annonse

Kva skal du gjera då?

I AM NOT A CROOK
I AM NOT A CROOK: Richard Nixon måtte gå av etter Watergate, men påstod likevel at han ikkje var ein skurk. Biletet er frå dottera Patricia sitt bryllaup i 1971. (Foto: Warren K. Leffler, U.S. News & World Report/WikiMedia commons)
INNSPEL
INNSPEL: Av Sjur Hjeltnes. (Foto: Privat)

Det gjeld å ikkje dumma seg ut.

Ein må for all del unngå det.

Det er ei av dei sterkaste drivkreftene våre.

Me gjer alt me kan for ikkje å sitja igjen med svarteper.

Det einaste me vil er å få det til.

Gjera det riktige.

Gjera det som trengst.

Gjera det som er forventa av ein.

Vera ein som det går an å stola på.

Ein som ikkje dummar seg ut.

Ein som ikkje alle peikar på og seier:

– Sjå på han idioten der då! Hahahahaha!! Han er jo heilt ute!!!

Så derfor gjer me alt me kan for ikkje å dumma oss ut.

Me spør andre: – Dummar eg meg ut viss eg gjer dette?

Og dei seier: – Nei, klart ikkje!

Og så gjer du det, og så dummar du deg ut.

Framfor alle.

Og det er alltid ein som seier:

– Det der skulle du ikkje ha gjort. Det var ikkje lurt. No dumma du deg ut.

Eller så googlar du kva som er lurt å gjera.

Og så gjer du som Google seier, og så dummar du deg ut.

Eller så seier du til deg sjølv:

– No må du skjerpa deg! Ta deg saman! No må du ikkje dumma deg ut!

Og så dummar du deg ut.

Totalt.

Gong etter gong.

Går fem på.

Trakkar rett ut i salaten.

Går rett i baret.

Trampar i klaveret.

Med begge beina.

Og når du står der, til knes i salat, så har du to mogelegheiter.

Du kan innrømma at du dumma deg ut.

Du kan seia:

– Der dumma eg meg ut.

– Tabbe!

– Mi feil!

– Beklagar!

– Unnskyld!

Det er pinleg der og då, men det går eigentleg fort over.

Og dei andre vil ha forståing for deg, fordi dei er minst like håplause som deg.

INNSPEL
INNSPEL: Av Sjur Hjeltnes. Foto: Privat

Eller så kan du lata som ingenting.

Stå der med begge beina i salaten som om det var den naturlegaste ting i verda.

Og så kan du seia:

– Dette er det luraste eg har gjort.

– Det var akkurat dette eg ville gjera

– Ein spasertur i salaten var akkurat det eg trong i dag.

– Eg anbefaler alle ein tur i salaten.

– Det å trakka i salaten er det beste som nokosinne har hendt meg.

Vel du denne metoden, så kan du klara å overbevisa mange om at du ikkje er ein idiot.

Folk vil gjerne tru på det du seier.

Du kan oppnå mykje.

Du kan tena masse pengar.

Du kan bli president.

Men det vil sjølvsagt ikkje forandra det faktum at du er ein idiot.

Som har dumma seg kraftig ut.

Og denne metoden krev mykje energi.

Som Benjamin Franklin sa: – Me er alle fødde uvitande, men du må jobba hardt for å forbli dum.

Og det er jo ikkje akkurat noko nytt.

Verdenshistoria er full av folk som ikkje klarde å seia at dei hadde dumma seg ut.

Skal me læra noko av dette, så er det dét at ein må aldri høyra på det folk seier.

Som oftast seier dei det motsette av det som er riktig.

Napoleon: – Frankrike treng meg meir enn eg treng Frankrike.

White Star Line: – Titanic kan ikkje søkkja.

Adolf Hitler: – Eg skal ikkje invadera Polen.

Richard Nixon: – Eg er ingen skurk.

Bill Clinton: – Eg hadde ikkje sex med den dama.

Donald Trump: – (alt han nokosinne har sagt).

Djupast sett er me jo alle idiotar.

Som dummar oss ut.

Heile tida.

Det er berre å innrømma det med ein gong.

For då får du mange nye vener.

Sjur Hjeltnes, Voss

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.