annonse

Kvar vart det av gras­hoppene og dei gamle?

ALDERDOM
ALDERDOM: «Det er ikkje kva som står på speedometeret som tel, men korleis «køyretøyet» er halde ved like», skriv Steinar Bergo i dette innspelet om å verta eldre. Biletet er frå eldretrimmen hjå Mosjonsgutane på Voss. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)
INNSPEL
INNSPEL: Steinar Bergo. (Foto: Privat)

Sjølv om fordelen med det å verta eldre på somme vis minskar med åra, så er det ein undervurdert tilstand i vårt land og vår kultur, skriv Steinar Bergo.

Då eg var liten, var det fullt av grashopper mellom markblomar og finntopp. Dei laga ein høgfrekvent og intens lyd som hjelpte oss til å fanga dei.

Grashoppene hadde lange bein om lag som ein lausvinkel. Me heldt dei i hendene til dei hoppa vidare, og grashoppene song vidare i ei alltid skinande sommarsol.

Ein høyrer stadig at arten døyr ut. Eg kan ikkje hugsa akkurat når grashoppa forsvann, men det byrjar å verta nokre tiår sidan. Det skjedde i alle fall lenge før roundupen vart oppfunnen, så den kan ikkje ta skulda.

Høyrselen skal visst og verta dårlegare med åra. Det kan skuldast påverknad frå musikk og «den styggen børinga» som svigerfar min ropa etter mange år i Vegvesenet utan høyrselvern. Men i mange høve er det ei naturleg utvikling eller avvikling?

Det vanlegaste svaret på spørsmålet «Høyrer du?» er «Hæ!» Rettare svara vel han som fekk same spørsmålet: «Ikkje det slag!» I krig er det ein føremon å kunna høyra, sjølv om «Hàvamål» skriv «Er du dauv kan du duga i strid.» Ein som hadde fått fritak fordi han var døv, gjekk etterpå forbi vindauga til militærlegen. Då legen banka på glaset, snudde den vernepliktige seg. Då gjekk vegen fort tilbake til uniform med bukse som var litt vid i halsen!

Mange høyrer det dei vil høyra, noko som er svært effektivt. Det krev likevel god høyrsel slik at du veit kva du ikkje skal høyra! Det finst i dag høyreapparat for tunghøyrde. Då kan du og høyra det du vil. I naudsfall kan du skulda på batteriet.

Før i tida vart folk gamle. Mange gjekk med stav. I dag er det unge folk som brukar stav, og gjerne to. Etterpå går dei ikkje inn på aldersheimen, men på jobb! Då me var konfirmerte og sertifiserte for det syndens Ungdomshuset, tykte me dei på 30 år var frykteleg gamle. Besten min var nett passert 80 då han forlèt denne verda. Då hadde han stavra med stav frå bussen på Kløvet og heim i mange år. Eg syntest jamvel at mor mi var gammal, sjølv om ho ikkje vart meir enn 48.

INNSPEL
INNSPEL: Steinar Bergo. Foto: Privat

Då eg byrja som lærar i 1973, var det overgang til 9-årig skule. Ein del elevar måtte gå om att. I klassen min var der jamvel ein som var 18 og hadde sertifikat. Eg følte eg var om lag jamgammal med elevane med mine 24 år. Men det denne myndige eleven sa i ein eller annan samanheng har eg aldri gløymt: «Dei gjorde vel det då du var ung og?» Seinare kjende eg meg meir jamgammal med foreldra, og i dag er det besteforeldra. Men ingen er gamle lenger. «Lite er forskjellig, og det er utanpå»! Eller ein kan bruka Arne Garborg: «eitt eg hugsar som gjev meg Fred. Dei eldest med Tidi dei unge med.»

No lever folk av ulike grunnar lenger. Det skuldast både eit betre helsevesen og anna levesett. Men om dei blir eldre enn før, så ser eg ingen gamle lenger. Derimot ser eg mange unge som driv med vaksenting. Ein gong eg var tilbake på Universitetet i Bergen, såg eg ein liten tass som sat og dingla med beina framfor ein PC. På døra stod det professor eit eller anna. Når det er eit stort byggjeprosjekt, eit firma eller ein advokat som skal forsvara ein luring eller få han dømd, så dukkar det opp ei lita dame, mykje yngre enn mitt yngste barn.

Når eg køyrer bil, fyk gjerne ein kjenning på langt over 90 forbi meg i den nye bilen sin. Han eller ho er dei same som eg hugsar dei frå tidlegare. Før jol i fjor var eg på jolebord i pensjonistlaget. For det fyrste var programmet fint og meiningsfylt med dikt, forteljingar og gode norske songar. Det var utan den vanlege tomme «humoren» som framkallar skratten og ikkje smilet. Her møtte eg ei samling «ungdommar» som rett nok hadde nokre år på speedometeret, men representerte fagkunnskap og menneskekunnskap som nokon kvar ville hatt glede av. – Brått skjøna eg noko eg hadde smilt av far min av, då han over 80 ofte sa at han skulle på Aldersheimen og besøkja dei gamle. (Eg treng vel ikkje driva nokon eksegese over dette?)

Sjølv om fordelen med det å verta eldre på somme vis minskar med åra, så er det ein undervurdert tilstand i vårt land og vår kultur. Det er som nemnt ikkje kva som står på speedometeret som tel, men korleis «køyretøyet» er halde ved like. Det gjeld både motoren (hovudet) og karosseriet (kroppen). Skikkeleg humor er og eit godt teikn på at det framleis står til liv. Eg har lyst til å slutta med å sitera mannen som var komen på Aldersheimen. Etter å ha ete kvelds sa han: «Set det på rommet. Eg betaler når eg sjekkar ut!»

Steinar Bergo, Ulvik

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.