annonse

Festivalen i våre hjarta

MEIR ENN MUSIKK
MEIR ENN MUSIKK: Skal ein laga ei offentleg støtteordning for festivalområdet, betingar det at ein reflekterer over kva festivalen er. Ein festival er nemleg ikkje summen av konsertane. Nemninga for det fenomenet er konsertserie. Ein festival er noko langt meir enn musikken. (Foto: Hordaland/Arkiv)
INNSPEL
INNSPEL: Lars Mossefinn skriv laurdagens innspel. (Foto: Privat)

No er me godt i gang. Gjestene kom i går med ski, ryggsekk og festivalbillettane på innvendsen.

Velkomstklemmane er gjennomførte og no sit de kanskje ved frukostbordet og diskuterer akkurat kor fantastisk opningskonserten til Arild Andersen var, eller de er komne eitt steg vidare – ljosløypa for laurdagen skal leggjast.

MANGE LET JAZZ vera jazz på dagtid og tek turen opp i løypene enten desse er på Hanguren, i Myrkdalen eller i Herresåsen. Desse er først klare (eller ørlite uklare?) i køen inn til tingingsverket til Eirik Hegdal. Andre er ivrigare i tenesta. Dei har fått med seg utekonserten til Trondheimsstudentane før dei strenar opp i Osasalen til møte med danske Nana Rashid kl 12. Festivalpublikummet er samansett – frå musikknerden til han som seier: «Eg trur kjeringjè har kjøpt slek ein husbillett pao Park laurdajen», og alle skal kjenna seg like velkomne.

Det er ein romsleg harmoni som rår på norske jazzfestivalar. I Arbeidarpartiet seier me gjerne at alle skal med, men valet i haust synte at ikkje alle trudde på oss. På jazzfestivalen er det annleis. Her er alle med på sitt nivå. Vossa Jazz skal ha stor ros for at dei greier å femna om alle og at alle i så liten grad går i vegen for kvarandre. I ei tid der folk på sosiale media leikar hauk over hauk og kappast om å vera konge på Listhaugen, kan det vera greitt å koma til nokon som omfamnar alle. Nettopp difor er det viktig å leggja til rette for at så mange som råd kan oppleva sin festival enten det er Badnajazz, Lars Vaular eller Dinamitri Jazz Folklore. Det er eit sosialdemokratisk snitt over norske jazzfestivalar, og Vossa Jazz er flinkaste jenta i klassen.

FESTIVALEN ER SYSKENBARNET til karnevalet. Båe fenomen har opphav i religiøs feiring. Karnevalet kom før fasten og festivalen (fēstivālis eller festi vale) kom rett etter. I våre dagar er karnevalet i Venezia, Rio og New Orleans (Mardi Gras) vidgjetne turistmagnetar.

Karnevalet og maskeradeballet var eit friminutt eller for ei kort tid ein fristad der den sosiale kontrollen ikkje var like sterk som elles. Dette er eit element festivalen også har teke opp i seg. I 1974 rynka godt vaksne vossingar på nasen over langhåra ’ullteppe’ som flokka seg på Vangen første helga i mars. I dag brukar mang ein godt vaksen vossing festivalfridomen til å ta seg ein pils i fullt dagsljos. Det er elles berre akseptert 17. mai – og 17. maifeiringa vår har faktisk eit visst karnevalisitisk preg!

Den eldste musikkfestivalen har røter attende til 1400-talet. Fiera della Frecagnola i den sør-italienske fjellandsbyen Cannalonga seiest å vera verdas eldste. Det er ei veletablert sanning at Newport er verdas eldste jazzfestival. Han blei skipa til i 1954, og opningsdagen var laurdag 17. juli med følgjande artistar på programmet: Eddie Condon, Ella Fitzgerald, Gerry Mulligan Quartet, Lee Wiley, Milt Jackson, Oscar Peterson, The Dizzy Gillespie Quintet og The George Shearing Quintet.

SNAKKAR EIN MED utanlandske jazzfestivaltilskiparar, skin det raskt gjennom at dei til tider misunner oss den oljesmurte kulturpolitikken, men like ofte kjem det for ein dag at dei ikkje er like imponerte over kva me får ut av alle offentlege kulturkronene. På festivalområdet er eg faktisk langt på veg einig.

Skal ein laga ei offentleg støtteordning for festivalområdet, betingar det at ein reflekterer over kva festivalen er. Ein festival er nemleg ikkje summen av konsertane. Nemninga for det fenomenet er konsertserie. Ein festival er noko langt meir enn musikken.

Ein viktig komponent er ei festivalspesifikk offentlegheit som ikkje kan styrast, men som kan stimulerast.

FOR 30-40 ÅR SIDAN var denne offentlegheita langt meir einsarta med omsyn til musikkpreferansar. Jazzfestivalane i Molde, Kongsberg og Voss hadde eit sterkt preg av eit bransjetreff eller utvida slektsstemne.

Med åra har festivalane blitt regionaliserte og ’demokratiserte’. Lokalt næringsliv har sett pris på folkefest-elementet i jazzfestivalen sin.

Dette har ført til at det kreative og karnevalistiske har forsvunne frå fleire av dei norske jazzfestivalane.

Mange mindre utanlandske festivalar har på si side greidd å ta vare på dette aspektet. Heldigvis er Vossa Jazz den festivalen her på berget som best har teke vare på arven frå 70-talet. Det har vore medvite, men ein har fått drahjelp av vinteren – så ærleg må ein vera.

KAN DET VERA von om at Norsk kulturråd kan dela ut støtte til festivalar basert på kunst, karneval og kreativitet?

Neppe. Der gjeld dei sosialdemokratiske teljekantane.

Lars Mossefinn

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.