annonse

Fattigdom i Noreg 2017

FELLESSKAP OG VENSKAP
FELLESSKAP OG VENSKAP: Idrettsarenaen er ein plass der ein får uttrykt seg fysisk og sosialt. Ein dannar fellesskap og venskap. Men sosiale skilnader kan verta styrkte i ungdomsidretten. Høge treningsavgifter og dyrt utstyr, saman med høge utgifter til cupar, treningsleiarar og andre arrangement, kan verka som barrierer, skriv Gunn Marit Bergstrøm. Biletet er brukt som illustrasjon. (Foto: Tore Tveito)

Noreg er eit land prega av stor økonomisk velstand og gode materielle levekår for dei aller fleste born og unge. Men ifylgje Oppvekstrapporten 2017 aukar barnefattigdommen i dette landet.

Ifylgje rapporten veks no kvart tiande barn opp i familiar som har låginntekt over lengre tid.

Kva er barnefattigdom? «Det betyr at barnet manglar ressursar til å kunna fungera sosialt, delta i dei aktivitetane, og å ha den levestandarden som er vanleg for born i Noreg. Dette byggjer på sosiale normer i Noreg for kva som er akspetable og ikkje akseptable levekår». (Oppvektsrapporten 2017)

For å måla omfanget av barnefattigdom, brukar ein låginntekt som mål. Det vil seia hushaldningar som har ei inntekt lågare enn Medianinntekta i Noreg.

I Voss kommune bur det 14.425 personar. 22 prosent av desse er born, dvs 3174 born/ungdom mellom 0-17 år. Av desse lever over 260 born under fattigdomsgrensa i Voss kommune. Men mange born/unge lever i hushaldningar med ei inntekt rett over fattigdomsgrensa på 60 prosent. Det vil seia at langt fleire born enn dei oppgitte 260 lever i hushaldningar med dårleg økonomi.

Sjølv om samanhengen mellom borna sine oppvekstvilkår og familien sine ressursar er komplekse, veit me at når omfanget av born i familiar med låg inntekt aukar, vert det fleire born i Noreg som er meir utsette for små og store negative livshendingar. Dårleg økonomi kan i seg sjølv gje grobotn for familiekonfliktar, det kan påverka born direkte ved at det gjev vedvarandre bekymringar og belastningar, noko som kan påverka psykisk helse.

Ifylgje Dahl/Bergsli og Van Der Wel opplever born som er svakare stilt økonomisk i Noreg dårlegare fysisk og psykisk helse, fleire ulukker, mobbing og mindre sunn livsstil.

Sjølv om inntektsskilnadene i Noreg er låge i internasjonal samanheng, veks altså 10 prosent av alle borna opp i låginnteksfamiliar i 2015. Dette utgjer 98.175 born. I 2001 var 3,3 prosent av alle borna i same situasjonen. Delen har med andre ord tredobla seg i løpet av 14 år.

Desse borna er utsette for marginalisering i form av fattigdom og sosial eksludering. Årsakene til at barnefattigdom aukar er fleire, men nokon av dei er fleire åleineforsørgjarar, fleire innvandrarar, og at mellom anna barnetrygda og andre støtteordningar er vorte redusert siste åra.

Kva konsekvensar får dette for borna og ungdomane i praksis?

Slik det er i dag, deltek dei fleste born/unge i organisert idrett. Særleg barneidretten har siste åra fått ein betydeleg vekst, og det er nesten ingen ungdom lenger som ikkje har vore innom idretten i løpet av oppveksten. Ifylgje Norges idrettsforbund finst det over 11.000 idrettslag i Noreg.

Dette viser at idretten har stor breidde i lokalsamfunnet. Det er veldig bra.

Idrettsarenaèn er ein plass der ein får uttrykt seg fysisk og sosialt. Ein dannar venskap og fellesskap. Det som dei seinare åra har vore uttrykt bekymring for, er at sosiale forskjellar er i ferd med å festa seg og forsterkast.

Dette er særleg til bekymring i ungdomsidretten, der kostnadene er høgare enn barneidretten.

I ulike samanhenger kan høge treningsavgifter og dyrt utstyr verka som barrierer for å vera med i idretten, samtidig som det kostar mykje for dei som er med i idrettslag å vera med på cupar, treningsleirar og andre arrangement som idrettsungdom er forventa å vera med på. Dette kan fort føra til marginalisering og ekskludering.

Det som er kjekt å vita er at Bufdir (Barne og ungdomsdirektoratet) deler ut 222 millionar for å hindra barnefattigdom. For at frivillige organisasjonar, private aktørar og offentlege instansar kan søkja om støtte, må kommunane stadfesta at dei vil kunngjera ordninga lokalt.

Voss kommune har opna opp for dette i 2017 og søknadsfristen gjekk ut i går, 8. desember.

Sidan det no er desember og me går inn i førjolstida kan kanskje kvar og ein av oss innimellom slaga med jolehandel, jolebakst og jolevask stoppa opp litt og tenkja på korleis stoda eigentleg er? Er me i den heldige situasjonen at økonomien er god og me har god levestandard? Ifylge oppvekstrapporten 2017 kan ein definera levestandard mellom anna etter kor mange bilar ei hushaldning har, kor mange datamaskiner og mobiltelefoner ein har i huset og om alle har kvart sitt soverom.

Kva kan me som privatpersonar bidra med? Kan det vera at at me har masse fint brukt utstyr i kjellaren som ikkje vert brukt? Treng me kjøpa nytt og i tilfelle, er det nokon andre som kan ha nytte av det ustyret du då har ståande? I staden for å kasta det og la miljøet få endå meir avfall? Me har jo no på Facebook fått kjøpe/bytesider der ein kan nytta seg av dette, og Voss utferdslag hadde laga ein flott ettermiddag med grøn dag i motseting til Black Friday. Fretex òg tek imot fint brukte ting som andre kan nytta seg av for ein billeg penge.

Dugnadsånda står sterkt i vossabygda. Det er veldig bra. Når Voss arrangerer store arrangement, viser det seg at vossingane stiller opp. Det slår meg kvar gong ein gjer noko i felleskap at dette gjev glede og inspirasjon. Me må berre hugsa på at dei små dugnadene me gjer når det gjeld klassemiljø, arbeidsmiljø, idrettsmiljø eller anna er viktige for mange! Det er like viktig med dugnad når det gjeld dei små arrangementa eller når laget skal på cup. Det kan gjera ein stor forskjell for den eine av dei 10 som ikkje har så mykje å rutta med. Samtidig som det skaper tilhøyrsle, fellesskap og nye bekjentskap for oss alle. Kanskje me også skal motivera born/ungdom til å læra dei at ei gåve treng ikkje alltid vera av materialistisk innhald. Ein invitasjon til å koma heim på kvelds, eller til å bli med på aketur kan ofte gje større glede enn ein ting.

Den boblande indre gleda kjem sjeldan av materielle ting. Den kjem ofte av noko heilt anna. Her ein dag kjende eg ei boblande indre glede etter å vore på tur i Voss ski- og tursenter. Eg tok meg ein spontan skitur – nede i bygda var det grått og trist, men då eg kom opp på stadion var det flotte oppkøyrde løyper, det var vindstille, månen og stjernene lyste frå klar himmel og eg kjente at kroppen og skiteknikken spelte på lag denne dagen. Det var så leikande lett å skøyta seg bortover løypene, og det var då eg kjente denne boblande indre gleda og ei takksemd over kor heldig eg er som får oppleva dette.

Denne kjensla må opplevast, og eg unner kvar og ein å få oppleva dette om det er på ski, på fotballbanen, på dansegolvet, ute på tur i skogen, på skulebenken, over ein kopp te med ein venn eller kvar som helst ... uavhengig av økonomi!

Eg brenn for eit levande inkluderande samfunn, der alle både med god og dårleg økonomi kan få sjansen til å oppleva meistring, fellesskap og ei indre glede over å kjenna seg delaktig og inkludert.

Med ynskje om ei god førjolstid og god jol!

Gunn Marit Bergstrøm, fysioterapeut Voss

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.