annonse

Kreativitet – eit skapande medvit

KARI DESIGN
KARI DESIGN: – Eg er opptatt av å gje næring til skapande liv og berekraftig samfunnsutvikling, som ikkje er styrt av dei destruktive kreftene i verda vår, skriv Kari Bye. (Arkiv (Foto: Sigrid Seim)

Ein kan ikkje læra å vera kreativ, men ein kan læra å frigjera sine skapande krefter og sin åndelege skaparenergi.

Vår sanne natur er å vera skapande, og å koma i kontakt med skaparånda. Det handlar om å leva livet meir kreativt, å gje slepp på det som stengjer, og setja sin lit til at den store skaparen støttar vår eigen kreativitet. Me er meint til å vera medskaparar.

Den store Skaparen? Kan du greia å førestilla deg ei stor skaparkraft som virkar i universet? Og førestilla deg at du kan på ein eller annan måte gjera deg nytte av den for å frigjera dine eigne skapande evner? Eg opplever det som ein kreativ energistraum, som ein kan tappa frå, ein slags åndeleg elektrisk straum som eg ikkje styrer sjølv, ein flyt av noko som eg ikkje kan bestemma over, og som eg ikkje skal prøva å forklara eller definera. Du veit, ein kan gjera seg nytte av elektrisitet utan å forstå korleis den virkar. Det er heller ikkje snakk om å tru på den eller ikkje, det gjeld berre å ha kontakt med den.

«Det er menneske si evne til å skapa som er den guddommelege gnisten i oss», sa filosof og teolog Mary Daly. Me er skapte i Guds bilete, har me lært i vår kristne kulturarv. Me er medskaparar. Men me har ikkje lært kva det betyr, eller korleis skaparkrafta virkar i oss, berre at me skal tru på det me har blitt fortalt. Då blir det ein teori. Og det er praksis som er viktig.

Blodet strøymer gjennom kroppen. Dei skapande straumane tenkjer eg på som pusten, det usynlege åndedraget som strøymer gjennom oss så lenge kroppen lever. Åndskrafta i oss. Ein gong var eg student i kunstfag, med tankar om å bli formingslærar. Det var ikkje å bli kunstnar sjølv, men å få læra meir om det skapande menneske, og korleis gje næring til skapande utvikling hjå menneske og samfunn.

Livsreisa mi vart noko annleis enn eg hadde tenkt. Då eg var ferdig med utdanning, hadde eg fått frigjort noko i min eigen kreativitet som førde meg inn i eit liv med formgjeving, fyrst og fremst som smykkeprodusent. Men interessa mi for skapande utvikling av menneske og samfunn fylgde meg, medan mitt eige arbeid vart ein praksis for kreativ oppleving. Det var ei sameining med ånd og hånd, med materiale og verktøy. Eg måtte bli kjend med sylvet for å arbeida med det, det er ein slags venskaps- eller kjærleiksrelasjon.

Å skapa var ein åndeleg prosess som leia meg inn til ei ibuande skaparkjelde. Kreativitet er oppleving av ei mystisk sameining, er det sagt. Slik opplevde eg det. Ordet kunstnar har vel same meining som skapar, men ein tenkjer ikkje på det slik. Den store Skaparen kan ein kalla den opphavlege kunstnaren, og ein kan gjerne seia at det er vår livskunst å vera medskaparar. Å ha ein slags allianse med Skaparen. Når ein erkjenner dette, får ein eit liv i utvikling, same kva yrke og evne ein har.

ÅNDELEG PROSESS
ÅNDELEG PROSESS: «Livsreisa mi vart noko annleis enn eg hadde tenkt. Då eg var ferdig med utdanning, hadde eg fått frigjort noko i min eigen kreativitet som førde meg inn i eit liv med formgjeving, fyrst og fremst som smykkeprodusent.»(Arkiv Foto: Sigrid Seim

Korleis kan ein dyrka fram eller nå inn til si indre kraft? Ei øving som alle kan gjera er å ta ei lita stund kvar morgon med blyant og blanke ark, og la handa skriva nett det som kjem i tankane, utan mål og meining. Det er ingen andre som skal lesa det.

Til dømes, «eg er så lei av masinga til ...», eller «kvifor er det alltid eg som må ...», eller «tenk om eg kunne få bygt ein terrasse ved døra ut til hagen ...». Om det gjeld draumar, ynskje, sorg, angst eller frustrasjon, så set ein i gang ein prosess, noko strøymer i kroppen heller enn å bli sitjande fast. Ord er handling. Du får tøma sinnet for tankar, får ut det som stengjer for kreativiteten.

Mange brukar denne måten til å koma i gang att etter sjukdom, etter utfordrande hendingar, eller berre for å takla livet betre. Det er ei åndeleg øving, kall det gjerne ein meditasjon, og det skapar forandring. Skriv gjerne ei veke eller meir før du les det du har skrive. Viss ord når inn i djupna, sprengjer dei seg rom, sa Olav H. Hauge. Rom for forandring. Men merk deg kva førestillingar du har, kva du er mest opptatt av, og sjå kva som er positivt med det som kjennest negativt.

Eg er ikkje alltid så fokusert og tolmodig med detaljar. Det positive med det er at eg er open for mogelegheiter, ser samanheng og gler meg over nye idear. Eit skapande medvit ser korleis ein kan nytta det ein er.

Kunstfag var ikkje noko eg voks opp med, men me var mykje ute i naturen, og eg utvikla tryggleik og tillit til skaparverket. Eg opplevde at det var viktig å møta livssituasjonar med å tenkja kreativt. Ja, med eit skapande medvit, ville eg seia i dag. Kjensla av at det var ein større Skapar som støtta meg, det var nok mi barnetru.

Og eg kan vel seia at den fekk utvikla seg til å bli vaksen. Difor er eg opptatt av å gje næring til skapande liv og berekraftig samfunnsutvikling, som ikkje er styrt av dei destruktive kreftene i verda vår.

Kari Bye

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.