annonse

Balanse i livet

MOTPOL TIL DET TRAVLE
MOTPOL TIL DET TRAVLE: – For mange har yoga og meditasjon vore gode verktøy å bruka ein travel kvardag, andre brukar fjellet, naturen og stilla, skriv Gunn Marit Bergstrøm. Fotoet er henta frå yoga-kurs under Ekstremsportveko i juni. (Foto: Vidar Herre)

Det er sundag og tåka ligg tett utover Vangsvatnet. Det er 8. oktober og hausten er her. Me har endeleg ein sundag heilt fri utan planar.

Spørsmålet er når ein står opp til ein ny dag, kva skal dagen innehalda? Skal ein vaska hus, baka kake, sjekka Facebook, instagram, reisa på besøk, trena, ikkje trena, gå tur, leggja seg på sofaen, lesa bok, måla, skriva, førebu middag, invitera til middag? Det er så mange val – kva skal ein velja? Ein kan fort la dagen forsvinna utan å få gjort noko dersom ein ikkje tek bevisste val. Kva ynskjer me å fylla dagen med? Kvifor?

ME TOK EIT val om å ta turen til Roset. Då vil me kunna ha kvalitetstid med ungane, få tid til gode samtalar, vere fysisk aktive, me vil få frisk luft og sol i fjeset. Når me kjem oss ut av bilen, oppdagar eg at det er kaldt! Men etter kvart så me går oppover bakkane, kjem varmen i kroppen sigande.

Ungane susar oppover bakkane med mor sjølv hengjande på slep. Etter kvart som ein vert varm i muskulaturen, byrjar kroppen å spela meir på lag og eg kjenner kor befriande herleg det er å kunna pusta inn frisk haustluft ned i lungene. Lyftar eg blikket opp frå stien, kan eg og nyta synet av dei flotte haustfargane i naturen. Lyngen og trea i all si fargeprakt, og etter kvart som me kjem over skodda ligg rimfrosten og speglar seg i sola. Eg tek nokon djupe gode åndedrag og sug inn øyeblikket. Kor utruleg heldig eg kjenner meg!

KROPPEN VERT MEIR og meir medgjerleg etter kvart som han vert varm. Stivheita i kroppen slepper taket og det er lettare å lyfta beina. Det er knallgod styrketrening å gå i ulendt terreng, opp- og nedoverbakke. I tillegg er det god balansetrening. Anklane må heile tida jobba med å finna balansen når ein går i ulendt terreng.

Propriosepsjon som tyder leddsans eller djubdesensibilitet er kroppen si evne til å oppfatta våre ulike kroppsdelar sin posisjon. Denne er heilt avgjerande for balansen vår. Så det å gå i ulendt terreng er svært bra for folk i alle aldrar. Det er tilrådd å trena balanse 5-10 minutt to til tre gonger i veka. Balansen kan trenast ved å stå på ein fot, stå på ujamt underlag eller stå på ein fot når ein gjer noko anna, til dømes når ein lagar mat, pussar tenner eller snakkar i telefonen.

Legg ein i tillegg inn turar i ulendt terreng, får ein trent balansen utan å måtta tenkja på det. Å betre balansen er med å styrkja kroppen på sikt. Det fører til betre kroppskontroll, kroppshaldning og betre koordinasjonsevne. Dette er med på å redusera skaderisiko og fall.

Tenkjer på alle borna rundt om som ikkje har fått den unike moglegheita å bli tatt med på tur i naturen. Som kanskje ikkje har gått anna enn på asfalt og rundt om på kjøpesenter. Då eg budde i Oslo, var det snakk om ungdommar som aldri hadde gått på anna enn dette.

Eg stiller meg spørsmål om korleis muskel- og skjelettsystemet deira vil fungera når dei vert eldre. Me ser at vaksne og eldre som har lagt eit godt grunnlag som barn har eit betre utgangspunkt for å byggja seg opp att raskare ved sjukdom og skadar seinare i livet. Men, trøysta er at det er aldri for seint å koma i gang. Kroppen responderer på det me fyller han med.

FOR EI UNIK gåve det er å gje ungane/ungdommane våre opplevingar i naturen. Det å læra dei i å verta glade i å bevega seg, kunna sjå alt det vakre som naturen byr, det å kunne kvila auga på fjelltoppar som har lege her i hundrevis av år, pusta inn frisk, rein luft som er fri for eksos. Det å bli glad i naturen rundt seg, fører og til at me tek betre vare på han, håpar eg.

Gledeleg er det at me møtte fleire folk på turen til Roset. Folk i alle aldrar frå born i beremeis, frå smårollingar som stavrar seg oppover lia til godt vaksne som har gått denne lia hundrevis av gonger. Nokon fortel at dei har med seg pinnebrød-deig som dei skal grilla på bål, andre sit på toppen og nyt sola og utsikta og et nista si. Det har vore rekord i sal av turhefte for stølsturar på Voss denne sesongen. Mange har kjøpt seg bok der dei skal gå ulike turar for å få klipp i boka si. Dette er ein fantastisk måte å få folk ut på og få folk til å oppdaga perler som ein elles ikkje ville sett.

I VÅR VESTLEGE del av verda vert det meir og meir overdrive fokus på utsjånad, korleis me framstår utover og prestasjonsjag. Me skal prestera, me skal verta flinkare, vakrare, springa fortare og ha kontroll på alle delar av livet. Mange treng ein motpol til dette ytre styrte fokuset. Det å koma ut i naturen, kjenna på urkrafta si, få lov å bruka eiga muskelkraft i kraft av seg sjølv gjer noko med oss. Naturen tek deg akkurat slik du er! Bakkane opp til Roset er like for alle uavhengig av kven du er eller kva status du har. Alle kjem pustande i sitt tempo, og dei friske, raude kjakane når du nærmar deg toppen gjer deg berre meir sjarmerande, synest eg. Folk får sjå deg heilt usminka, heilt ekte.

Mange er vortne meir opptekne av å finna balanse i livet. Livskvalitet handlar om å ha det godt inni seg, og at ein lever i tråd med sine verdiar og haldningar. Går ein på tvers av dette for lenge, vil dette tappa ein for energi, glede og overskot. Balanse kan definerast som likevekt. Meir konkret er balanse din «kapasitet til å oppretthalda likevekta når bevegelsesforløp eller situasjon vert endra». Å finne balansen i livet handlar om så mykje meir enn å stå lengst mogeleg på ein fot. Ein skal finna balanse på alle areaner i livet.

Brukar me naturen som døme, ser me at den brukar årstidene til å finna balanse. No er det haust, og naturen gjev slepp på alt den har bore på i løpet av sommaren. Naturen gjer seg klar til å gå i dvale til vinteren. Når våren kjem, spring det ut nye knoppar som får lov å blomstra når sommaren kjem. Så kanskje me menneske skal få lov å gå litt i dvale på hausten? Det er muligens ikkje utan grunn at at me har lyst å roa ned litt, krypa litt opp i sofaen og kjenna roa senka seg?

ME HAR MYKJE å læra av naturen. Naturen har sin eigen rytme. Det har me som menneske også, men mange har gløymt å ta seg tid til å lytta til seg sjølve og sin eigen rytme. Det å kunna ta seg ein fjelltur, gåtur eller joggetur gjev mange betre livskvalitet.

Skal ein hald a oppe eit rikt, hektisk og innhaldsrikt liv på ein god og forsvarleg måte, må ein finna ein motpol i det travle. Det å finna ein god og konstruktiv måte å tømma hovudet på, ta vare på kroppen og byggja opp energilagera sine på, kan gjerast på mange måtar.

For mange har yoga og meditasjon vore gode verktøy å bruka ein travel kvardag, andre brukar fjellet, naturen og stilla, medan andre finn rekreasjon ved å lesa ei gjevande bok, løysa kryssord eller nytta handarbeid. Kvar og ein må finna sin motpol.

DET Å FINNA eit levesett der ein har balanse i livet, er ein jobb og eit levesett som må jobbast med kvar dag. Ein må vere bevisst og ein må ha motivasjon til å gjera ei endring. For at ein skal ha motivasjon til å gjera ei endring, må det gje deg glede og føra til noko positivt.

Viktigaste er at du finn din rytme og din balanse i ditt liv som gjer deg godt.

Eg ynskjer deg ein god og balansert dag.

Gunn Marit Bergstrøm, fysioterapeut Voss

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.