofte ved fjorden at me må leita etter tapte ting nedover på marabakken. Og han er bratt som lia over! I fjor sommar då NRK- båten kom inn fjorden, slapp bror min ei ferdiggrilla hjortasteik utfor kaien. Det vart fort slutt på haløyen, eg måtte utfor for å søkja etter grillkosen. Etter tre minutt fann eg henne bak ein gammal damesykkel, inntulla i to auregarn besten hadde ute ei stormnatt i 1965. Då eg kom oppatt til yta, var festen over og båten på Brakanes.

Eg hugsar fjernsynsserien Baywatch og veit mykje om livet som badevakt. Direktøren for Vossabadet trur det vil verta krevjande for vaktene å halda ut meir enn ein halvtime om gongen i solstolen ved den nye vossastronde. Å, nei! Eg vil fortelja han at får eg stillinga skal eg halda ut heile dagen og litt av kvelden med. So mykje har eg sett av vossatausene alt. Det var ikkje for ingenting at eg gjekk eit ekstra år på gymnaset.

So mange vossingar kan det ikkje vera som søkjer på slikt arbeid. Eg har sett nokre av dei på leirene i Holmen om sommaren. Det er mykje skrik og skrål, men uti vatnet er dei sjeldan. Å halda pusten meir enn i tre sekund trur eg ingen har gjort.

Eg er redd dei vil spyrja meg om formelle kurs. Det har eg lite av. Men eg tok symjeknappen under Magne Svalland si tid som lærar på framhaldsskulen og har litt røynsla med munn mot munn-metoden.

Me får vona at Voss kommune vil sjå seg råd med å ha vatn i bassenget framover. Altfor mange står tomme rundt om og tener som stollager for vaktmeistrane. Trøysta er at dei ikkje treng å ta seg vatn over hovudet­.

Det lengste eg har sumt i ei venda er ut til Snauholmen og heimatt. Det var mest brystsymjing den gongen. Sidan har eg lært meg fleire andre måtar, men best likar eg å sitja på land og sjå andre badar. Det trur eg intervjuaren på Voss set pris på.

Kvitanesen

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.