annonse

Verdiskaping og skaping av verdiar

HYLLER FRIVILLIG INNSATS
HYLLER FRIVILLIG INNSATS: Takka vera merkte T-merkte løyper, mellom anna til Timaglaset på Gråsida, kan turgåarar finna trygt og sikkert fram i alle fjell. Totalt i Noreg, på alle sektorar, yter frivillige innsats for ein verdi av fem milliardar kroner, skriv Toril Hunnålvatn. (Foto: Geir Geitle/Arkiv)

Det er tidleg morgon ein stad i bygda. Eit hus er i ferd med å vakna. På kjøkenet­ står kaffitraktaren og lagar sine sedvanlege surklelydar.

Svart, varmande, energidrikk renn ned i kanna. Den skal fyllast til randa med kaffi – nok til ein heil dag.

Fyrst skal litt i ein kopp for å starta dagen, resten får plass i ein velbrukt thermos. På bordet ligg nista ferdigsmurd, ved sida av kle og utstyr, klar til å leggjast i sekken. Dei slitne skoa er henta fram frå skåpet i går, og gjort klar for ein ny lang dag i fjellet. Ein siste sjekk av vêrmeldinga vert gjort før ytterdøra vert låst.

Eit par sko trakkar over grusen, bort til garasjen. Der ein arm strekkjer seg for å henta ned eit spann med raud måling og ein liten målekost. Ein ny rute skal merkjast – for tryggare ferd for deg og for meg.

Ein annan stad, ein ettermiddag, er fleire samla for å høyra foredrag om klimautviklinga me står ovanfor. Ute varmar den livgjevande sola ei gråbleik våreng – etter ein lang vinter. Naturen med sin varme og bris tinar oss der me går med shortskledde bein.

Inne sit engasjerte menneske som brukar fritida si på å henta inn kunnskap. Som les artiklar og bøker. Drøftar og diskuterer. Medmenneske som vil kjempa for fellesskapet og framtida for oss alle. Som er villige til å stå opp for naturen og kjempa for å ta vare på.

Så er helga her endeleg, tida for å slappa av og nyta ei velfortent stund heime. Kaffikoppen er tom, pulsen roleg, og tankane kan endeleg søkja ut i ingenting.

Ein stad i nabolaget er det ein som likevel reiser seg frå stolen denne laurdagskvelden. Flytter med seg koppen ut på kjøkenet på veg til ytterdøra. Kikkar raskt på klokka medan den gule jakka får omfamna kroppen. Ropar inn i stova ei helsing om god kveld til dei heime, før ho let døra att bak seg.

Eit medmenneske med stort hjarte går ut i kveldsmørket for å bidra. For å vera ein av dei synlege vaksne – dersom du eller nokon du er glad i skulle trengja det i kveld.

Takk for jobben du og alle andre frivillige gjer. For alt engasjement og omsorg.

Du hesteinteresserte som vil bruka tida di på å gje vidare gleda over møte mellom menneske og dyr. Du matglade som deler din kunnskap og vår kulturarv. Alle musikkglade som stiller opp og gler andre. De som stiller som lagleiarar og trenarar. De som kjempar med dykkar stemme for å ta vare på medmenneske rundt omkring i verda. Alle de andre som brukar fritida på og for andre.

For innsatsen er enormt stor. Visste du at nordmenn er i verdstoppen i frivillig arbeidsinnsats? Så stor at anslått verdi av årleg dugnadsinnsats er fem milliardar kroner. Altså ei formidabel verdiskaping.

INNSPEL
INNSPEL: Av Toril Hunnålvatn. Foto: Vidar Herre/Arkiv

Men det er viktige verdiar, meir enn lønnsemd, denne dugnaden er med på å skapa og vedlikehalda. Nemleg verdien av lysta og evna til omsorg for fellesskapet. Nøkkelen til eit godt samfunn – og ein god stad å vera. Ein avgjerande verdi for framtida og for utvikling.

Fordi ein solbrent sliten arm, med raude målingsflekker, set sin tomme thermos på kjøkendisken ein sein ettermiddag. Saman med ein nisteboks som berre har spor etter smular og sveitt gulost. Og som vaskar skitne sko og klargjer dei til neste økt.

Fordi ein naturvernar, berre få minutt før midnatt og høyringsfrist, framleis sit ved pc-skjermen. Og med eit slitent smil formidlar han ei stemme for mange av oss i det han trykkjer på send-knappen. Før han let eit tankefullt og trøytt hovud treffa puta nok ein sein kveld.

Fordi nokon held ut til kvelden er i ferd med å bli til morgon før det er tid for ei kvil. Som orkar vera ein sliten natteramn som toler kjenna på smerta av tær som tinar, etter kalde timar gatelangs, i det ho sovnar.

Toril Hunnålvatn, dagleg leiar Voss Utferdslag

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.