annonse

Jorda snakkar til deg

NÆRING FRÅ NATUREN
NÆRING FRÅ NATUREN: – Det var ikkje viktig å nå toppane, det var sjølve vandringa som var målet med å gå i fjellet, for å halda kroppen frisk, å bli fornya av krafta i naturen, skriv Kari Bye. Biletet er brukt som illustrasjon. (Foto: Marit Eide)

Har du nokon gong lytta til jorda? Ja, jorda snakkar, men berre til dei som kan høyra med hjarta.

Jorda snakkar på mange måtar, men nett som med våre kjæraste og næraste, så blir ofte mykje uttrykt utan ord. For jorda snakkar med kjærleiksspråket.»

DETTE LAS EG i ei bok som heitte The Earth Speaks ved Steve Van Matre. Av og til finn eg ord som minner om fjellturar med han far. Han lærde meg å vera mottakeleg for næring frå naturen. Det var ikkje slik at han sa så mykje om det, men eg lærde ved å vandra i lag med han. Ved å gå oppover ei fjellside, kjenna rytmen av føtene sin kontakt med jorda for kvart steg, fyrst sakte, for å vera i pakt med pusten. Så med auka tempo då me kom til jamnare lende oppom skoggrensa, heile tida med merksemd på balansen mellom kroppen og åndedraget.

Det var ikkje viktig å nå toppane, det var sjølve vandringa som var målet med å gå i fjellet, for å halda kroppen frisk, å bli fornya av krafta i naturen, og å bli omfamna og sameina med den. Dette var hans måte, trur eg, å halda livsprosessen sin i pakt med Skaparen. Slik kjende han at han levde i ein større samanheng. Dag Hammarskjõld seier det så fint: «Slik kviler himmelen mot jorda ... Som ein mann omfamnar kona si ømt og tillitsfullt, slik er jorda og trea omfamna av det stille morgonljoset. Eg kjenner ein lengt etter å vera i denne omfamninga, å bli sameina og oppslukt.»

KRONIKK
KRONIKK: Av Kari Bye. Foto: Vidar Herre/Arkiv

NOKO AV DET fyrste eg hugsar frå eg var liten var at eg heldt far i handa og me gjekk i hagen vår med ei felles undring over det me såg omkring oss. Me hadde bærbusker, epletre og grønsaker. Det eg vart mest glad i, var bakken med ei blomstereng. Å arbeida med plantar fekk eg aldri interesse for. Det var berre når det var nødvendig for å få mat til huset. Gleda og undringa var ikkje å få kunnskap om naturen, eller å grava i jorda, men å bli kjend med den, pusta inn naturen og bli sameina med den. Eg ville oppdaga og læra ved å vera til stades i naturen, og ana kva jorda kunne fortelja.

Ein kan gå for å koma fram, for å bruka kroppsrytmen til meditasjon, eller for å vera i skaparverket. Som tenåring gjekk eg ofte ein tur opp i lia for å lyfta meg over det som var vanskeleg, gå meg til ro og klårare tankar.

Når eg sat oppe i ei fjellside og såg ut over bygda, låg problema att der nede. Ja, slik opplevde eg det. Situasjonen hadde ikkje forandra seg då eg kom ned att etter ein slik tur, men eg hadde fått ein frisk pust som påverka sinnet mitt. Kroppsrytmen hadde kome på plass, så eg var ikkje lenger i utakt med livet. Det er slik eg har opplevd det.

FAR HADDE MERKA seg kunsten å gå. Gamle fjellbønder var eit godt eksempel, meinte han, dei har den fine kontakten med jorda når dei går, kroppen beveger seg i pakt med terrenget, slik gamle vegar ligg i landskapet. Jamt og trutt utnyttar dei tyngdekrafta, går i eit tempo som sameinar kroppen med pust og indre kraft, ein er til stades i kvart steg, og då har ein mykje krefter tilgjengeleg.

Moderne menneske går ofte i ujamn takt, er gjerne opptatt av å prata, begrensar seg til eiga fysisk kraft for å lyfta kroppen oppover, har fokus på å nå mål, spara tid, er ikkje heilt til stades i kroppen. Slik blir ein andpusten, og det stel krefter.

DET ER MENNESKE som har prøvd både medisin og terapi av ulike slag, og til slutt blitt friske når dei tok grep og kom seg ut. Det er slett ikkje lækjing for alle, men helseeffekten er god. Å gå i litt kupert terreng, å la kroppen svinga fritt, det skal ikkje lang distanse til for å merka at det frigjer krefter og livsstraumen i vårt indre. Det hjelper og til med å auka konsentrasjon, minne og kreativitet.

Å gå i sitt eige tempo, ikkje for å koma fram, men for å koma på plass i kroppen.

Kari Bye, formgjevar

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.