annonse

Alle har me ei psykisk helse

GODE ERFARINGAR MED GRUPPETERAPI
GODE ERFARINGAR MED GRUPPETERAPI: – Me har tydelegvis framleis ein lang veg å gå når det gjeld openheit om psykiske vanskar. Men for all del, mykje har likevel blitt betre, skriv Hordaland på leiarplass. (Foto: Karl Ystanes)

Livet går ikkje alltid på skjener. Kriser oppstår, og dette påverkar dagleglivet.

Om dette fortel to kvinner i laurdagsavisa. I reportasjen fortel kvinnene om då dei møtte veggen, kva som førte dei dit – og om vegen vidare.

DET SAME KUNNE ha skjedd mange av oss. Dei fleste familiar kjem bort i situasjonar der den psykiske helsa vert sett på prøve. Anten ved at me sjølve møter vanskar, eller at nokon i familien eller omgangskrinsen gjer det.

At kvinnene vågar å fortelja si historie, er modig gjort. Det er med på å normalisera psykiske påkjenningar, og det trengst.

TIDLEGARE VAR PSYKISKE vanskar eit stort tabu. Eit tabu er det nok framleis, men heldigvis i langt mindre grad enn før.

Det seier likevel litt at kvinnene vel å ikkje stå fram med namn, fordi dei fryktar det kan føra til uheldige konsekvensar seinare.

Me har tydelegvis framleis ein lang veg å gå når det gjeld openheit om psykiske vanskar. Men for all del, mykje har likevel blitt betre.

INSTITUSJONEN BJØRKELI er det nok mange som framleis knyter til «tungpsykiatri» frå gammalt av. Det er det slett ikkje lenger, opplyser dei tilsette.

Det var her ved Bjørkeli dei to kvinnene fekk den hjelpa dei sårt trong då livskrisene slo inn. Bjørkeli tilbyr mellom anna gruppeterapi, som reportasjen i avisa i dag fokuserer på.

GRUPPETERAPI HØYREST KANSKJE litt utfordrande ut på mindre stader som hjå oss. Erfaringane er likevel gode så langt med den heller nystarta gruppepoliklinikken, får Hordaland opplyst.

I tillegg har dei ulike grupper og kurs for «heilt vanlege folk», tilbod som dei trur mange kan gjera seg nytte av. Dette kan vera familie-, nettverks- og parsamtalar som førebygging.

NOKO AV DET dei no brenn for, er å normalisera psykiske vanskar, og gjerne å koma inn med tidleg hjelp.

Eitt hinder for dette er at slike problem gjerne er forbunde med skam. Me vonar at kvinnene som fortel si historie kan bidra til å bryta ned dei gamle førestillingane.

I DAGLEGLIVET HAR me alle ei oppgåve i å bidra med forståing og toleranse overfor dei som hamnar i vanskar. Det er lett å vera dømande, men ofte har me ikkje informasjon om kva dei det gjeld har vorte utsette for.

I NOKRE TILFELLE har fleire vanskar av ulik art tårna seg opp samstundes. For andre har overgrep og vonde hendingar i barndom og ungdomsår sett sitt preg.

Me har alle vår bagasje, og nokre har tyngre ryggsekk å bera enn andre.

OM ME ALLE kan forstå og kanskje tilby støtte kan dette vera til hjelp for den enkelte, og gjera livet og lokalsamfunnet litt betre.

I VÅR INDIVIDUALISTISKE tid skal me gjerne klara alt sjølve. Gode relasjonar til andre er likevel kanskje aller viktigast.

Ein god venn eller venninne kan forandra mykje når me strevar med livet.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.