annonse

Ønoturisme – her?

MÅ MØTA FOLK
Må møta folk: – Bussjåføren og resepsjonisten må kjenna den lokale kulturen og vera vegvisarar og kunna fortelja ei meir eller mindre sann soge om han som kom med det fyrste frukttreet til bygda, om brurafylgjet som drukna eller om alle som måtte reisa herifrå og slå seg ned i Dakota eller Minnesota, skriv Torbjørn Ljones. (Foto: Ingerid Jordal/Illustrasjon)

Kva er det me trur har lokka folk til bygdene her vest? Er det folket, naturen eller noko heilt anna som gjer at fyrst engelskmennene og no kinesarane brukar pengar og tid langt borte frå hus og heim?

Sikkert er det at Vassfjøro ikkje er nok å visa fram, ikkje Vangskyrkja og ikkje slåttar etter Vetle-Per.

Ønoturisme er ein turisme med særleg vekt på vin og vinproduksjon. Og vin finst i mange land. Mest kjende er kanskje Italia, Frankrike og Spania. Men det sluttar ikkje i Europa. I Amerika, Australia og Afrika lagar dei både god og dårleg vin.

Fleire har sjølvagt forska på kven vinturistane er og kvifor dei vel å køyra, sykla eller gå vinvegane. Det har ikkje eg. Men likevel skal eg prøva meg med ei kort framstilling. Litt har eg sett, litt har eg høyrt.

Ei lita gruppe av vinturistar (og siderturistar eller ølturistar) er, eller kallar seg sjølve, profesjonelle. Dei er gjerne produsentar, hotelleigarar eller dyrkar ei interesse til det grensar mot å ha det som yrke. Denne gruppa er opptekne av produksjonsmetodar, varekvalitet, omsetningstilhøve og kanskje økonomi. Dei er få, men krevjande for ho som skal ta imot dei og informera rett. I denne gruppa er det kanskje også politikarar som vil leggja til rette for produksjon og omsetjing.

Ei stor og viktig gruppe turistar er ikkje mest opptekne av korkemetodar og marknadsmekanismar. Dei er på tur for å utforska noko nytt og for å læra meir om staden dei er komne til. Dei reiser oftast i grupper og vil oppleva naturen rundt seg. Tilbod om fjellturar, padling og ikkje minst god lokal mat er svært viktig for denne gruppa. Det er den totale oppleving som tel, ikkje berre sjølve smaken av gjæra saft.

Eg var på besøk på fabrikken til Den gula enka (Veuve Clicquot) i førre veka. Dei la mykje vekt på å fortelja historia om dama som i ung alder fekk ansvar for å utvikla bedrifta, som skapte mykje nytt ut av lite. Det var ei heltesoge om ei sterk kvinne tidleg på 1800-talet. Slikt vil folk høyra!

Mange vil vita litt om korleis folk har levd før og korleis dei lever i dag. Forteljarane treng ikkje koma med heile sanninga for denne gruppa turistar, men det må forteljast med innleving og humor.

Det er sjølvsagt ikkje slik at ein kan dela folk nøyaktig opp. Men ein del turistar som kjem til ein vingard er nok interesserte i vinen, men dei er like mykje opptekne av seg sjølve, ta selfies, snakka høgt medan verten gjer så godt han kan. Kanskje legg gjesten seg berre ned i graset og ser opp mot dei fjukande skyene.

Men kjem det ein lokal bonde etter vegen, tek dei kontakt, vil høyra om levemåte, skulevesen og politisk styresett. Og dei er opne for å fortelja om seg sjølve og set stor pris på folk som er høflege og gjev dei godord attende. Dei er rett og slett like mykje opptekne av folk som av vin. Men kanskje har smaksprøven gjeve dei mot og lyst?

Så kva kan me tolka ut av dette?

Ein turist er ein kunde på godt og vondt. Han betaler for ei vare. Det er difor viktig at seljaren kjenner til kjøparen sine behov. Du sel ikkje dei same kleda til ei eldre dame og ein ung gut. Dette gjeld om framandfolket kjem gåande på sjøen, køyrande med buss eller landar med fly.

Vestlandet vil få meir og meir turistar, og på fleire stader opplever dei lokale at dei vert nedrende og overkøyrde, medan det i andre fjordar og bygder er stille som i storskogen ein kald vinterdag. Eg trur det er viktig å bestemma seg for kva slag turistar me vil ha og kva ein skal tilby gjestene.

Me har nok å servera, smalahove og surmjøl, rakfisk og akevitt, brød og sider, hjortakjøt og reint vatn. Men det skal meir til.

Turistane må møta folk, bussjåføren og resepsjonisten på hotellet må kjenna den lokale kulturen og vera vegvisarar og kunna fortelja ei meir eller mindre sann soga om han som kom med det fyrste frukttreet til bygda, om brurafylgjet som drukna eller om alle som måtte reisa herifrå og slå seg ned i Dakota eller Minnesota.

Helst vil me ha gjester som kjem heim og fortel slekt og vener kor fint dei hadde det i ferien. Til neste år vil fleire koma etter.

Eg hugsar best forteljinga om den gule enkja frå Champagne og vil gjerne attende fordi ho som fortalde soga om henne, gjorde det med kunnskap, innleving og eit smil. Og kanskje nettopp difor kjøper eg ei gul flaske til nyttårsfeiringa om eg då ikkje har sider for hand?

Torbjørn Ljones, rektor Lillehammer videregående skole

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.