annonse

Demokratiet er truga – frå sentrum

VAKTA DEMOKRATIET
VAKTA DEMOKRATIET: «Eg er usamd i meiningane dine, men vil inntil dauden forsvara retten din til å hevda dei». Sitatet av Evelyn Beatrice Hall, som ofte er tillagt Voltaire, står seg den dag i dag som grunngjeving for ytringsfridomen. Likevel opplever ein angrep på ytringsfridomen frå mest uventa hald. (Foto: Måla av Alfred Agache i 1896)

Etter Brexit og Trump har politiske kommentatorar åtvara om at demokratiet har dårlege vilkår.

Populistar til båe sider i politikken representerer eit trugsmål mot det liberale demokratiet slik me kjenner det i den vestlege verda, heiter det frå det same kommentariatet.

Det er både forsking og aktuelle politiske hendingar som kan tyda på at trugmålet kjem frå ein heilt annan kant, nemleg det politiske sentrum.

I artikkelen «Centrists Are the Most Hostile to Democracy, Not Extremists» i New York Times onsdag 23. mai kommenterer samfunnsforskaren David Adler data frå World Values Survey (2010 til 2014) and European Values Survey (2008), to av dei mest omfattande granskingane om folkemeininga i over 100 land. 

Granskarane har spurt folk om demokratiet er eit svært godt politisk system, om frie val og menneskerettar som vernar borgarane mot statleg undertrykking er ein vesentleg del av demokratiet og om ein sterk leiar som står over lova er ganske bra eller svært bra.

Eg ville ha trudd at sentrum og venstresida slutta sterkast opp om demokratiet og menneskerettane og tok sterkast avstand frå einevaldsmakta. Spørjegranskingane gjev eit anna svar. Venstresida er som venta dei sterkaste forsvararane av demokratiet, men sentrum sviktar og konkurrerer med høgresida om å vera mest demokratiskeptisk. Spesielt tala frå USA er urovekkjande.

Det eg (og sikkert mange med meg) har tolka som oppslutnad om demokratiet, er eigentleg eit ynskje om status quo. Reaksjonane på Brexit og valet av Trump har til dels vore skræmande. Både politikarar, akademikarar og pressefolk har argumentert for å setja folkerøystinga om Brexit til side. Argumentasjonen har vore vekslande. Folk visste ikkje kva dei stemte på. Dei blei utsette for skremselspropaganda. Ungdommen stemte for å vera i unionen, medan eldre folk stemte mot. Ungdommen skal leva med konsekvensane av Brexit, ergo burde deira stemme telja meir. Felles for all denne politiske nytenkinga er at respekten for folkerøystinga som institutt i demokratiet er liten. Me kjenner att argumentasjonen frå vår eigen debatt om kommunesamanslåing frå i fjor.

Valet av Trump som amerikanske president er tvillaust den største politiske sensasjonen i vår tid. Sagt på anna vis er tapet til Hillary Clinton like sensasjonelt. Dette var tvikampen Clinton ikkje kunne tapa. Det var homo sapiens mot homo neanderthalensis. Etter valet har det demokratiske partiet vore monomant opptekne av å påvisa at Trump vann med hjelp frå Putin. At det demokratiske partiet hjelpte Clinton mot Sanders på ureglementert vis, blir dyssa ned.

I dag går det føre seg ein kamp i det demokratiske partiet mellom etablissementet i partiet og ein radikal opposisjon. Partileiinga ser ikkje ein annan veg til makta enn å stilla Trump for riksrett. Venstresida i partiet (les: Sanders) kjempar ein politisk tofrontskrig - mot Trump og eiga partileiing.

Den klaraste trenden i dei vestlege demokratia er at etablissementet blir utfordra både frå høgre og venstre. Etablissementet og deira allierte innan akademia og presse kallar utfordrarane populistar. Etterkvart som marknadsmakta har vunne terreng over politikken, har etablissementet innskrenka rommet for ’forsvarleg’ politisk handling. Det offentlege kan ikkje driva ambulanseteneste med fly, spesialiserte barneverntenester og barnehagane. Sjølv sjukehusa må drivast som liksom-AS.

Det som skjer i Italia no om dagen er eit interessant lærestykke. Femstjernerørsla skapt av komikaren Beppe Grillo og det høgreorienterte og innvandringskritiske Lega fekk 50 prosent av stemmene (56 prosent av plassane i parlamentet) i valet 4. mars i år. Overraskande for dei fleste fann dei to partia saman i ei regjeringsplattform, og advokaten Giuseppe Conte blei peika ut som statsminister. Den italienske presidenten Sergio Mattarella ville ikkje godkjenna euroskeptikaren Paolo Savona som finansminister, fordi han meinte utnemninga ville ha ført til uro i marknaden både blant italienske og utanlandske investorar.

Klarare kan det ikkje seiast. Presidenten set delar av det politiske og demokratiske systemet ut av spel for å verna marknaden. Det klassiske liberale dilemmaet får eit overraskande og situasjonsbestemt svar frå presidenten.

INNSPEL
INNSPEL: Av Lars Mossefinn. Foto: Privat

Sjølv om det politiske programmet til koalisjonen ikkje tok sikte på å avskaffa kapitalismen, ville moglege konsekvensar av politikken føra til kriseskapande spekulasjon mot italienske statsobligasjonar og bankvesenet i landet. Det kunne sjølvsagt i neste omgang ført til politisk krise og ropet på den sterke mann. Likevel er handlemåten til den italienske presidenten særs problematisk. På same vis som troikaen (EU, Det internasjonale pengefondet og Den europeiske sentralbanken) gjorde i Hellas, gjev han kapitalkreftene veto. Kva verktøy som til ei kvar tid skal kunna vera i ein finansministers verktøykasse, er det opp til den internasjonale finanskapitalen å bestemma.

Aftenposten pusta letta ut med følgjande ryggmergsrefleks – «Populistene ville ha hardkjør mot EU. Da tok presidenten affære.»

«Eg er usamd i meiningane dine, men vil inntil dauden forsvara retten din til å hevda dei». Sitatet av Evelyn Beatrice Hall, som ofte er tillagt Voltaire, står seg den dag i dag som grunngjeving for ytringsfridomen. Likevel opplever ein angrep på ytringsfridomen frå mest uventa hald.

Den såkalla Malkenes-saka opna augo på mange. Velmeinte freistnader på å kjempa mot mobbing, fører til at ein i opplæringslova definerer krenking på ein slik måte at det må koma i konflikt med ytringsfridommen.

I det krenke- og rynkefrie samfunnet me har som mål å laga, skil ein ikkje mellom å ha rett til ytring og rett til å gå med shorts på jobb.

Lars Mossefinn

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.