annonse

Om å dikta andre

EIT FØREDØME
EIT FØREDØME: – Me kan lesa Olav H. Hauge og læra litt om kva han fekk til utan å overskrida etiske grenser og utan å øydeleggja andre sine liv, skriv Torbjørn Ljones i innspelet. (Foto: Rolf Tepstad/Arkiv)

Debatten om kvar grensene skal gå for kva som er lov å skriva, er nok like gammal som skrivinga sjølv. Det som er skrive på stein, skinn, papir eller skjerm, har større makt enn det som vert sagt eller sunge.

NO ER DET bøkene til Karl Ove Knausgård og Vigdis Hjort som har vore mest i mediabiletet her til lands, men det finst ei rad bøker av til dømes Linn Ullmann (De urolige) og Merethe Lindstrøm (Fra vinterarkivene) som like godt kunne ha vore av interesse for kritikarar og synsarar.

Spørsmålet er om ein kan overskrida alle moralske og etiske grenser dersom ein diktar godt nok, det vil seia skriv godt, har eit vakkert og variert språk, kjenner ein litterær tradisjon og er ein del av det litterære establishment (dvs gjev ut bøker på forlag, får prisar og deltek på Aschehougs sommarfest).

HER KAN ME bruka Olav H. Hauge sine litterære tekstar som føredøme. Han skreiv ingen romanar, men det var nok litt tilfeldig. Men me kan lesa dei littærere dagbøkene hans, brev, nokre korttekstar og sjølvsagt dikta hans og læra litt om kva han fekk til utan å overskrida etiske grenser og utan å øydeleggja andre sine liv.

Einar Økland skreiv om Olav H. Hauge at han levde sitt liv i Ulvik og at diktinga hans var sterkt prega av bygda og folket der. Han hadde rett i det. Men i dagbøkene skriv Olav at det er berre halve sanninga. Han levde like mykje av livet sitt i diktinga, i verdslitteraturen. Denne lesinga finn me att i alt han skriv og meir og meir etter som åra går. Det er der han finn sin andre «røyndom». Utan denne hadde ikkje diktinga hans lyft seg over det lokale.

EIN TEORI ER at årsaka til at diktarane skriv om sitt eige liv, og livet til dei som dei lever tett på, er behovet for anerkjenning, behov for å selja bøker og skapa seg eit namn. Dei sitt seg sjølv i sentrum og bryr seg ikkje fyrst og fremst om kva som kan henda med dei rundt seg. Dei ekskluderer felleskapet til fordel for individet, det vil seia forfattaren sjølv. Vigdis Hjort har brote med familien for tredve år sidan og har inga skuldkjensle på deira vegne.

Når me les dagbøkene til Olav H. Hauge, får me ofte høyra kor åleine og sjuk han er. Men han legg aldri skulda for dette på nokon andre. Han skriv om faren, kor høgt han set han som føredøme. Olav sjølv hadde ikkje anna enn sorga å gje attende som takk, skriv han.

Me kan tenkja at i ei dagbok vil han vera ærleg og rett fram, han omskriv røyndomen i liten grad sjølv om språket ofte er litterært. Slik ser me at trass i einsemdskjensla, plasserer Ulvik-diktaren seg seg sjølv inn i eit viktig felleskap i familien, men også i bygdesamfunnet. Han kan vera kritisk til mangt av det som hender rundt han, men aldri på ein måte som går hardt ut over einskildpersonar.

Sverre Tusvik får svara for om eitt og anna er stroke bort.

I JULI 1952 skriv Hauge i dagboka at han har fått negativt svar på søknaden om «nokre stipend».

Han skriv at «Det vesle eg har skrive, er so personleg, at det snautt er til glede for nokon lesar; det er mykje at det har vorte prenta.» Men her som så ofte undervurderer han nok seg sjølv. Det vert nesten til ein mani for han.

Alt på denne tida hadde han teke steget ut av dei tradisjonelle formene, bygdevisene og det heilt lokale. Han hadde alt då forma sitt eige poetiske språk. Dette utvikla han til verdslitteratur dei neste tjue åra. Men aldri ser me at han i ein einaste tekst brukar det lokale eller sine nærmaste i eit sjølvrealiseringsprosjekt.

Han brukar alt han ser rundt seg som tilfang i poesien (og i dagbøkene), men aldri som hakkekyllingar eller instrumnent for sin eigen suksess. Olai og Leiv, smeden og snikkaren kan me nok kjenna att som fysiske personar i bygdesamfunnet, men aldri brukt i ein bestemt strategi.

Og dagbøkene er fulle av møte med folk, ofte bygdafolk frå Voss og Hardanger. Han er i gravferder, drikk kaffi, møter kuntnarar og studentar, arbeidsfolk og turistar kjem innom huset på Rossvoll.

Det kan i periodar sjå ut som om den såkalla einstøingen er det stikk motsette. Han trivst blant folk, og fortel om det! Når han sikkert mislikar mangt, let han det liggja, i alle fall i tekstane sine.

DET VERT SKRIVE skrive mange gode bøker i Noreg. Men det kan sjå ut som om forlag og media dyrkar tekstar som skaper debatt rundt personlege kjensler og relasjonar.

Alle skal i arbeid; juristar og teologar, journalistar og synsarar i alle media. Opplaga stig i takt med kor harde frontane er mellom sysken, tidlegare vener og kollegar. Den littærer kvaliteten på (makk)verka står ikkje i stil med støyen rundt dei. Det same gjeld for mykje av kriminallitteraturen.

Nei, til slutt eit sitat frå 1959: «Eg les ikkje avisor lenger. Kvifor skal eg lesa Dagbladet når eg ikkje har lese Emerson?»

Torbjørn Ljones, rektor på Lillehammer videregående skole

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.