annonse

Pukkeleffekt og kuppelhovud

KOKKENE TRENGST
KOKKENE TRENGST: – Innsparinga skal ikkje gå ut over kundane eller brukarane. Difor kan ikkje læraren, kokka eller heimehjelparen fjernast, skriv Torbjørn Ljones. Her Astrid Lien Folkedal (t.h.) og Venke Trå på kjøkkenet i Mælandshagen i Granvin. (Foto: Vidar Herre)

Dei fleste bedrifter får ei stor overrasking eit par år etter ei samanslåing. Dei brukar meir pengar no enn dei gjorde før vedtaket om å gå saman.

Det er ikkje nytt at bedrifter, organisasjonar, institusjonar og nasjonar slår seg saman. Mange gonger har det gått andre vegen, no sist i England med Brexit.

Når me ser hundre år attende er ikkje mykje att av det som var. Bankvesen, helsevesen, kommuneinndeling og frivillige organisasjonar har fått nye namn, ny lokalisering og ny oppgåver.

Om hundre år vil mykje ikkje vera til å kjenna att av det me ser i dag. Me står midt i ei tid med store omskifte. Då er det viktig at det grunnleggjande er trygt.

Dersom ein fusjon, eller ei samorganisering, skal lukkast maksimalt, må det vera ein breid og god motivasjon blant dei som vert råka av den. Det er kanskje her ikkje rett å peika på ekteskapet. Men i vår kulturkrins byggjer det i alle fall i stor grad på tosidig respekt og kjærleik. Tvangsekteskap kan kanskje fungera i andre land?

FÅR PUKKELEFFEKT
FÅR PUKKELEFFEKT: Ordførarane Hans-Erik Ringkjøb og Ingebjørg Winjum saman med granvinrådmann Trude H. Letnes må førebu seg på pukkeleffekten, meiner Torbjørn Ljones. Foto: Vidar Herre

Eit argument som ofte vert brukt i diskusjonen om samanslåing, er mangel på kompetanse eller feil kompetanse i organisasjonen. Dersom to organisasjonar med svak eller dårleg kunnskap på eit område slår seg saman, er det ingen garanti for at resultatet på kort sikt vert betre for nokon. Det er heller ikkje heilt sikkert at kompetanse smittar. Medarbeidarar som ikkje kan jobben sin, må få støtte og hjelp til å fungera. Det må kosta, og det må lagast ein god kompetanseplan.

Eit omstillingsarbeid må ta tid. Det er viktig å gje seg litt tid når nye rutinar skal på plass, mange skal arbeida saman med nye kollegaer og på nye stader. Berre å innreia nytt kontor kan ta tid! Men det er viktig at ingen får dra arbeidet med omstillinga ut i æva. Nok er nok! Ingen må få lov å syta og klaga utan grunn. Dei er betalte for å sjå framover ikkje bakover. Det er histrikarane si oppgåve.

Ofte får dei tilsette lovnad om å ikkje mista jobben i ein fusjon. Det gjev den enkelte tryggleik. I det offentlege er dette lettare å få til enn i det private fordi kravet til innsparing der kanskje er sterkare. Men det er viktig å setja av ein god slump til etterutdanning fordi mange må utføra nye oppgåver og lærast opp.

Arbeisdgjevar må plan­leggja personkabalen godt og fara fint fram med dei som vert degraderte eller omplasserte. Oftast har dei rett på løna si og kan ikkje flyttast på utan å ta omsyn til alder og status. For dei eldste er det viktig å kjenna seg verdsette og ikkje få altfor mange ymt om alder og AFP. Fagorganisasjonane må spela ei viktig rolle. Dei har ansvar for sine organiserte medlemer, men også for at heile organisasjonen skal fungera.

Me kjem ikkje frå at i botnen er det økonomi som er årsaka til aller fleste fusjonar og samanslåingar. Det er alltid viktig at innsparinga ikkje skal gå ut over eleven, kunden, passasjeren eller brukaren. Dei skal få det betre, ikkje verre!

Difor kan ikkje læraren, vegingeniøren, kokka eller heimehjelparen fjernast! Det er leiarar og kontorarbeidarar det må verta færre av, det er i dette sjiktet innsparinga må takast.

Men! Dei fleste bedrifter får ei stor overrasking eit par år etter samanslåinga. Dei brukar meir pengar no enn dei gjorde før vedtaket om å gå saman. Dette fenomenet vert kalla pukkel­effekten og må ikkje koma som eit sjokk på nokon. Utgifter til konsulentar, ekstra møte og reiser, dobbeltarbeid og lovnaden om at ingen skal seiast opp, kostar. Å gje eldre arbeidstakarar sluttpakkar, kostar. Å byggja om kontor, kostar.

Til slutt er arbeidet med ein felles kultur viktig, nokre mål for det nye må det vera semje om.

Særleg er det viktig at dei som er storebrør i ein ny organisasjon tek omsyn til at alle får ta med seg noko av sitt (til dømes fela) inn i ei ny kulturell plattform.

Idealet er at alle skal gle seg til fyrste dagen saman i eit nytt lag, sjå fram til å få nye spanande oppgåver og kjenna seg til nytte kvar time på jobb, samtundes som ingen får dårlegare eller dyrare tenester.

Det må ta litt tid, men ikkje år. Kuppeleffekten må ikkje gje kuppelhovud.

Torbjørn Ljones, rektor på Lillehammer videregående skole

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.