annonse

No er det snart dags

JOLETRADISJONAR
JOLETRADISJONAR: – Det er få ting me er så nøye med her i livet som det me et på jolaftan. Jolamaten er gastronomien sitt svar på Formel 1, skriv Sjur Hjeltnes og tenkjer på himmelsk pinnakjøt.. – På jolaftan veit du kva du får. Det er berre andre dagar i året ein lyt ty til pzza. (Foto: Vidar Herre/Illustrasjon)

Det går mot jol. Berre ei veke igjen no.

Tradisjonane kjem på rekkje og rad. Det er mykje som må gjerast. Og helst på gamlemåten.

Dei fleste vil ha det som i fjor.

Bortsett frå at onkel Bjarne sovna under bordet.

Jola skal vera uforanderleg, slik ho alltid har vore.

Eit stabilt fyrtårn i ein stormfull tilværelse.

Så derfor gjer me alle tinga me plar: tenner ljos, finn fram englane frå i fjor, hengjer opp jolestjerna i glaset, hengjer opp meisebolle til meisane, set ut ein bolle mjølk til piggsvinet, ber han som tok parkeringsplassen din om å ta seg ein bolle, kjøper slips til far, skjerf til mor, sokkar til onkel Bjarne, vaskar golvet, ber ved, set opp fuggelband, drar krakken bortåt glaset og prøver å finna ut kor jolatrefoten er, bakar pepperkaker, krumkaker, goro, sjekkar om nissedrakta er blitt for trong, fiksar medister, sylte og sild, kjøper ny nissedrakt for den gamle var for trong, går ned i kjellaren og tel over vedkubbane, finn fram genseren med reinsdyr på og tek ein gløgg.

Alt dette gjer me for å få fred i sjela, ro i sinnet og ei kjensle av å vera ein del av noko større, noko tidlaust.

Slik det alltid har vore.

Jola er ikkje tid for eksperimentering.

Det er ikkje då du skal finna opp krutet.

If it ain’t broke, don’t fix it!

Byrjar du å tulla med tradisjonane, er du på tynn is.

Om du byter ut jolatreet med ein orkide, om du tek på deg froskekostyme i staden for nissedrakt, set ut chili con carne i staden for graut til nissen, går baklengs rundt jolatreet, legg pakkane på taket i staden for under treet, byter ut mandelen i grauten med ein hubba bubba, set på Metallica i staden for Sølvgutane eller om du i staden for å sjå på Tre nøtter til Askepott ser på ein dokumentar om nøtteallergi; då blir du ikkje populær.

Ingen vil ha det.

Jolaftan må du la vera i fred.

Alt som er crazy kan du spara til nyttårsaftan.

Då kan hoppa rundt i froskekostyme så mykje du vil.

Slik er det òg med maten.

Det er få ting me er så nøye med her i livet som det me et på jolaftan.

Jolamaten er gastronomien sitt svar på Formel 1.

Presset er høgt, farten er stor og prestisjen er enorm.

Skjebnar blir avgjort av det som ligg på tallerkenen.

INNSPEL
INNSPEL: Av Sjur Hjeltnes. Foto: Privat

Er det like godt som i fjor?

Var potetene gode?

Det er ikkje for salt?

Me serverer jo berre det aller beste på den grusaste dagen i året.

Himmelsk pinnakjøt røykt på dei finaste orefliser, mørkeraudt på farge, nepestappa med nokon hemmelege triks og dampande poteter.

Jolatorsk som sprett rundt på tallerken, kvit som nysnø og fast som ein ballettdansar i svevet.

Lutefisk som glinsar som havet ein solskinnsdag, med bacon, grøn og gul ertestuing, grov sennep, fin sennep, brunost og sirup.

Saftig svineribbe med ein svor like sprø som tante Magda, den finaste kraft og raudkål med ein mørk raud farge som den beste årgangsvin.

Det kjem til å bli fantastisk.

Nett som i fjor.

Og så er det den einaste dagen i året der du slepp å vandra kvilelaust rundt i butikken mens du lurar på kva du skal laga til middag. Som ein zombie puttar du desperat tilfeldige ingrediensar i korga, og når du kjem heim og opnar posen finn du: kylling, quinoa, bønneskudd, koriander, gulbetar, økologisk ferskost, kjøtkakesaus, makrell i tomat, vaffelrøra og fire agurkar.

Så sit du i baret med skjegget i postkassa og føtene i salaten når ungane kjem inn døra og hyler etter middag.

Då er det berre ein ting å gjera: ringja og bestilla pizza.

På jolaftan veit du kva du får.

Både på tallerkenen og under treet.

Du slepp å tenkja.

Det er ikkje nødvendig å leggja ein plan.

Berre chill og ta det på rutinen.

Et den herlege maten, ta deg ein tynn ein og lat som om du ikkje visste du kom til å få slips.

Ta deg ein runde rundt treet.

La onkel Bjarne berre sova, han ser så fredeleg ut.

Det er ikkje rakettkirurgi.

Det er berre jolaftan.

Som vanleg.

God jol!

Sjur Hjeltnes, Voss

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.