annonse

Ein skål for lokalpolitikaren!

POLITISK VEDTEKEN UTBYGGING?
POLITISK VEDTEKEN UTBYGGING?: – Som førebuing til denne artikkelen har eg sett på korleis skysstasjonen på Voss er planlagt og utforma. Er det som har skjedd der ute, politisk bestemt? Formelt er det slik, men kommunestyret har i realiteten drive med sandpåstrøing, skriv Lars Mossefinn. (Foto: Siri Flatlandsmo)
INNSPEL
INNSPEL: Lars Mossefinn med dagens innspel. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Dei to stabile genia Odd Himle og Magnar Lemme er med jamne mellomrom frampå i avisa og fortel oss folkevalde kor himla dumme me er. Hadde berre dei kloke styrt, så ... er omkvedet der i garden. Mange har teke til orde for det opplyste eineveldet. Dei har alle det til felles at dei ser seg sjølv som einevaldsherskar. Demokratiet er tungrodd, men hittil har ingen kome opp med eit betre alternativ.

I desse dagar jobbar mang ei nominasjonsnemnd med ein kabal som skal munna ut i kommunevallistene til dei politisk partia. Voss og Granvin går eit ekstra spanande val i møte. I 2019 skal me nemleg gjera felles sak.

Nominasjonsnemndene er på jakt etter kjønnsbalanse, representasjon frå alle grender og sosiale lag, og sist men ikkje minst jobbar dei som besett med å finna ungdomskandidaten.

All ære til dei som seier ja til å stå på ei liste. For dei som blir valde inn, ventar det mange seine kveldar og tonnevis med dårleg litteratur. Dei kan venta seg mange leie dilemma, tronge budsjett og få synlege resultat. For alt dette får dei nesten ikkje betalt, og flogvita på Facebook står klar til å kappa hovudet av deg straks du gjer eller seier noko dei ikkje likar. Livet som folkevald på kommunalt eller fylkeskommunalt nivå er ikkje spesielt glamorøst.

Likevel er me heilt avhengige av at nokon tek seg bryet. I motsetnad til det Himle og Lemme gjev inntrykk av, er det ikkje slik at den gud gjev eit embete tek også frå dei forstanden. I det sitjande kommunestyret her i bygda sit det mange reflekterte, engasjerte og flittige representantar frå alle parti. Ein kan ikkje anna enn bli imponert over det arbeidet mange representantar legg ned i førebuinga til møta, og slik er det sikkert landet over.

Noko av det som kjenneteiknar folkevalde, er trua dei har på at ein kan utgjera ein skilnad. I tillegg har dei folkevalde sterkare tru enn folk flest på systemet og organisasjonen dei er sette til å styra. Dette er positivt, men også ein bomerang. Det er ikkje mange grupper det er forska meir på enn politikarar, og noko av det som kjem fram i fleire av desse studia, er at mange blir desillusjonerte. Resultata av det politiske arbeidet er lite synlege. I staden for å skapa må ein spinka og spara.

Mykje av det lokalpolitiske arbeidet er statleg dressur. Alt skal rullast inn i planverket der normene er bestemt av staten, og ei kvar statleg reform er pr. definisjon underfinansiert. Det er mogeleg å forstå rikspolitikarane. Dei lovar velferdsreformer som utan unnatak skal produserast i kommunane. Alle lovar å styrkja lokaldemokratiet, men ingen er budde på å ta konsekvensen – større skilnad mellom kommunane. Rikspolitikarane vil ha i pose og sekk – nasjonale standardar og lokale løysingar.

Sjølv om det økonomiske handlingsrommet i kommunane er svært avgrensa, har kommunepolitikarane trøysta seg med at arealdisponeringa bestemmer ein trass alt sjølv. Også det er ei sanning med sterke modifikasjonar.

Som førebuing til denne artikkelen har eg sett på korleis skysstasjonen på Voss er planlagt og utforma. Er det som har skjedd der ute, politisk bestemt? Formelt er det slik, men kommunestyret har i realiteten drive med sandpåstrøing.

For dei som hugsar attende, byrja det med at Voss stasjon skulle byggjast om. Jernbanen stod for reguleringsarbeidet sjølve, og som me i dag veit, sprakk budsjettet for ombygginga med mange hundre prosent.

Ganske tidleg i planprosessen dukka ideen om Voss skysstasjon opp, og i 2011 var vart ‘visjonen’ visualisert med ein såkalla moglegheitsstudie. I denne ’visjonen’ har ny gondolbane vore ein sentral komponent, men plasseringa var i ein fase uavklart. Skulle han liggja der han no blir bygd eller på den såkalla Grovendalstomta?

Den som i stor grad har lagt premissane for løysinga me no har i fanget, er selskapet som for tida heiter Bane nor eiendom. Drivkrafta deira har sjølvsagt vore størst mogeleg inntening på eigedomsmassen. Prinsippløysinga har blitt selt inn lokalt med honnørorda kompakt og miljøvennleg. Politikarane har blitt passasjerar der dei skulle ha sete ved rattet. Handlingslamma lokalpolitikarar, seier somme, men så enkelt er det ikkje.

For politikarane var det eit heilt reelt val – skal det investerast 700 millionar på/ved Voss skysstasjon eller ikkje. Damned if you do, and damned if you don’t, som det heiter på engelsk. Det er ikkje tvil om at løysinga som er valt, har øydelagt bygningsmiljøet på og rundt Voss stasjon.

Sjølv om gondolbanebygget og hotellet i seg sjølve ikkje er spesielt stygge, er dei på brutalt vis med på å ribba stasjonsområdet for all eksisterande arkitektonisk kvalitet. Fraktgodsen og ekspressgoden er rivne, og det vakre stasjonsbygget er knapt synleg. Busstasjonen har alt det slumpreget busstasjonar verda over har.

Likevel må ein stilla spørsmålet – var dette prisen ein måtte betala? Og – vil det vera verd det? Det siste er det for tidleg å svara på, men det er slike dilemma politikarane må møta rakrygga.

Trass all tvil, var eg sjølv med på ferda.

I teorien kunne politikarane ha sagt at gondolbanen skal gå frå Grovendal og må bruka eksisterande trasé, busstasjonen må leggjast i same området, og arealet mot fengselstomta er for lite til hotell. Det må koma ein annan stad.

Voss stasjon ville då framleis vore arkitektonisk vakker, men me kunne sett langt etter både gondolbane og hotell.

Nye kommunestyrerepresentantar må læra å sjå nytten i dei usexy kompromissa. Dei må læra at medaljar utan bakside ikkje finst. Å møta usakleg kritikk med like usakleg skjønnmaling, slik mange av våre etablerte politikarar gjer, skapar politikarforakt i folket og kløkke politikarspirer.

Politikk er som gjørmebryting. Ein må læra å setja pris på driten.

Lars Mossefinn

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.