annonse

Berekraftig liv

BIODYNAMISK LIVSRYTME?
BIODYNAMISK LIVSRYTME?: – Når det beste i livet er gratis. Ein klem. Eit smil. Kjensla av å sjå si eiga bygd frå ein fjelltopp. Gleda i eit barneandlet. Lukta av vår, skriv Toril Hunnålvatn. Her frå Gråsidetoppen med utsikt mot vossebygda under Vossamarsjen i september. (Foto: Geir Geitle)

Berekraft er eit ord fylt med gode visjonar, masse omtanke, eit snev altruisme, og utømmeleg kjærleik.

Om me no seier at berekraft er å leva på ein måte som ikkje tappar ressursane – men heller vil gje komande tider eit like godt utgangspunkt som no, eller om mogeleg endåtil betre. Kor berekraftig er då det indre liv?

Eit ordspråk seier noko slikt som: «Det er betre å angra det ein har gjort, enn å angra det som aldri vart gjort.». Ei ganske så klar oppmoding til at ein bør ta for seg av ting ein kan oppleva. Og i vår tid er det nærast grenselaust kva me kan få til og vera ein del av. «Du kan visst du vil.» «Få meir ut av livet.» «Just do it.».

Tida er jo konstant ... så ... om ein skal gjera alt ein tenkjer skal til for å leva eit fullverdig liv. Kva sit ein igjen med? Kva går ein glipp av?

EIN DAG VART eg sitjande å betrakta ein liten gut, kanskje fire år, som var på kafé med det som truleg var bestefaren. Han sat på den altfor store stolen – fremst på kanten. Beina pendlande fram og tilbake. Augo hans fylgde bestefaren sine hender, i det han venta på at eit stort kakestykke skulle landa framfor han. For ei lukke. Takksemda lyste or augo hans. Ein kunne sjå den vesle guten betrakta kakestykket frå fleire sider. Gjorde seg kjend med det. Vurderte kanskje kvar han skulle byrja. Forventingane hans låg som på utsida av kroppen i det han sette skeia i. Nokre minutt var det berre han og kaka som eksisterte. Han klarte ikkje heile stykket åleine – men fall fornøgd tilbake i stolen med eit smil om munnen. Føtene fall til ro.

Like ved sat det ei vaksen dame. Ho også ytst på stolen. Framfor seg på bordet låg det ei avis som ho bladde i medan ho, innimellom munnfuller av eit rundstykke, prata i telefonen. Vêr og vind, ei feiring komande helg, hytta som var nesten ferdig, barnevaktproblematikk, og tidsklemma var på tapeten. Samtalen vart brått avslutta av henne med orda «Du – eg hadde heilt gløymt det, men eg har jo ein Taichi-time no. Du veit jo at eg har vore sliten i lang tid? Jau, så var det ei som sa at Taichi var tingen. Fann eit slikt kurs, og no skal eg dit igjen i dag. Skikkeleg bra. Og skikkeleg dyrt, så eg må nok jobba litt ekstra i helga» «og no må eg gå – ringes?» Ho åt heller ikkje opp maten sin.

SOM EIN SOM er mellom dei som mister fokus når det er mykje å gjera, kan eg skriva under på at lukka ikkje ligg i å få med seg alt. Når nye passord - i rein frustrasjon, og med viss ein porsjon sjølvinnsikt – inneheld ord som surrehove, så er ein ikkje heilt fornøgd med eigen innsats. Og eg kan ta meg sjølv i å ikkje hugsa kva eg har opplevd siste tida. Kva som skjedde sist helg, for eksempel.

Når ein «effektiv» kvardag, der hjernen er på veg vidare, og prosesserer komande hendingar, er det vanskeleg å vera til stades i livet. Og minna druknar i kaoset. Kanskje du er som meg? Ein av dei som har tenkt at «Eg burde byrja med meditasjon – eller kanskje yoga – for få meir energi»? Som om det høyrest rimeleg ut å byrja med nok ein ting – for å bli mindre stressa?

Uroa – som oppstår i kjølvatnet av ikkje å strekkja til – er kanskje eigentleg ei gåve til oss? Kanskje av det slaget ein slett ikkje vil ha – men likevel nettopp den gåva du ikkje visste at du trong? Eit signal som fortel at ein er på kollisjonskurs med eigne verdiar og behov. At det kan vera tid for retningsendring?

INNSPEL AV
INNSPEL AV: Toril Hunnålvatn. Foto: Vidar Herre

I samfunnet me lever i – med alle høve til utvikling og utfalding til stades – er det lett å gå seg vill. Ein kan seia det berre er moglegeheiter, men – med dei kjem òg ei usagt forventning om å ta dei i bruk. Det vert rett og slett litt vanskeleg å avgrensa seg

EIN DANSK PROFESSOR, med namn Svend Brinkmann, er ein forfattar verdt å bli litt meir kjend med. Han slår eit slag for evna til å avgrensa seg. Og det å ikkje vera så redd for å gå glipp av ting. At det då er lettare å identifisera kva som er viktig for ein. Kva ein kjenner ansvar og omsorg for. Og kva som står i vegen for å prioritera det.

For avgrensing gjer noko med oss. Om det er grenselaust kva me kan få til, og alt kan bli betre, då er risikoen for ikkje å bli fornøgd sterkt til stades. Kanskje ligg gleda i rammer, i eit meir fokusert liv? Borte frå skrolling, likes, og virtuelle klemmar?

DET INDRE LIVET treng å bli tatt på alvor. Akkurat som ein må ta vare på jorda for å nytta den berekraftig, så treng me det som menneske. Ei jord byrjar å tappast om den har vert kravd for mykje av. Tilfører ein gjødsel, vil den kunna vera produktiv ei stund til. Kanskje det er tid for ein meir biodynamisk livsrytme? Der me ikkje treng pøsa på med gjødsel i form av coaching, terapi, og medisinar for å hengja med og få mest mogleg ut av livet?

Når det beste i livet er gratis. Ein klem. Eit smil. Kjensla av å sjå si eiga bygd frå ein fjelltopp. Gleda i eit barneandlet. Lukta av vår.

Visste du at undersøking viser og at det er i nedgangstider ein går meir på kafè, bruker tida og pengar på relasjonar. Er det lov å ynskja seg ei aldri så lita nedgangstid?

Eg sat aldri og observerte desse hendingane på ein kafè - men eg hugsar indarleg vel den altoppslukande kjensla i ein liten kropp. Den kan eg stundom sakna. Og diaolgen med den vaksne dama kunne vore meg. På eine eller andre sida av telefonen.

Kan det vera at nøkkelen til ein meir berekraftig levemåte generelt ligg i å ha eit meir berekraftig indre liv? Når forbrukarsamfunnet sin optimale sinnstilstand, av konstant trong for meir opplevingar eller nye ting, slepper taket.

NAMASTE!

«En mann reiser verden rundt og

søker det han leter etter, og vender hjem for å finne det.»

George Moore, irsk forfattar

Toril Hunnålvatn, dagleg leiar i Voss Utferdslag

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.