annonse

For Konge og fedreland

HIPP, HIPP HURRA!
HIPP, HIPP HURRA!: – Det er naudsynt å ta vare på sitt eige for både å skjøna annleis tenkjande og kunna kjempa for andre sin fridom i tru og tanke, skriv Steinar Bergo. (Foto: Ingerid Jordal)

Det byrja med 1814, Henrik Wergeland som kombinerte 17. maifeiring og vennskap med svenskekongen Carl Johan, 1905 med Håkon 7, og sidan har me hatt kongar som for Noreg er større enn Martin Luther.

Mi eiga 17. maifeiring starta med ein springetur ned Bergoberget og Gjelet til Brakanes på ti minuttar. Turen gjekk vidare til Lekve skule der barnetoget starta. Toget enda i kyrkja med flagg og faner der elevar og lærarar var sjølvsagde tilhøyrarar.

Det gjekk ikkje «alltid eit tog» i Ulvik, og det var ein kamp å nå det seinare med tre ungar. Det vart gjerne kona sin jobb å gjera tre gutar klare for den nasjonale is- og brusdagen. Som lærar fylgde eg klassen min. Noko som var sjølvsagt heilt til det vart knesett at lærarane skulle ha betaling for å gå i tog. Sjølv som pensjonist skjemmest eg over eit slikt vedtak. Det er noko som skurrar med «liv og læra» når ein er så glad i elevane, men ikkje kan gjera noko utan betaling. No må jamvel foreldra reisa på skuletur, fordi det vert for dyrt å senda lærarar. Sjølv om eg har vore ein hardnakka filolog, så er dei beste skuleminna mine frå turar med klassar i inn og utland. (Godt pensjonistar heldigvis ikkje kan seiast opp!)

Etter ein tøff oppvekst og eit hardt arbeidsliv har eg hatt eit friare tilhøve til 17. maifeiringa. Men Konge og Fedreland, soge og kultur er minst like viktig. Det er naudsynt å ta vare på sitt eige for både å skjøna annleis tenkjande og kunna kjempa for andre sin fridom i tru og tanke.

Nasjonaldagen er kanskje vorten meir ein ettertankens dag, og eg har langt mindre godt av is og brus, og støyen kring feiringa. «Eg vakna av eit skot i senga, og hadde ikkje før fått broka på meg, då det braka igjen», som han skreiv guten i stilen om 17. mai. Det er godt å liggja litt frampå om morgonen, men å nesten ramla på golvet av eit jordskjelv og tre brak i reservatet midt på natta er ein dårleg start, «ein merkeleg måte å feira freden på», skriv Olav H. Hauge i dagboka i mai 1945.

Det var ein gluping som sa at ein skulle senda salutten i radio, så kunne dei som ville, høyra på. I dag ville vel Facebook vera mest tenleg. Det ville finna dei fleste heime i dobbel forstand! Høyrselvern er sjølvsagt ei løysing, men for dei som har kyr, kan det føra til forsoving og at kyrne «held mjølka» for å demonstrera. Dei har òg fått nye rettar i dette fridomslandet, går fritt omkring, får sova på madrasser, og i staden for å reisa til Danmark for å verta bedekka, så kjem inseminøren direkte til kunden. Når alle skal ha maksimal fridom, må sjølv naturen gje tapt!

Nokre gonger har eg reist bort på Nasjonaldagen. Ein gong skulle me feira dagen i Paris. Eg hadde eit avsaga barneflagg i baklomma. Det gav eg til mannen i resepsjonen på hotellet. Eg mått driva litt støtteundervisning om kva dag det var, og kvifor eg hadde flagg med. Han var nok meir oppteken av den franske revolusjonen frå 1789 og Liberté, égalité, fraternité – (Fridom, likskap, brorskap) og 14. juli. Det enda med at han sette det på hylla i lag med trikoloren. Bortsett frå dette, så var feiringa av 17. mai i Paris sparsame greier.

Eit anna år var eg i Auschwitz, Krakow. Det var ei sterk oppleving å gå mellom jarnbanesviller, eit krematorium som hadde fått for liten kapasitet, eit stort som var freisa sprengt i filler og restar av barakker. Her vart prislappen på fridommen tydeleg for alle!

Det er ikkje uvanleg å nemna grunnlova og 1814 i ein 17. maitale. Men det er viktigast å sjå framover og aktualisera dette med fridom, likskap og brorskap. Somme talarar kjem ikkje lenger enn det historiske, og den beste 17. maitalen eg har høyrt, nemnde ikkje 1814 i det heile!

Då Berlinmuren fall den 9. november 1989, på datoen for sjølvaste Krystallnatta, og Sovjetunionen løyste seg opp, trudde folk – som Neville Chamberlain i 1939 – på «Peace in our time». Men så syner det seg at nye skyer dukkar opp på himmelen med nye trugsmål. To stikkord er IS og Russland. Terroraksjonar kvar som helst i verda er blitt kvardagen vår. Marginaliserte personar og folk finn si meining i det meiningslause. Men «vanlege» muslimar skal òg kunna hetsast under fana for uttrykksfridom. «Je suis Charlie» heiter det. Er det skilnad på uttrykksfridom og respekt for andre? Har ikkje den som legg opp til alvorlege reaksjonar frå andre, òg eit moralsk ansvar? Skaper ein fred med å såra folk? Je ne suis pas Charlie!!

KRONIKKFORFATTAR
KRONIKKFORFATTAR: Steinar I. Bergo. Foto: Ingerid Jordal

Noreg skal vera best i klassen både når det gjeld EØS, Nato, ski og «rævedilteri» (godt Sponheimuttrykk) etter USA. I all si snillheit var norske fly også best når det gjaldt bombinga i Libya. På «the American way» sleppte norske jagarfly mest 600 bomber over Libya. Røvaren Muammar Gaddafi vart fjerna på ein lite human måte og landet etterlate i kaos, som Irak. Frå Afghanistan har norske soldatar kome heim i kister, og familien fått heltemedalje for ein meiningslaus død.

Den 29. oktober i 2016 var det avstemming i FN over å starta arbeidet med ein avtale om forbod mot atomvåpen. 123 land, eit overveldande fleirtal, røysta for. 38 land (slike som har atomvåpen) røysta imot. 16 land avsto frå å røysta, mellom dei vår eigen Børge Brende – frå Noreg, fredens land!?

– Kong Håkon våga å seia nei til Hitler i 1940, men Brende gjer som «storebror seier»! Coward!

Putin er den «store stygge ulven» som ikkje likar kanoner på trappa si eller amerikanske soldatar på norsk jord. I dialognasjonen Noreg skjønar ikkje politikarane at han kan vera «så dum»! Ingen utanlandsk politikar kom til fredsminnet i Moskva i 2015, ikkje ein gong naboen! Då «dei allierte» hadde si markering i Auschwitz, var ikkje Putin invitert! Dette trass i at det var russiske tropper som frigjorde denne fangeleiren. Russarane frigjorde òg Nord-Noreg og drog heim att. Kor historielaus og usjølvstendig går det an å bli? Kanskje det heng saman med den same historieløysa for kultur og redsla for religion som overgår både aids og svineinfluensa!

Russland såg religionen som «opium for folket» (Karl Marx) etter revolusjonen i 1917. Det vert sagt at det førde til ei oppløysing av Sovjetunionen. Putin har skjønt dette. Religionen er limet i eit folk, meiner han. Den ortodokse kyrkja blomstrar i Russland i dag. Putin har òg bygd ein stor moské i Moskva (Moskeva?). Religionsfridom, men inga ytterleggåande praksis er hans parole!

Noreg kvittar seg med sin tradisjon og legg seg ope for alt og alle. Jamvel to parti vil gjera vedtak om at Kongen ikkje skal kunna vedkjenna seg til ei tru! Dette i trusfridommens land!

Den nyaste meiningsmålinga viser at 80 prosent av det norske folket ynskjer å ha kongen. Ein del politikarar, særleg i to parti, vil fjerna kongedømet, Dette skal bli litt av ein stemmesankar i valet i haust! Eg vil gjerne minna om at Kong Olav V vart vald av folket til århundrets nordmann i det 20-århundret. Kanskje Harald V vert den neste. Eg skal førehandsrøysta på han!

Noreg marknadsfører seg som verdas største velgjevar og frelsar, men mange har ikkje høyrt om Noreg ein gong. Som liten og rik nasjon kan me sjølvsagt hjelpa ein god del, og ikkje minst vera ein moralsk pådrivar. Store personlegdommar som Mahatami Gandhi, Mor Teresa, Nelson Mandela, Malala Yousafzai og vår eigen Fridtjof Nansen (som vart gravlagd på sjølvaste 17. mai i 1930), kan gjera ein forskjell som flaggberarar for alle nasjonar.

For den einskilde ligg ansvaret mykje på det etiske planet, yta sin skjerv i kroner til naudlidande, men òg i det daglege visa ansvar og omsorg for dei nære, for miljøet og bruken av ressursane. Alle kan bidra etter personleg evne. For tida er bruken, og særleg kasting i staden for å resirkulera plast, eit heitt tema. Ein relativt liten kval greidde minst 40 posar. Jamvel kyrne et plast no! Kva ein kastar i havet, på land eller brenner på eigen grunn, er og uttrykk for moral. Høg moral kjem tydelegast fram når ingen ser meg og deg!

Fridom, likskap og brorskap må gje fridom til å tenkja sjølv, respektera andre og bruka si eiga fornuft og forståing i høve til både venn og «fiende»!

Det er flott at me har ein konge som er oppteken av verdiar som ikkje berre er kroner. Kanskje det er dette som gjer at nokre få i vårt land opplever han som eit trugsmål mot at «pengane framleis skal styra verda»? Kongen vert den gamle sjøfartsnasjonen sitt flaggskip mot konservatismen og «oss sjølv fyrst»-vinden som blæs over kloden!

I ytringsfridomens namn ynskjer eg «Gud signe vårt dyre fedreland», men òg andre sitt land, sin fridom, likskap og systerskap! Hipp, hipp hurra!

Steinar Bergo, Cand.philol.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.