annonse

Arroganse frå Rådmannen

MAT TIL ELDRE
MAT TIL ELDRE: Sjølv utan hjelp frå rådmannen, har me tillit til at politikarane finn ei ordning som er meir i tråd med folkeviljen, skriv redaktør Geir Geitle på leiarplass. (Foto: Vidar Herre)

Slik situasjonen er økonomisk, bør politikarane vurdera om det er nødvendig å etablera eige kjøkken – eller om det kan vera ei god løysing å inngå ein ny avtale med Voss sjukehus.

Geir Geitle

Eit samrøystes levekårutval vedtok 6. april i år at middagsmaten Voss kommune skal levera til eldre, skal vera tilverka på eigne kjøkken. Alle dei politiske partia på Voss ynskjer det.

Dette fylgde etter at det raud-grøne fleirtalet på Voss dagen før hadde sendt ut ei pressemelding. Der hadde dei fastslått at dei vil at maten til dei eldre i framtida skal verta laga på Voss. Grunnlaget for kva retning som skulle fylgjast, var lagt.

MINDRE ENN TO månader etterpå presterer likevel Rådmannen å leggja fram ein økonomiplan der det ikkje er funne plass til kortreist mat til dei eldre.

Det klinkande klare politiske signalet som politikarane samla har gjeve, har såleis ikkje vorte teke til fylgje.

RÅDMANNEN BURDE ETTER vårt skjøn alt i saksførebuinga ha utarbeidd alternative framlegg for kortreist mat som politikarane kunne ta stilling til. Så kunne dei ha vegd desse opp mot Rådmannen sitt framlegg og tilråding.

BERRE DET Å leggja framlegget til økonomiplanen på bordet utan alternative skisser i tråd med det politikarane samrøystes har gjeve signal om, er ein handlingsmåte ein lett kan oppfatta som arrogant. Spesielt når me veit at Rådmannen prøvde å få inngått ein ny fem-årig avtale for kok og kjøl-mat meir eller mindre som ei hastesak mot slutten av fjoråret.

POLITIKARANE ER DEI som til sjuande og sist skal gjera vedtaket. Dei må også omprioritera eller utføra endringar som er nødvendige for å få til det dei ynskjer.

Sjølv utan hjelp frå rådmannen, har me tillit til at politikarane finn ei ordning som er meir i tråd med folkeviljen.

SLIK SITUASJONEN ER økonomisk, bør politikarane vurdera om det er nødvendig å etablera eige kjøkken – eller om det kan vera ei god løysing å inngå ein ny avtale med Voss sjukehus.

Voss sjukehus har kjøkken i full drift som leverer mat til sine pasientar. Rolf Abrahamsen, direkter ved Voss sjukehus, melder dei er klare for utvida drift. Det må oppbemannast og fornyast litt, så vil dei neste år kunna levera mat også til dei eldre på Voss.

FORDELANE FOR VOSS vil uansett vera fleire arbeidsplassar lokalt, inkludert høve til lærlingeplassar, fleire lokale skattekroner og ikkje minst: kort tid frå maten vert laga til dei eldre får han servert.

ETTER DET HORDALAND kan sjå, fungerte det godt i tida fram til 2014 då sjukehuset leverte maten til dei eldre. Denne løysinga må av fleire årsaker vera høgst aktuell også for framtida.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.