annonse

Éi veke eller to

Å FINNA DRAUMANE
Å FINNA DRAUMANE: Summer Holiday er Cliff Richard sin udødelege sommarhit. – Alle har ein sommarferie der dei gjer ting dei alltid hadde lyst til, me reiser på sommarferie for å oppfylla draumane våre! skriv Sjur Hjeltnes. Men ikkje alltid går det etter planen. (Foto: Illustrasjon)

Me reiser for å finna draumane våre. Ein plass der ute finst dei.

  • Sjur Hjeltnes

We’re all going on a summer holiday

No more working for a week or two

Fun and laughter on our summer holiday

No more worries for me or you

For a week or two»

HER HAR ME sir Cliff Richard sin evigeunge sommarhit, spelt inn i 1963.

Den passar ekstra godt no i Luther-jubileumsåret, sidan teksten skildrar god protestantisk arbeidsmoral.

Her er det éi til to vekers sommarferie, så er det på han igjen.

Moro og latter på sommarferie og ingen bekymringar.

I ei veke eller to.

Det betyr jo at dei andre femti vekene i året er stappfulle av bekymringar, slit og strev.

Då er det godt å la seg trøysta av Cliffen si mjuke og malmfulle stemme.

Litt av ein type.

HAN ER EI av dei få postjernene, om ikkje den einaste, som har hatt ei karriere både før og etter Beatles.

Samme året som Summer Holiday kom ut, slo Beatles igjennom med «Please Please Me», og musikkverda vart aldri den samme.

Beatles pulveriserte konkurransen, og mange stjerner måtte berre gå heim og leggja seg.

Men ikkje sir Cliff.

Han gøymde seg djupt inni balladeland der ingen ikkje skulle tru at nokon skulle bu, og kom ikkje ut igjen før Beetlemania var over.

Så kom han på andreplass (slått med eitt poeng) i Melodi Grand Prix i Royal Albert Hall i 1968 med «Congratulations».

Han er den einaste som har hatt ein fyrsteplass på singellista i Storbrittania i fem tiår på rad, frå 1950-talet til 1990-talet.

PÅ WIMBLEDON-SLUTTSPELET i 1996 sat han på tribunen då kampen vart stoppa på grunn av regn. Nokon spurte om han ikkje ville ta ein låt, og Cliffen smelte til med ein minikonsert på 20 minutt, begynte med «SInging in the rain» og heldt fram med mellom anna «Summer Holiday».

Seinare bygde dei tak over banen.

Nokon dagar seinare sprang det ei naken dame inn på banen, men det hindra ikkje Richard Krajicek å bli den fyrste og einaste nederlenderen som har vunne herrefinalen i Wimbledon.

Det kan virka som det var meir show i tennisen før.

No har jo Roger Federer vunne Wimbledon sju gonger, og vinn han ein til, er han mestvinnande i historia.

Kanskje Cliffen må ta ein låt til, eller den nakne dama må koma springande igjen for å hjelpa Roger til å nå sine mål.

INNSPEL
INNSPEL: Av Sjur Hjeltnes. Foto: Arkiv

«Everybody has a summer holiday

Doin’ things they always wanted to

So we’re going on a summer

holiday,

To make our dreams come true»

HER SET CLIFFEN inn støtet.

(Det vil seia; eigentleg ikkje Cliffen, han berre song, men dei to som skreiv låten: Brian Bennett og Bruce Welch).

Alle har ein sommarferie der dei gjer ting dei alltid hadde lyst til, me reiser på sommarferie for å oppfylla draumane våre!

Slik er det.

Me reiser for å finna draumane våre.

Ein plass der ute finst dei.

Kvart år reiser me ut i jakt på dei, overalt i verda, til Syden eller til Kinsarvik.

Me gjer vårt beste.

Men av og til er sjølv ikkje det nok.

Det er ikkje alltid me finn draumane våre.

SÅ OM DU skulle hamna på ein vaklevoren plaststol på ein balkong med utsikt til ein amoniakkfabrikk ein plass på Costa del Gokk med kakerlakkar som kryp rundt både på rommet og i sjela, med ei varm øl og noko lokal spekemat som smakar hoggorm, hol i veggen, berre kaldt vatn i dusjen, naboar som spelar Freddy Kalas heile døgnet, basseng med nok klor til å reinsa ei heil blokk, ville hundar i gangane, ein evigvarande buffet som blir boren inn og ut, lokale spesialitetar som luktar spesielt og ein hotellsjef som får Basil Fawlty til å virka som normal; så må du berre setja på Cliffen på full guffe og synga med.

Du fann ikkje draumen denne gongen.

Du glei ikkje inn på ein ny våg du ikkje visste om.

Det var feil våg.

Men du prøvde iallfall.

Og det er jo berre ei veke eller to.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.