annonse

Regionreform utan magemål og meining

VIK I SOGN
VIK I SOGN: – Like tragisk er det at Sogn og Fjordane, sjølve utstillingsvindauget for smådrift, vert leia til slaktebenken, skriv Per Gunnar Stensvaag om regionreforma. Her utsikt mot Vik og Sognefjorden. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)
KRONIKK
KRONIKK: Av Per Gunnar Stensvaag. (Foto: Privat)

Når regjeringa reformerar det meste mellom himmel og jord, er det fyrst og framst strukturar dei tek tak i. Innhaldet er det visst ikkje så nøye med.

Samanslåingar er løysinga i det blå-blå Noreg. Anten det gjeld politi- og lensmannsdistrikt, Nav- og skattekontor, sjukehus, kommunar eller kva det skulle vera; stort skal det vera i vårt vesle land.

Kva vert det neste dei vil reformera? Skrifta, kan henda, med eit nytt bibelord passande for rådande reformpsykose: «Størst av alt er storleiken»?

Fylkesstrukturen har vore gjennom ymse utgreiingar under skiftande regjeringar i dei føregåande to tiåra utan at Stortingsfleirtalet fann grunn til å vedta endringar. I mylderet av andre reformer var det ikkje gjeve at kartet vart forandra no heller, før det i fjor brått vart sett i gang ein hasteprosess. Utan ordentlig utgreiing og vanleg høyringsrunde haltar den i veg med rekordlåg entusiasme og utan truverdig grunngjeving.

Toppen av høgaste fjellet i Finland ligg faktisk i Noreg. Finske fjellklatrarar lyt altså planta flagget 1324 moh eit steinkast nede i lia frå 1361 m høge Halti. Ljose hovud i grensekommunen Kåfjord føreslo derfor nokre skarve kvadratmeter gråstein som passande gåve til vår 100-årsjubilerande nabo for å gje dei eit toppunkt med betre pondus og utsikt. Erna & Co. syntest gjerne idéen var kreativ nok, men vende tommelen ned for denne ørvesle suverenitetsavståinga.

Slik skepsis frå styresmaktene er forståeleg. Grenser tuklar ein ikkje med. Stabilitet rundt dei er normalt eit kvalitetsstempel på samfunnet, men gjeld ikkje det også innanlands?

Ta USA til dømes, med alle sine geografiske raritetar. Snorrake strekar teikna på skrivebord langt unna, dårlege kart, reknefeil, misforståingar, forgløymingar og rein slump førte til mange heller uhøvelege deleliner, men vert dei endra? Aldri.

Unnataket er ein kuriositet frå 1850-talet då ein liten flekk vart overført frå Massachusetts til New York, pussig nok grunna ein ulovleg boksekamp. Slik stabilitet gjeld i nesten same grad for dei over 3000 counties, også dei med merkelege krumspring og mange rette liner, ofte trekt før områda vart folkesett.

Om USA ellers ikkje er noko idealsamfunn, kan dei i alle høve konsentrera seg om å finna løysingar innafor strukturen dei har. Dei slepp evige diskusjonar om grensejusteringar og/eller samanslåing og vert ikkje lurde til å tru at slike endringar i seg sjølv er eit sesam-sesam.

Framfor å vera til hinder kan faste strukturar tvert om vera limet i eit samfunn. Innanfor både lokale og regionale einingar gjev dei folk kjensla av å ha ei hand på rattet samstundes som grenser ikkje bør hindra samarbeid over dei. Øydeleggjande lokaliseringsstrid, maktkamp og posisjonering oppstår heller når dei vert fjerna.

Dertil kjem alt sekundært som lyt hengja med i svingane når strukturar vert endra, alt frå telefonkatalogar, matrikkelinndeling og registrering av fiskebåtar via stort og smått innan offentleg, privat og frivillig verksemd til mandatfordeling på Stortinget.

Om administrativ inndeling ikkje skal vera hogd i stein, lyt eventuelle endringar koma etter ynskje nedanfrå, etter ei mogningstid og når det er brei semje om saka. Toppstyrte heseblesande prestisjeprosjekt leier oftast til eit himla spetakkel og dårlege resultat. Likevel høyrer vi frå «framoverlente» politikarar at «fylkes- og kommunestrukturen lyt vera dynamisk». Skal vi verkeleg ha flytande grenser her i landet? Dei får svar på tiltale, gryande oppløysingstendensar der røyster i utkantane av deira nye gigantar ropar om overgang til grannen.

Framdrift og innovasjon lyt det vera i eit samfunn, men stabilitet er også ein viktig suksessfaktor. No vert åtak på sistnemnde sett som føresetnad for å få til dei to fyrste. Denne særs synlege, men ofte akk så lite samfunnstenlege måten å visa handlekraft på, driv fram skapinga av geografiske misfoster.

Med rette vert det raljert over utstrekninga til Viken, «ein region frå Halden til Hardangervidda», eit troll med tre hovud på 24.000 kvadratkilometer. Kva då med Hedmark og Oppland? 52.590 kvadratkilometer er 23 prosent større enn Danmark. «

Tvangsgutane» kan heller ikkje ha fått med seg at dalføra går nord-sør. Samband aust-vest er ikkje like naturlege i røynda som det kan ha verka under kartteikninga deira i Oslo.

Finnmark som åleine er større enn Danmark, vert tvinga saman med Troms. Då forsvinn ein status som har vore ei viktig motvekt til den kolonimakta vårt nordlegaste fylke ofte har kjent seg utsett for.

Like tragisk er det at Sogn og Fjordane, sjølve utstillingsvindauget for smådrift, vert leia til slaktebenken.

Kommunereforma har fått ein førebels prislapp på 5,6 milliardar. Regionvarianten vert eit nytt pengesluk, og fellesmøta til fylkestinga demonstrerar avstandsulempene. Tenk om midlane og tida heller kunne ha vore nytta til reell samfunnsbygging! Namnestrid har dominert prosessane så langt, eit teikn på at identitet ikkje er noko å kimsa av. Slikt vert ofra på gigantomanien sitt alter saman med varemerke som Telemark.

Sjå for deg fylgjande presentasjon: «Eg heiter Odd Nordstoga og kjem frå Vinje i Skagerak», det heitaste forslaget til fellesnamn med Vestfold.

Om desse regionane vert det servert store ord og feitt flesk om fleire oppgåver, meir makt og styrkt demokrati. Kor truverdig er det når regjeringspartia har programfesta å fjerna fylka, og kor hult lyder det vel ikkje når såkalla demokratiske nyvinningar vert innførte mot folkeviljen? Med redusert engasjement, kontakt og påverknad søkk folkeleg støtte og valdeltaking.

Det igjen gjev svakare legitimitet for vårt mellomste forvaltningsnivå, og vipps; så er H/Frp nær sitt mål om å verta kvitt det.

Dømene på haltande og sjølvmotseiande argument er mange. Forandring vert forfekta for forandringa si skuld. Tek du ordet «reversering» i munnen er du ein sidrumpa bakstrevar.

Gløymd er visst fjellvitregelen «Det er inga skam å snu». Den bør i aller høgste grad vera aktuell for dette makkverket av ei reform få eigentlig vil ha, ei reform utan magemål og meining.

Per Gunnar Stensvaag

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.