annonse

Som arena er naturen uslåeleg

LÆRE FOR LIVET
LÆRE FOR LIVET: – Det er ein markant samanheng mellom kor ofte ein som barn er i kontakt med naturen og kor ofte ein som vaksen oppsøkjer natur, skriv Toril Hunnålvatn. Illustrasjonsfotoet er frå Bulken skule sin uteskule. (Foto: Ingerid Jordal/Arkiv)
INNSPEL AV
INNSPEL AV: Toril Hunnålvatn. (Foto: Vidar Herre)

For tida arbeider eg med å skriva høyringsuttale i samband med planar for området Bømoen. Å få lov til setja seg inn i dette som ein del av arbeidet er veldig fint, det engasjerer!

Det som slår meg når eg les rapportane som vedkjem saka i Bømoen, er fråværet av eit aspekt som ikkje kan målast i tal og som difor ikkje er så lett å verdsetja. Den livsviktige verdien naturen har i seg sjølv, for oss menneske.

TA AV DEG skoa – bli med inn i naturen sitt klasserom. At naturen er ei viktig kjelde til glede, gjennom aktivitet, er dei fleste einige om. Som arena er naturen, og mangfaldet den byr på, uslåeleg. Og argument for å kjempa for å ta vare på arenaen vert høyrt. Kanskje fordi den kan målast gjennom at lag og organisasjonar ytrar sine behov?

Aktivitet er bra. Ikkje minst for folkehelsa. Men – eg vil gjerne slå eit slag for Bento de Spinoza (filosof 1632 – 1677) sin aktivhet. Det å sansa, oppleva og kjenna sitt tilvere gjennom å vera tilstades. Barokken sin eigen mindfullness.

I MIN BARNDOMS skog, like ved den rolege delen av elva, låg verdas finaste froskedam. Slik eg hugsar den, var den som ei eiga lita verd.

Stor nok tidleg på våren til at me måtte ha flåte for å kryssa den. Liten nok til at den fort vart varm av sola – varm nok til å bada i. Med flåten vår, ein palle med isopor, kunne me kome oss utpå og kikka nærare på rumpetrollegga som flaut rundt i klasar. Nokre putta me opp i syltetøyglas for å fylgja utviklinga til rumpetroll. For seinare å setja dei tilbake for at dei skulle kunne veksa til små froskar.

Etter kvart som sommaren kom, og sola vart varmare, hende det at varmen turka ut heile dammen. Og me bar mang ei bøtte vatn frå elva for å redda våre små vener. Fylt av ansvar for å ta vare på desse små liva. Me lærte og at me kjempa ein kamp me ikkje alltid kunne vinna, og liv gjekk tapt. Og me lærte noko til seinare forståing, som kva varmare atmosfære kan ha å seia på økosystemet generelt. Ei læring av ny dimensjon gjennom naturen sin didaktikk og kontekstuell refleksjon.

NATURKJENNSKAP – EI kjelde til naturvenskap. Som barn møter ein verda rundt seg med eit nyfike og ope blikk. Der frosken ikkje er skummel og ekkel, men heller vekkjer beundring og utforskartrong. Den gongen bada me i dammen. Trass i at den var ganske så full av froskar og hadde ein slimete botn. Det var naturleg med frosk hoppande rundt seg. I dag opplever eg at eg er skeptisk til frosk, og innrømmer eg absolutt ikkje vil ha nærkontakt med dei. Men respekten for dyret som eit liv er etablert.

Eigentleg kan ein seia at born er å rekna som erfarne friluftsmenneske, gjennom å vera så genuint tilstades, utan tanke for kva som måtte henda før eller etter «nuet». Utviklingsteori viser at menneske, gjennom aktive sanselege møte med omverda, evnar å danna indre skjema. Viktig for individuell identitetsbygging.

Sanseerfaring i naturen, med den feedback ein får, er unik. Hoppa frå steinen, ein turr og fin sommardag, og landa trygt på ei fast tue. Eller frå ein våt og sleip stein, der den vesle hellinga vert ei utfordring for balansen, og landa på ei gjørmete tue – kanskje gøymd i vatn. Kanskje er det vind i lufta og regnet piskar så augene må knipast litt att. Om vinteren virkar same steinen liten, nesten vekkgøymd i snøen, og landinga blir mjukare i det kvite havet.

Korleis ein løyser dette kroppsleg, avheng av kva ein har av erfaring. Taus kunnskap tek over og overstyrer det kognitive. Forståing for dyr og planter vert utviklautviklast og gjennom erfaring. Kanskje er det «ein ryggmarksrefleks av ei kjensle» som viser seg så sterkt når ein som vaksen opplever at roa kan koma som ei overrasking på oss – berre ved å vera tilstades i naturen.

NATUREN SOM OMSLUTTA oss i min barndom endra seg etterkvart. Då eg var om lag 12 år, vart det avgjort at heradet trong ei lysløype for kunne gje oss innbyggjarar eit tilbod om å trena på ski om vinteren og berrmark resten av året. Store maskiner laga skogsvegar som det om vinteren vart køyrd skispor i.

I byrjinga var det ein del som nytta denne trasèen for trening og trim. Men alt få år etter var det færre brukarar. Forklaringa var at heile løypa måtte lysleggjast for at folk ville bruka den. Dessverre vart heller ikkje det ein suksess. Snøfattige vintrar gjorde at av løypa fekk vakse seg slik den står idag - som ein lite brukt, tilgrodd veg med lysstolpar rundt. Froskedammen vart borte for alltid – då løypa vart lagt midt gjennom den vesle verda.

Området med fine steinar og haugar med blåbær vart bytte ut med bustadtomter. Det var meir skog å ta av for oss borna. Det var berre det at den var ikkje i umiddelbar nærleik, og leiken i denne type verd tok slutt.

No er det ikkje sikkert at ein som individ treng akkurat desse møta for å evna å utvikla empati for dyre- og planteliv. Det kan tileignast gjennom læring. Likevel torer eg påstå at forholdet eg som barn fekk høve til å skapa, til dyr og planter rundt meg, nok har sett sine permanente spor. At alt liv har lik verdi.

Såleis påverkar nok barndomen kva eg opplever at eg kan tolerera i ein interessekonflikt mellom menneske og natur. Mellom anna så hender det ikkje sjeldan at eg tenkjer at den blomen som står der så fin, skal få stå. Eller som når eg går på sti og ser maur krypa rundt, og eg prøver unngå å trakka på dei. Så om du ser meg gå eller springa heller vinglete, vit at det å unngå maur er ei heller vanskeleg oppgåve nokre gonger.

EG HAR SOM dei fleste vaksne opp gjennom livet lært at ei kvar sak har ulike perspektiv, og at perspektiva ofte har livets rett. Eg forstår at skog må vika for utvikling. Det er ikkje slik at me står i fare for å få for lite skog, det er til og med viktig med kultivering av landskapet. Samtidig er eg heldigvis ikkje tvungen til alltid å lika det.

Akkurat «min» skog forsvann. Der og då var overgangen svært vemodig, med kjensle av at skogen vart «drepen» og omgjort til ei forlaten slagmark. Det opplevinga likevel har vist meg, er at det sit djupt i meg kva skogen betydde. Ein stad eg ser, i undring og respekt, at alt ser ut til å ha ein samanheng. Som gjer det lettare for meg å stå stødigare i ei foranderleg og utfordrande verd. Sjølv er eg eit levande vitneprov på at det kan bety livskraft eller ikkje. Naturen har gong etter gong gjort meg godt – og krafta har kome tilbake.

Glede har ingen lukt, men lukta av vår er lukta av at livet er ein god stad å være. Det å få oppleva at liv oppstår igjen. Våren som kjem med nye froskegg etter år med turke. Sommaren med frø som spreier seg med vinden og finn sin stad. Lyset som opnar ein blomst. Livet som går vidare, om enn nokre gonger i anna form. Vakre symbol som kan gje oss kraft til å forstå, forsona, og finna meining.

Eg sa innleiingsvis at aktivhet er eit livsviktig aspekt. Eg vel å stå ved det. Livsviktig – både for individet og for naturen sin rett.

FORSKING VISER AT det er ein markant samanheng mellom kor hyppig ein som barn er i kontakt med naturen og kor ofte ein som vaksen oppsøkjer natur. Og rapportar viser at friluftsliv er viktig for mennesket – endåtil talfesta som førebyggjande helsetiltak. Lat oss opna flest mogeleg klasserom i naturen – og fylla dei med born mellom 0 og 100.

Best av alt – det kostar ingenting!

Je glåmer opp

Da ser je et tiendels sekund

Nordstjerna skinne kaldt

Mellom de utspilte svingfjørene

I venen til ei trane

Mindre enn et tiendels sekund

Men sea har je levd

Lange år

Som tar mindre plass i hjertet mitt.

- Hans Børli

Toril Hunnålvatn, dagleg leiar i Voss utferdslag

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.