annonse

Bygd og Bank i 175 år

DEN GONGEN
DEN GONGEN: Vossavangen, slik den såg ut i 1826 nokre år før Voss fekk eigen Sparebank. Målarstykke etter Thomas Fearnley, som er i Voss Sparebank si eiga. (Foto: Voss Sparebank)

Lat oss sjå attende, til året 1843. Her på Voss, samla 21 lokale bønder og tre embetsmenn seg. Dei ville skapa noko nytt, noko som var til gagn for heile bygda. Dei ville skipa sparebank.

Alt tjue år tidlegare, i 1823, hadde Bergen Sparebank kome til då Biskop Neumann og kyrkja i Bergen såg at noko måtte gjerast. Det var sosial naud og stort alkoholmisbruk. Skiping av sparebankar hadde soleis eit sterkt sosialt preg over seg. Om ein kunne få folk flest til å spara pengane sine, ville lokalsamfunna verta betre.

I tillegg ville ein få kapital tilgjengeleg, som ein kunne låna ut lokalt. På det viset fremja ein investeringar i lokalsamfunnet og ein skapte vekst.

For vossingane var tidspunktet for skiping av sparebank godt. I 1842 fekk Noreg pengane knytt opp til sylv. Ein hadde soleis garanti for at pengane ville halda seg i verdi. Nokre år før, i 1839, fekk Noreg ny «handverkslov», og det vart slutt på laugsrettane som fyrst og fremst hadde høyrt byane til.

Landbruket fekk òg ein oppsving. Hauge-rørsla stod sterkt her i bygda, og arven etter Hans Nielsen Hauge kasta godt av seg. Bøndene lærde seg å byta jord, grøfta myr og pløya åkrar. Produksjonen auka monaleg, og gardstuna vaks.

Ordførar og sorenskrivar. Det var ordføraren på Voss på den tida, Arnoldus Koren, som gjorde opptak til å skipa banken. Han skreiv brev til bønder i bygda, og fekk samla saman kapital. Mellom dei som stilte opp, var den fyrste ordføraren på Voss, David Larsson Hustveit. Både Hustveit og Koren vart sentrale i Voss Sparebank sine fyrste år.

Ein anna sentral skipar var sorenskrivar Jens Skagen. Ein kan lesa meir om desse karane, og dei andre skiparane, i den nye jubileumsboka som Voss Sparebank no gjev ut i høve att banken feirar 175 år. Komande torsdag, den 14. juni er det på dagen 175 år sidan kongen gav sitt ja til å skipa sparebank på Voss. Dagen er soleis valt for å gje ut boka, med eit eige bokbad i gamle-kinoen. Ei tilskiping som er open for alle.

Banken opna dørene for fyrste gong 24. november 1843. Det kom straks mange kundar til, og innskota vaks. Etter kvart byrja òg etterspurnaden etter lån å ta seg opp. Etter kort tid hadde banken nok midlar til å løysa ut innskoten kapital, og banken var soleis i bygda si eige.

Dette er det sentrale med ein lokal sjølveigd sparebank. Ein har ikkje andre eigarar enn bygda sjølv. Slik er det framleis med Voss Sparebank. Det er bygda som eig banken, og det er bygda sin kapital. All verdiskaping vert liggjande att i bygda, som eigenkapital i banken eller som gåver til lag og foreiningar. Slik har det vore i 175 år.

Kvifor gjekk det godt på Voss? Etter kvart vaks det fram bankar i dei fleste bygdesamfunna og byane i Noreg. Dei synte seg som treffande gode institusjonar å ha. Ein fekk på ein effektiv måte kryssa sparevilje hjå enkelte med investeringslyst hjå andre.

Evanger fekk eigen sparebank i 1886, og Vossestrand fekk sin i 1876. På det meste var det 632 sparebankar i Noreg. I dag er talet rundt 100. Berre om lag halvparten av dei er framleis sjølveigande.

Spesielt hardt gjekk det for seg på 1960- og 1970-talet då det på nokre tiår forsvann mange hundre bankar. I dag har ein berre fem sparebankar att i Hordaland, det same har ein i Sogn og Fjordane. Eit sentralt spursmål ein soleis stiller, og som ein freistar å svara på i jubileumsboka er: – Kvifor har ein klart seg so godt på Voss gjennom alle desse åra?

Krig og attreising. April 1940 vart den mest omveltande månaden for Vossabygda og samfunnet her, nokon sinne. I høve arbeidet med boka har det dukka opp mykje spanande stoff frå arkivet til banken. Det syner seg at mykje original-dokument frå denne tida enno er å finna.

KRONIKK
KRONIKK: Av Jørund Rong. Foto: Ingerid Jordal/Arkiv

Voss Sparebank hadde ei sentral rolle i desse april-dagane, då banken fungerte som sentralbank for Noreg. Det vart trykt pengar med statsgaranti, dei omtala «Steffens-setlane». Ei makalaus og spanande forteljing kring dette er sjølvsagt godt omtalt i boka.

Etter bombing og utsletting av gamle Vangen, vart det attreising. I denne tida var òg bankane på Voss heilt sentrale.

Herad, kyrkje og sjukehus. Gjennom alle desse åra, er det spesielt tre mottakarar som har ytt godt av Voss Sparebank si verdiskaping. Voss herad, Vangskyrkja og Voss Sjukehus.

I nyare tid er det idrott og kultur som har vore hovudmottakarar av rause gåver. Dette er ei forteljing om at ein ved å vera kunde i ein lokal sparebank, skaper verdiar for seg sjølv og sine næraste. Dette er sjølve grunntanken med sparebankmodellen.

Utan kundar, ingen bank. Heilt frå skipinga i 1843 og fram til i dag, har banken hatt og har framleis gode og lojale kundar. Det er dette som gjer at Voss framleis har sin eigen sjølveigande sparebank. Det er me sjølvsagt takksame og audmjuke for.

Voss Sparebank er i dag ein moderande bank, som er klar for å ta steget inn ei i ny tid. Men samstundes er me tufta på den same modellen og den same grunntanken som vart skapt for 175 år sidan.

Me gler oss og ynskjer alle velkomne til å vera med oss inn i framtida.

Styret, leiinga og tilsette i Voss Sparebank er stolte og takksame over dei 175 åra banken har vore i bygda si teneste, og ynskjer heile Voss til lukke med jubileet og komande feiring utover året.

Jørund Rong, adm. banksjef i Voss Sparebank

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.