annonse

Privat eller offentleg?

TRENG REISELIVSUTDANNING
TRENG REISELIVSUTDANNING: – Kva kan gjerast for å berga ei offentleg reiselivsutdanning på Voss, spør Torbjørn Ljones. – Tilbyr bransjen god nok løn og arbeidsvilkår til norske attenåringar? Eller tek dei snarvegen om billeg sesongarbeidskraft i staden? (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)

Det er synd at reiselivsutdanninga vert borte frå Voss. Verre er det at ho vert borte i heile landet.

Grunnen er at den private reiselivsbransjen ikkje vil ha folk frå den offentlege skulen. Kven har skulda for det?

KRISE ER DET fyrst om ikkje nokon bedrifter vil ha ungdom i lære frå dei fylkeskommunale skulane. Den dagen frisørane, byggfirma, bilfirma og butikkane utdannar sine eigne folk, må varselklokkene slå.

I heile Oslo er det berre éin fylkeskommunal skule for Restaurant- og matfag, resten tek private opplæringsaktørar seg av.

Debatten om kven som skal ha lov til å driva skule her til lands går attende til 1607 då kyrkjeordinansen la ned forbod mot private skular i byane. Dette gjorde dei for å verna om dei offentlege skulane. Men dette forbodet hadde mest ingen verknad, i byane var det mest berre private skular utover på 1700-talet og også ei tid framover.

TO SYN STOD og står kanskje framleis mot einannan. På den eine sida vert det hevda at foreldra må ha rett til ut i frå individuell fridom å velgja kva opplæring borna skal ha. Men på 1800-talet var den fridomen ikkje reell for dei fatttige borna. Dei fekk ikkje lære å lesa og skiva utan at staten drog i gang eit skulevesen. På landsbygda var det ingen som hadde ressursar til å grunnleggja privatskular.

På 1800-talet var dei private skulane reformskular, dei representerte eit pedagogsisk alternativ til dei litt stivbeinte latinskulane og tilbaud meir elevaktivitet, tverrfagleg samarbeid og fagleg fordjuping. Og her fekk jentene plass! Slik sett må ein seia at privatskulane på mange vis då var eit rett og godt alternativ på same måte som reformgymnasa var det på 1970-talet.

DET VAR VENSTRE med Johan Sverdrup som fyrst gjekk i spissen for ein fellesskule der fattig og rik, gutar og jenter skulle gå i same klasse og same skule. Og det skulle ikkje vera skilnad på by og land! Etterkvart overtok og utvikla Arbeiderpartiet ideen om kor viktig det var at born var saman i skulen sjølv om dei elles kom frå heilt ulike heimar. Ungane til direktørane i Tyssedal gjekk saman med arbeidarungane, sjølv om dei sjølvsagt vart køyrde dit med privatsjåfør!

INNSPEL
INNSPEL: Av Torbjørn Ljones. Foto: Vidar Herre/Arkiv

Dette vart ein norsk modell som alle etterkvart støtta, og privatskulane turka inn både i grunnskulen og vidaregåande. I 1966 gjekk berre 0,8 prosent av elevane på slike skular.

SÅ SNUDDE DET med borgarleg styre, bondevikane kom til makta og privatskulane fekk offentleg stønad. Dei måtte gjennom eit godkjenngingsnålauga, men denne veka kan me lesa i Klassekampen at talet på elevar i privatskular er sterkt aukande.

Eg trur denne utviklinga vil halda fram dersom ikkje dei offentlege skulane tilbyr det ofte svært ressursterke foreldre etterspør. No startar NTG opp privat skule for gåverik idrettsungdom. Den neste gruppa kan ha interesse innafor musikk, realfag eller språk. Attende sit dei som ingenting vil og ingenting kan.

MANGE AV DEI private skulane byggjer på eit kristent grunnlag. Og me har Steinerskulane med sin ideologi henta frå Tyskland. Dei er etablerte og ofte gode skular. No kjem kravet om muslimske skular i byane og mottargumenta er mange.

Me ynskjer ikkje segregering, men felles skule, felles pensum og fellesskap rundt kantinebordet og på fotballbanen.

SÅ KVA KAN gjerast for å berga ei offentleg reiselivsutdanning på Voss?

Skulen må sjølvsagt ha gode lærarar, moderne lokale og leggja til rette for samarbeid med næringslivet. Men det er slett ikkje nok. Alle som driv i bransjen må setja seg ned og gjerne saman og stilla seg spørsmåla: Tilbyr me god nok løn og gode arbeidsvilkår til norske attenåringar som vil verta kokkar, resepsjonistar eller servitørar? Behovet ser ut til å vera stort.

Eller tek dei snarvegen om billeg sesongarbeidskraft i staden for å rydda plass til ein lærling som har gått to år på skule? Eg spør og bransjen må svara!

Torbjørn Ljones, rektor Lillehammer videregående skole

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.