annonse

Skikkeleg gondol

NY HANGURSBANE
NY HANGURSBANE: Denne gongen skal det byggjast ein skikkeleg gondolbane. Den gamle Hangursbanen var kanskje ikkje det, skriv Arne Hofseth. Hans teori er at vossingar og bergensarar har skulda for at ordet gondolbane feilaktig har kome inn i det norske språket. (Foto: Illustrasjon frå HLM Arkitektur AS, Tegmark)

Bygginga er godt i gang på nedre stasjon. Voss får gondolbane. Til glede for nokre, til sorg og ruelse for andre.

Denne gongen skal det byggjast ein skikkeleg gondolbane. Den gamle Hangursbanen var kanskje ikkje det.

Har du lagt merke til innslaga i Vestlandsrevyen om den nye banen i Loen? Der spør reportaren korleis det går med gondolbanen. Den som vert intervjua svarar at det går svært bra med pendelbanen. Nokre gonger svarar dei svevebanen. Dei ansvarlege hjå Loen Skylift er tydelegvis instruerte av leverandøren. Dei tek ikkje ordet gondolbane i sin munn.

LOEN SKYLIFT ER ei svevande pendelbane. Dei to kabinane Hugin og Munin pendlar mellom fjelltoppen Hoven (1011 moh) og stasjonen nede ved fjorden. Den eine kabinen forlet nedre stasjon samtidig som den andre smyg seg ut frå øvre.

Og dei møtest akkurat midt i lia. Nett som Dinglo og Danglo gjorde på Voss, og Perle og Bruse framleis gjer i Bergen. Bergensarane har forresten to ulike typar pendelbanar; den skinnegåande Fløibanen og den svevande Ulriksbanen.

To trekktau er festa til vognene. Det eine tauet går via vendehjulet på øvre stasjon, det andre via vendehjul og motor nede. På svevebanene vert kabinene haldne oppe av kvar sitt beretau.

I EI REKKJE leksikon er gondolbane definert slik at pendelbanane kan kallast gondolbaner. Wikipedia seier det slik: «Gondolbane er en taubane med gondoler som er laget for å transportere mennesker eller varer i et skjermet og lukket oppholdsrom.» Ingen unntak for pendelbane og kabin her.

Eit utvida omgrep er såleis kome inn i det norske språket, og det er sannsynlegvis kome for å bli. Men garva taubanebyggjarar gremmer seg. For dei er det stor skilnad.

Ein pendelbane må alltid ha to kabinar, korkje fleire eller færre, og går inn under omgrepet totausbane. Trekktau og beretau.

Ein gondolbane kan ha mange gondolar, og har i utgangspunktet berre eitt tau, eit endelaust trekktau som gondolane vert klemt fast til. Eit clutch-system syter for påstigningsfart på stasjonane – slik som dei raske stolheisane i Bavallen og Myrkdalen, og som gondolbanen i Narvik. Og for den saks skuld også sommargondolen på Strandafjellet som er stolheis om vinteren.

SOM PÅ VOSS
SOM PÅ VOSS: Ein gondolbane kan ha mange gondolar. Her Leitner Ropeways 3S i Stubauer i Austerrike, av same type som kjem på Voss. Foto: Leitner

Når clutchen har slura seg forbi stasjonen, klemmer han seg fast i trekktauet att, og gondolen får opp farten.

På grunn av del tunge lastene som Voss Gondol er dimensjonert for – inntil 12 tunge gondolar samstundes – vert det strekt fire solide beretau i tillegg. To for opptur og to for nedtur.

MIN TEORI ER at vossingar og bergensarar har skulda for at ordet gondolbane feilaktig er kome inn i det norske språket. Både i Bergen og på Voss vart det tenkt på gondolbane først. Men det enda opp med pendelbane både til Ulriken og Hangur. Likevel vart nemninga gondolbane hengande.

I boka «Vossavinsjen skapte HMV» finst det støtte for teorien. Der er ei tilråding frå september 1958 dokumentert. Eit utval nedsett av Voss Turistnemnd gjekk inn for gondolbane, og ville utvida kapasiteten frå 200 til 300 personar i timen ved å hengja på fleire fireseters gondolar.

Det var den gongen. No vert det plass til 34 i kvar gondol.

INNSPEL AV
INNSPEL AV: Arne Hofseth. Foto: Privat

AT ME SEINARE har omtalt den Hangursbanen som vart opna i 1963 som Gondolen, er altså litt tvilsamt. Men alle som finn grunn til å skryta av Gondolbana som no er i kjømda, kan utbasunera Gondol med betre samvit enn både bergensarar og nordfjordingar.

DET ER OPPLYST at ein av dei ni første gondolane får namnet Dinglo, og ein annan skal heita Danglo. Her er nokre framlegg til dei sju andre:

Pinglo – for dei med høgdeskrekk

Ringlo – for bittesmåbarnsfamiliar

Singlo – for ugifte, nyskilde og

ruteknusarar

Minglo – for høg sigarføring

Sjanglo – for dei som knapt kan føta seg

Kringlo – reklamefinansiert

av kafe på Vangen

Kranglo – for alle kranglefantane

Manglo – for dei som manglar fantasi til å finna på fleire namn. Har du eit forslag eller to?

Arne Hofseth, Voss

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.