annonse

Inga Palma på Palmafossen

NAMNEMYSTERIUM
NAMNEMYSTERIUM: Palmafossen med vadet i bakgrunnen og saga til høgre. Til venstre kraftstasjonen med Palmafossen skule bakom. (Foto: Arne Hofseth)

Etter snart 53 år på Voss står eit mysterium framleis uløyst. Kvifor heiter det Palmafossen på Palma­fossen?

Kjem du til Voss utanfrå, verkar mange namn uvanlege, framande. For ikkje å seia rare. Kjekke karar går rundt og heiter Styrk, Mikkel, Josef og Godskalk. Her finst ingen Halfred og smått med Sindre. I vår grend hadde me gardane Kvasnes, Veibust, Kongshaug og Kildehaug. På Voss kan gardsnamn som Een, Tho og Træen kan teljast på tre fingrar. Skutle, Høn, Kolve og Gavle høyrest framandt ut.

Rene kom ikkje som noko sjokk. Me hadde ein typograf frå Rene i Sunnmøre Arbeideravis tidleg på sekstitalet.

Det meste kan ein bli van med, også Palmafossen, der me opplevde sjokkerande 40 kuldegrader fyrste vinteren. Men det er irriterande at ingen kan slå fast kva namnet kjem av.

Fossen er grei, men Palma? Ingen har hevda at ei som heiter Palma har budd der. Heller ikkje ramla i fossen. Ingen Palmar, heller.

Derimot fanst etternamnet Palm eller Pahlm på Voss, ­importert frå Sverige, men ­sikkert lenge etter at Palma­fossen fekk namnet sitt. Butikkfolk tok etter­namnet Palmafoss fordi dei slo seg til der.

Den fyrste forklaringa me fekk servert knyter seg til Gravhalstunnelen mellom Uppsete og Myrdal. Då Bergensbanen skulle byggjast, fekk italienarar jobben med å laga holet i fjellet.

Den gongen var det ein ofseleg lang tunnel, og fjellet langt hardare enn ein er van med i Italia. Det vert hevda at dei gjekk laus på granitten med spett og hakke.

Framdrifta vart elendig, og karane motlause. Det gjekk som det måtte gå. Dei gav opp, og gjekk ned frå fjellet. Ned heile Raundalen. Der dei nådde i «sivilisasjonen», ropte dei halleluja. Samanlikna med høgfjellet vart dette opplevt som reine palmestranda.

Men namnet Palmafossen var nok i bruk lenge før Bergens­banen kom på banen.

Sjølvaste «Vossabibelen» har heller ikkje eintydig svar. Kindem har eit eige kapittel med overskrift Palmafossen.

«Palmafossen er namnet på fossen der i Raundalselvæ. Ovanfor fossen var Palmavadet. Etterkvart det har vorte bygt der umkring, er desse eigedomane på båe sidor åt elvi kalla med samnamnet Palmafossen. ... På bruk 2 Palmafossen av ­Øvre Lid er umtala sagbruket og materialhandelen der. Palmafossen skule vart bygd i 1892.»

(Lars Kindem: Vossaboki, fjorde bandet, side 148)

Ein teori går ut på at straumkvervlane i elva ovanfor fossen har gitt staden namn. Dei krøllar seg som palmeblad. Det vert hevda at slike kvervlar vart omtala som palmar.

Kindem sin referanse til eit vad ovanfor fossen, styrkjer teorien om at eit oppstraums fenomen kan ha gitt fossen namn.

Fleire meiner at namnet er ein vossavri på namnet Seljefossen. I skikkeleg gamle dagar, skal vossingane ha sagt palme om treslaget selje.

Eldre folk fortel at det vart sagt palmekattar om hannraklene på seljetrea, det som til vanleg vert omtala som gåsungar eller pusekattar. Digital nynorskordliste dreg også inn Bjørkefossen og Pilfossen ved å definera ordet palm som «kvist av lauvtre med raklar eller knoppar på».

INNSPEL
INNSPEL: Av Arne Hofseth. Foto: Privat

Anglofile påpeikar at palm på engelsk betyr handflate. Held ein underarmen vassbeint og handflata loddbeint og framovervridd, ser ein forma på fossen og elva ovanfor.

Palm (på norsk: palme, handbreidd) er også eit lengdemål (knapt 9 cm), i bruk her til lands frå 1500-talet til å måla omkrinsen av tømmer utan bark, og høgd på hestar. Her er såleis relevans både til sagbruk i fossen, og dyr som kryssa elva i Palmavadet. Tømmer har lenge prega området. Kindem fortel at ei gamal kvern og oppgangssag fylgde med då bruk nr. 2 vart skilt ut frå Øvre Lid i 1881.

Frå 1880 og utover dukkar Palma opp i matrikkelen som forstaving på ei lang rekkje bruksnamn på teigar og tufter som er skilde ut med eigne bruksnummer frå tre gardar på kvar side av elva. Her er namn som Palmaheim, Palmalund, Palmatun, Palmamo og sjølvsagt både Palmafoss og Palmafossen. Eldst er kanskje Gjeråks Palmafoss, utskild frå Nedre Rykke.

Me likar best teorien om koselege palmekattar og Seljefossen. Har du fasiten? Det er ikkje aktuelt å grubla i 53 år til.

Arne Hofseth, Voss

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.