annonse

Voss – ei bygd i bevegelse

VELKOMEN TIL VOSS
VELKOMEN TIL VOSS: I dag er vossebygda fylt opp av Voss Cup-deltakarar med foreldre og støtteapparat, skriv Gunn Marit Bergstrøm. – Det gjer oss rikare å sjå desse små og gleda og entusiasmen dei syner. (Foto: Lisa Maria Breistein Sølvberg/Arkiv)

Det er med glede og takksemd eg syklar gjennom vossabygda i skinande sol.

I det eg syklar heim frå jobb i lokala mine i idrettshallen, møter eg på menneske i aktivitet i alle aldrer og på alle nivå. Fotballbanane boblar over av ivrige fotballspelarar.

Når eg passerer Prestegardsmoen, møter eg folk som går, joggar eller er i full aktivitet i den nye aktivtetsparken og på volleyballbanen.

Eg møter òg på folk som går på tur, syklar og er på veg ein eller annan stad. Då er det kjekt å vita at det og snart vert yrande liv av badeglade ungar som nyttar seg av utebassenget.

Som fysioterapeut som brenn for fysisk aktivitet og helse, ser eg at dette er helsefremjande og førebyggjande arbeid på høgt nivå. Her kan folk i alle aldrar bevega seg fritt etter ynskje og behov.

At Vossabadet no ikkje har fullt basseng, er ikkje så rart med ein strålande flott vinter og no ein unik varm mai månad. Men dette er ikkje kvardagskost for oss vestlendingar. Veret vil snu, og då treng me alle ein stad å trekkja inn for å få bevega oss, finna på noko saman med venner og familie eller få oss ei treningsøkt.

Det er rein glede å sjå at næringslivet kjem på banen og ynskjer å støtta opp om utebassenget fordi dette bidregr til auka aktivitet for folket, og ein ser at dette er ein vinn vinn-situasjon for alle.

Eg blir takknemleg og glad for alle som brenn for noko og legg ned mykje arbeid og energi for å få noko til. Utan entusiasme og drivkraft kan ein ikkje skapa noko. Utan ein draum eller eit mål så har ein ikkje noko å jobba mot. Difor vil eg anerkjenne alle som legg ned timesvis av arbeid og energi for å få til noko ein brenn for.

Utan dykk entusiastar hadde vossabygda lege brakk. At Vossabadet no etter åtte månader viser raude tall er kanskje ikkje så rart. Me må hugsa på at det tek tid å byggja opp ei bedrift, fire-fem år har eg høyrt dei seier til oss som driv eiga bedrift.

Me som er glade i å gå på ski har hatt flotte opplevingar i Voss Resort, Myrkdalen, Herresåsen, Hamlagrø og andre stader rundt om. Me er heldige som har så utruleg mange flotte anlegg å nytta oss av, og som me kan tilby tilreisande å bruka. Dette trekjker folk til Voss og dette skaper arbeidsplassar.

Når me løfter blikket litt og ser langtidseffektane av alt det gode som skjer av aktivitet i bygda, er eg sikker på at dette kjem til å koma alle oss innbyggjarar til gode.

Takka vera Vossabadet får no alle ungar symjeundervising som gjev trygge born i vatn. Dette er med på å førebyggja drukningsulukker. Unge og eldre som ikkje trivst med å springa, gå på ski eller har helseplager, kan nytta badeanlegga til å få bevega seg.

Det same gjeld dei flotte skianlegga, fotballbanane og gymsalane me har fått i bygda. Dette skaper bevegelse og aktivitet. Dette fører igjen til meistring og glede. Det er lettare for alle å finna aktivitetar som ein trivst med og meistrar.

Kan ikkje me sjå det store biletet, heia på kvarandre og vera stolte over alt vossingane får til?

Når eg møter folk utanfor Voss, får eg ofte kommentarane om at «Voss må vera ein fantastisk plass å bu» og at folk er imponerte over alt me får til. Og med dette i mente, er det med stoltheit og glede eg syklar gjennom Vangen og ser på all den aktiviteten som føregår.

Eg er opptatt av at menneska skal vera i fokus. Eg er lei av diskusjonar om at alt skal gå i pluss og om det er raude tall so må me rope varsku med ein gong!

Eg er trøytt av alt alt skal dreia seg om pengar og økonomi. Eg ynskjer meir fokus på mennekset og kva verdibasert leiing kan skapa av verdi.

Ja – sjølvsagt må økonomien gå i balanse – men må det vera overskot alltid? Frå fyrste krone? Kan ikkje me tenkja meir på totalgevinsten? Når folk får møtepunkt og samlingsplassar som får folk meir i aktivitet, vil ein både få bevegelse, sosiale felleskap og kjensle av å høyra til. Dette skaper trivsel, førebyggjande helse og rom for at flest mogeleg har ein plass å boltra seg på.

Ikkje minst vil det trekkja meir folk til bygda også både av turistar og tilflyttar når ein ser at dette er ein kommune som ynskjer det beste for sine innbyggjarar. Dette skaper då på sikt klingande mynt i kassa som vil koma alle til gode.

Som tidlegare langrennsløpar lærte eg at om eg ville bli så god som mogleg, måtte eg leggja ein langtidsplan. Eg måtte setja meg eit mål som eg skulle jobba mot der framme.

Alle veit at å komma i toppform, ikkje er gjort over natta. Det må leggjast ein strategi og ein må dela opp hovudmålet sitt i delmål. Dette må kanskje gå over fleire år. Slik er det med livet også. Dersom me vil oppnå noko må ein setja seg mål og gjera det som er nødvendig for å nå målet. Utan mål i sikte, mister du kva retning du skal gå og det skjer ingenting, eller d– et blir kaos.

Så kva retning vil Voss gå i? Ynskjer me å vera ein føregangskommune med fokus på trivsel, glede og moglegheit for bevegelse for alle? Ynskjer me å ha menneska i fokus eller ynskjer me berre fokus på kva som gjev provitt på kort sikt?

Eg har ein draum om at Voss skal vera eit fyrtårn for andre kommunar der ein satsar på menneska i kommunen ved å leggja til rette for fysisk aktivitet og trivsel. Dette vil på sikt skapa gode ringverknader for helsetilstanden i kommunen. Eg brenn for fysisk aktivitet og helse og veit at ved å vera i fysisk aktivitet førebyggjer du både fysiske og psykiske plager.

I tillegg gjer det oss gladare og me kan førebyggja einsemd hjå folk ved at me skaper rom for møteplassar. Dette gjeld både mellom born, ungdom, vaksne i arbeidslivet og dei eldre.

Dette vil igjen redusera utgifter i helse- og sosialsektoren, som då vil påverka økonomien positivt ved at desse utgiftene går ned.

I dag er vossabygda fylt opp av Voss cup-deltakarer med foreldre og støtteapparat. Bygda bugnar over av forventningsfulle born som gler seg til å spela kamp med laget sitt. Dei går på banen for å gjera sitt beste, ha det moro og få vera sosiale med venner.

Det gjer oss rikare å sjå på desse små og den bevegelsegleda og entusiasmen dei syner.

Velkomen til Voss – ei bygd skapt for bevegelse.

God sommar!

Gunn Marit Bergstrøm, fysioterapeut, Voss

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.