annonse

Me treng denne bobla av omsorg og ettertanke

EI EIGA RO
Ei eiga ro: «Der me tek eit steg tilbake, og kjenner på kva, og kven, som er viktig for oss. Eit fint fokus når ein skal ta farvel med året som gjekk – og ynskja det nye året velkomen.» (Foto: Ingerid Jordal/Illustrasjon)

I skrivande stund sit eg med kaffikoppen i handa og siste kokosmakron på høgre kne.

Kikkar utover Voss som byrjar vakna til ein ny dag grublande over kva ord som er verdt å setja på papiret. Kva er denne tida me er inne i no? Kva gjer den med meg?

Kjenner at jolebobla er alt er godt i gang i meg. For det er som ei lita boble. Eit avbrekk der det på eit vis vert det eit slags fokus­skifte i oss.

JOL ER Å henta fram tradisjonar. Som for å gjenskapa barndommen si sanselege verd. Er du òg ein av dei som elskar å baka småkaker til jol? Som lita jente var eg definitivt ei av dei, trass i at eg ikkje var så begeistra for turre og smuldrande småkaker den gongen, då.

Deigen derimot den ville eg ikkje gå glipp av – til mor si fortviling. Husmora i henne ville jo svært gjerne ha nok til å fylla kakeboksane til randa. Ein frustrasjon eg òg kjende på då mine born var små og kakeboksane vart raida – før jola var i gang.

I år kan eg ikkje skulda nokon for at boksane er tomme. Det har eg klart heilt sjølv. For årets jolebakst kom godt i gang, med heile fem sortar ferdig, etter fellesbaking i grendelaget. Og hjå meg burde det ha halde fram mot jol, då det stort sett berre er eg som trakkar rundt kakeboksane. Men alt helga etter var det tomt for tre sortar. Det var jo så godt.

JOLA ER TID for gåver. Ein måte å visa at eg set pris på deg. At du er viktig i livet mitt. Samstundes er dette kanskje ein av dei mest utfordrande delane ved jola for min del. Eg veit ikkje heilt korleis du har det, men eg finn ofte meg sjølv i å tenkja at eg slett ikkje veit kva eg skal gje i gåve. Dei fleste eg kjenner har økonomi til å kjøpa seg det dei vil, og har det dei treng. Samstundes vil ein jo så gjerne visa at ein tenkjer på den enkelte.

Det meste av min handel vart i år gjort med nokre tastetrykk. For i år har valet falle på å kjøpa eit bidrag til ivaretaking av jorda for framtidige generasjonar. Eit gåvebrev frå den enkelte, til ein naturvernorganisasjon. Du som får gåvekort til glede for medmenneske i naud eller til felles god framtid – ta det til deg som eit kompliment. Det er kjærleik til deg og dine medmenneske i praksis. Eg håpar det fell i smak.

Sjølv fekk eg ein skikkeleg god førjolspresang i går då ein av gutane kom krypande opp i armkroken min for å slappa av. Eg såg på han heile timen han sov. Slike opplevingar er det ikkje lenger mange av i kvardagen vår. Eit klippekort på slike stunder står høgst på mi ynskjeliste.

Ein skaper seg si eiga jol. Sin variant av tradisjonen, i takt med at livet endrar seg. I vår familie er det til dømes etter kvart naturleg å slutta å senda jolekort med familiebilete. For det er slett ikkje stemning for å ikle seg nissehue eller i det heile stilla seg opp for fotografering lenger. I år blir det likevel ei helsing med bilete av gjengen. Årsaka er at i mange månader har eg tenkt at det er på tide at minstemann skulle takka for merksemda han fekk ved konfirmasjonen sin i vår. Eit kombinert takke- og jolekort vart løysinga. Seint ute, men ganske så fornøgd med å ha fått det til.

JOL ER SITRANDE forventing. Eit minne som sit godt hjå meg er ein joletrehogst med far. Som eit lite menneske fylt av forventning, heilt ut i fingerspissane, var turen i skogen to dagar før jolekvelden veldig spennande. Med far som til og med visste kvar nissen budde.

For like ved joletreskogen låg ein grå, gammal, nesten falleferdig, vårflor. Eg hugsar far peika på denne, smilande la han fingeren på munnen sin som for å signalisera at me måtte vera stille, før me lista oss inn. Lettare overvelda forstod eg at huset bar preg av at her budde det nokon. For midt i rommet, like ved vindauget, stod eit bord med ein enkel stol lett skyvd ifrå. Og midt på bordet låg ei tom rulletobakkpakke.

«Nissen sitt hus», kviskra far. Småredd og yr var eg lett å overtyda. Nissen var verkeleg. Å få lukta av tre inn i stova er stadig ein stor del av jolestemninga. Hjå oss pyntar me hus og tre vesle jolafta. Då vert kassar med dorullnissar, filtstjerner og år med minne tekne fram. Og treet i vår stove får ein utsjånad som du nok aldri ville funne i ein katalog. Altså særs lite salbart, men for oss ein rapsodi over livet. Og det er pynta til fest i både sjel og rom!

JOLA HAR, TRASS i jolestria, ei eiga ro. Eg trur me treng denne bobla av omsorg og ettertanke. Der me tek eit steg tilbake, og kjenner på kva, og kven, som er viktig for oss. Eit fint fokus når ein skal ta farvel med året som gjekk – og ynskja det nye året velkomen.

INNSPEL
INNSPEL: – Me veit at me er heldige som lever i eit land med fred. Og i velferd. Me skal gle oss over det. Og dela gleda vidare. Eit smil, ein klem, og ei hjelpande hand, er ei gåve ein forstår uansett språk. , skriv Toril Hunnålvatn. Foto: Vidar Herre

Me veit at me er heldige som lever i eit land med fred. Og i velferd. Me skal gle oss over det. Og dela gleda vidare. Eit smil, ein klem, og ei hjelpande hand, er ei gåve ein forstår uansett språk.

Tredje sundag i advent fekk me overraskande besøk. På trappa stod ein familie me har hatt gleda over å bli kjent med i året som gjekk. Nye i landet vårt. Arabisk talande. Og med heilt andre tradisjonar. Med få norske ord, men med desto meir smil og glede ville dei visa sin respekt og omsorg med mat og jolegåve til oss. Overvelda, og truleg med store spørsmålsteikn i augo, innsåg me at dei få stundene me har vore saman har vore viktige for dei.

HALVTOMME KAKEBOKSAR, SEINE jolekort, og eit glissent joletre på trappa til trass – eg tenkjer som mange kloke har prøvd å fortelja oss før: godt nok er godt nok.

Enno er eg heller ikkje heilt ferdig med storvasken. Rekk eg ikkje alt, så tek eg fram eit triks eg lærde ein gong: Rydd godt og set fram ein bolle med varmt grønsåpevatn. Når lukta av pinnekjøt på kok og kjem sigande, blir det jolestemning!

Til og med musa i kjøkkenskåpet, som eg i heile haust har fanga og kasta ut av huset, skal få fred. Smart som ho er, spring ho uansett berre rundt huset, og same vegen inn att.

For eg veit at når kyrkjeklokkene ringjer jola inn, då senkar roa seg. Om no sylvet ikkje er ferdig pussa – sei det er ein oksidert variant.

Og du – av erfaring veit eg at det går fint an å kosa seg med brettspel også på ein flekkete duk!

God jol!

Torhil Hunnålvatn, dagleg leiar i Voss utferdslag

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.