annonse

Friskare på jobb?

OLD BOYS
OLD BOYS: Eg er inne i min femtiande sesong som toppspelar på svært lokalt nivå. No drøymer eg ikkje lenger om England og Liverpool, no tenkjer eg mest på å overleva neste kamp. skriv Torbjørn Ljones. Biletet er frå Smalahovecupen i november 2016, der den då 75 år gamle keeperen Ole Vognstølen på Brann sitt old boys-lag prøver å hindra langt yngre Egil Johansen (midt i biletet) og Stronde Rollers i å skåra mål. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Det seiest at det du ikkje har i hovudet, har du kanskje i føtene. Men skal du vera med på leiken i yrkeslivet i dag, må du ha det begge stader.

Eg er glad for at fylkeskommunen fleksibelt og kreativt har gjeve meg høve til mykje fysisk aktivitet. Eg har no snart vore innom alt; bandy, volleyball, ski, tennis og sjølvsagt det viktigaste i livet: fotball.

Auga mitt er blått som ei Althansplomme, stortåneglene ligg att i sokken, og høgre kneskål skranglar som ein separator.

Eg er inne i min femtiande sesong som toppspelar på svært lokalt nivå. No drøymer eg ikkje lenger om England og Liverpool, no tenkjer eg mest på å overleva neste kamp. Eg er bedriftsidrettsfotballspelar. Snart er det tre dagar sidan forrige trening, og eg er enno lemster og lam i hoftene. Eg gruar meg. Det er berre tre dagar til neste brutale batalje.

Alt starta i Bergen med harde oppgjer mot store teaterånder, bortrekne drøymarar frå universitet og aldrande lærarar frå døveskulen.

Me varmar aldri opp, tøyer aldri ut. Det hender eg tek ein lunken dusj før treninga, det synest eg gjer susen i ein stiv kropp. Slikt er velprøvde prinsipp i all fotball på høgt nivå. Så knuser me i veg frå fyrste spark på ballen.

Dei fleste eg spelar saman med no, har fylt femti år og hundre kilo. Men instinkta eig ingen alder. Kjem det ein løpeball langs sidelina skyt proffdraumane fart og stoppar ikkje før mot eit morke tre i skogen bak cornerflagget. Der kan dei verta liggjande lenge medan tabuorda syng mellom fureleggene.

Livet som fotballspelar i mogne år har sin pris. Eg er sydd og plastra, salva og pint. Men når såra er grodde og beinpipene har lagt seg til ro innanfor huda att, er alt gløymt. Mange slår seg på kryssord og kanopadling når dei har passert toppen.

Ikkje eg. I kveld er det kamp mot eitt av topplaga. Ingen snakkar norsk, serbiske dynamittgubbar, polske muskelbuntar og islandske vulkanar stiller opp i plogformasjon. Eg smør meg inn med balsam og drikk ei skei tran i garderoben. Framleis stolar eg på at ei lur finte på venstre ving kan snu kampen. Av og til løner det seg å vera liten og kjapp.Heldigvis har me bedriftshelsetenesta. Når eg ikkje lenger krek meg ut på banen, når eg ikkje kan stå oppreist i dusjen etter nitti minutt på hardt golv, tek eg kontakt.

Kanskje dei har trøyst til ein falma fotballspelar frå vest som var på topp den tida det var nytt med skruknottar og svart-kvitt-kampar frå Midt-England var høgdepunktet i helgane.

Det er aldri for seint å koma i form. Om du ikkje kan verta olympisk meister, kan du enno byggja litt musklar, enno pusta litt lettare opp bakken eller verta litt mjukare i nakken.

Og det er store pengar å henta – for arbeidsgjevaren!

Sjølv sit du berre att med eit betre liv.

Torbjørn Ljones, rektor Lillehammer videregående skole

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.