annonse

Korleis måler ein tru?

HELGETANKAR
HELGETANKAR: Av kateket Rønnaug Skjeldal. (Foto: Siri Flatlandsmo/Arkiv)

Tru trass i vantru. Å koma og å spørja om hjelp er tru stor nok.

Læresveinane hadde verkeleg prøvd. Gjort alt dei hadde lært. Men det gjekk ikkje. Guten til mannen vart ikkje kvitt det som plaga han. Dei meinte det var ei vond ånd som stadig øydela dagen for guten og familien. Han fekk krampar, det skumma rundt munnen hans og han måtte stadig passast på sidan anfalla kunne koma kor som helst og når som helst. Farleg var det.

Guten hadde falle både i vatnet og i bålet under anfalla. Om ingen hadde passa på, hadde det heilt sikkert gått gale. Familien var både slitne og motlause. No hadde faren teke guten med til Jesus sine læresveinar for at dei skulle prøva å jaga ut den vonde ånda. Men dei greidde det ikkje.

Heldigvis kjem Jesus tilbake. Han hadde vore på fjelltur i lag med Peter, Jakob og Johannes. Dei tre venene hadde fått sjå Jesus slik han verkeleg er. Dei hadde også høyrd Gud kalla han sin eigen son. Dei hadde hatt ei heilt spesiell oppleving som dei ikkje fekk lov å fortelja om enno. No vart dei dregne ned på jorda att.

Då Jesus kom bort til flokken som stod rundt guten og krangla om kvifor guten ikkje vart frisk, fekk guten eit skikkeleg anfall. Og faren bad om at Jesus må hjelpa dei om han kan. Og Jesus kan. Alt er mogeleg for den som trur, seier han. Så skjer det. Jesus byd ånda fara ut av guten og han vert liggjande som livlaus til Jesus tek han i handa og reiser han opp.

Det må ha vore ganske spesielt. Guten og familien må ha kjent både på ei stor glede og ikkje minst undring. Kanskje hadde dei tenkt det var siste utveg å spørja Jesus. Han hadde jo vore til hjelp for andre. Rykta hadde gått og folk kom med alle slags plager. Og sjølv læresveinane hans hadde kunna hjelpe nokre. Kanskje var det lett for folk å gå til Jesus og krinsen rundt han når dei hadde problem. Men kanskje var det òg vanskeleg. Dei risikerte å bli skuffa. Og far til guten seier det sjølv: «Eg trur, hjelp meg i mi vantru!» Det var ikkje lett å tru.

Tru trass i vantru. Å koma og å spørja om hjelp er tru stor nok. Den som kjem til Jesus sjølv om han tviler, kan rekna med hjelp. I alle fall om me tek sjansen på at det Jesus seier er sant.

Denne forteljinga er om eitt av undra Jesus gjorde. Me kan, ut frå skildringa av guten, tenkja at dette var epilepsi. Sidan dei ikkje hadde nokre medisinske forklaringar vart anfalla skulda på ei ånd. Det var kanskje det enklaste.

Me kan ikkje møte Jesus fysisk. Men me kan likevel koma til han. Han har sagt at han vil høyra på oss når me ber. Heldigvis trengst det ikkje større tru enn at me gjer det. Heldigvis måler ikkje Gud tru. Kjem me til han er det tru nok.

Rønnaug Skjeldal, kateket

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.