annonse

Forandring frydar, eller ...?

EIN NY VÅR
EIN NY VÅR: – Nye frø kan bli sådd og slå ut i full blomst, skriv Gunn Marit Bergstrøm. Ho overfører dette til menneskeleg vekst og forandring anten det gjeld livsstil, trening eller andre arenaer i livet. Illustrasjonsfotoet er henta frå Hjeltnes gartneri i Ulvik. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Det nærmar seg vår og både menneske, dyr og naturen byrjar å gjera seg klare for å spira og gro.

Ordtaket «ein ny vår» kan brukast når ein ynskjer forandring. Vinterens dvale er forbi, nye frø kan bli sådd og få anlegg til å veksa og slå ut i full blomst.

KVA SKAL TIL for at du skal slå ut i full blomst?

Du har sjølv nøkkelen til å skapa forandring. Du må inn i aktørrolla, og viktigaste suksessfaktoren er deg sjølv. Du må ynskja ei forandring frå der du er i dag, om du skal lukkast med det du ynskjer. Du må akseptera at du er der du er i dag, og derfrå ta små steg for å koma dit du vil.

«Ei lita forandring på retninga, og du endar på ein annan plass.» Men for å få til ei forandring, må du:

- Tru på at du fortener det

- Tru på at det er mogeleg

- Tru på at du har evner

Dersom du går rundt og trur at det er umogleg, så er det nok det. For om du du trur du kan, eller trur du ikkje kan, så har du nok rett. Forventningane til deg sjølv er veldig sentrale. Dine førestillingar og haldningar er svært viktig dersom du ynskjer endring. Du må vera mottakeleg og du må vera open. For dersom du ikkje ynskjer å gjera ei endring, så skjer det svært lite.

Endringsprosessar krev tålmod og det krev mot.

Du må forplikta deg til ynskjet ditt om endring, du må vera konsekvent, tålmodig og ha dei rette haldningane. Det er òg viktig å ha ein heiagjeng som støttar deg i endringsprossesen, elles er det er fort for å falla tilbake i gamle vanar.

Du må vera regissøren i ditt liv!

DERSOM DU YNSKJER endring i livet ditt, om det gjeld livsstil, jobb, trening, sosiale relasjonar eller andre arenaer i livet ditt, er det tilrådd å setja seg mål. Korleis har du det i dag? Korleis vil du ha det i staden? Kva vil du ha meir av i livet ditt? Kva må til for at du skal få dette inn i livet?

Me er alle vår største fiende i større eller mindre grad. Dersom du går rundt deg sjølv eller ligg på «sofaen» og tenkjer «eg skal starta i morgon» eller «neste veke», eg skal gjera det, eg skal berre – så kjem du ingen veg. Du kan ha all verdas resursar for å lukkast, men utan handling kjem du ingen veg.

For å oppnå målet om endring – anten å snu økonomien din, endra livstilen din, få ein finare hage, bli gladare, finna kjærleiken, gå opp eller ned i vekt, gjera det beste ut av sjukdommen din osv, må du handla. Du må slutta å vera uærleg med deg sjølv og slutta å laga unnskyldingar.

Det er veldig vanleg, og menneskeleg å skrapa saman historier og forklaringsmodeller for kvifor ting ikkje går som me ynskjer her i livet.

«Det er ikkje min feil» – sjefen er ein dust, ektemaken er ein surpomp, det er ikkje økonomi, eg er altfor sliten, eg har ikkje fått utdelt det same evnene som deg, eg er ikkje like modig og så vidare.

Hugs at du er den ansvarlige for ditt liv. Du er sjefen i ditt liv og du sit i førarsetet.

SÅ OM DU er klar for å gjera nokon endringar fram mot våren, kan du setja deg eit mål og bruka SMART-modellen.

Målet må vera

S - Spesifikt

M - Målbart

A - Attraktivt

R – Realistisk

T - Tidsbestemt

NÅR DU SKAL gjera ei endring, er det greitt å vita at det skaper ofte motstand i deg, men også i omgjevnadene dine. I alle fall om det fører til store forandringar for deg og dei nær deg.

Endring kan skapa frykt og overveldane kjensler, kroppen kan gå i alarmberedskap. Frykt triggar «flykt og kjemp»-responen i reptilhjernen – reptilhjernen er ikkje logisk – men kjensla kan vera veldig sterk og opplevast reell.

Ved hjelp av vårt eige sanseapparat og automatiske tankar køyrer me skrekkscenario i nervesystemet som skaper frykt.

Dette kan kroppen og nervesystemet ditt oppleva som farleg, sjølv om det ikkje er det for dei som ser det utanfrå. Men kroppen din, tankane og sansane dine kan vera i fullt kaos. Desse scenarioa kan du gjera noko med. Det er ubehageleg å vera redd. Det gjer oss skvetne, hjelpelause, passive og tryggleikssøkjande.

MEN om alle føler frykt når dei står overfor noko nytt i livet, så er det likevel mange som trassar frykta, og gjer det likevel.

Då er ynskjet om endring så sterkt at du våger å stå i det.

På vegen til forandring er det ulike verktøy å bruka. Nokre treng tid for seg sjølve i naturen eller andre stader dei finn ro og motivasjon, andre har behov for å prata til eit lyttande øyre.

Andre brukar musikk, pusteteknikkar, visualisering eller skriv dagbok. Andre jobbar meir i hovudet og bestemmer seg og gjer det.

FOR Å VERA klar for å gjera ei endring, må du ha motivasjon. «Motivasjon er drivkrafta bak ei handling». Det vil seia at dess meir motivert du er for å gjera noko, dess større drivkraft har du i handlingane dine som tek deg til målet.

Det er summen av handlingar som gjev resultat. Difor er motivasjon så avgjerande for kva du får til i ulike situasjonar. Hugs også på frykta for endring, eller frykta for kva andre vil seia om du gjer denne endringa.

Frykta kan vera stor slik at dette kan påverka motivasjonen din og få deg til å trekkja deg fordi det vert for ubehageleg.

Men er du godt motivert vil du vera meir løysingsorientert og du vil sjå fleire moglegheiter enn avgrensningar. Motivasjon er ferskvare og motivasjon treng påfyll.

Difor er det nødvendig å tenkja gjennom målet du har sett deg for endring. Kvifor ynskjer du deg denne endringa? Ver då ærleg med deg sjølv.

Her kan frykta spela deg nokre puss og det er fort gjort å finna unnskyldningar for ikkje å gjera endringa likevel.

Å LÆRA Å motivera seg sjølv er noko av det viktigaste du kan læra deg i livet. Uansett kvar du er i livet, om du studerer, er heimeverandre, pensjonist eller idrettsutøvar, så er det oppgåver som skal løysast og dagar som skal levast.

Å gjera ei endring av innarbeidde vanar tek tid. Det krev motivasjon, tid og tålmod. Men har du målet framføre deg, og du blir trigga av dette målet, så tek du små steg i den retninga.

Sjå målet for deg og kva du vil kjenna og oppleva når du er i mål.

UNDERVEGS I PROSESSEN oppstår det frustrasjonar, og det er heilt normalt.

Då er det lurt å ha nokon strategiar på lur som tek deg tilbake til rett fokus. Elles er det fort for å mista motivasjonen.

Så finn det som fyller deg med motivasjon og glede på vegen til den forandringa du ynskjer.

På vegen til forandring er det viktig å ha det skøy!

Latter er alltid viktig. Så le sjølv om du ikkje har noko å le av, ver tålmodig med deg sjølv og hald fokus.

Lukke til!

Gunn Marit Bergstrøm, fysioterapeut Voss

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.