...

Vangen til sals

Dei siste åra er fleire forretningseigedomar på Vangen lagde ut til sals. Grunnane kan vera ulike. I nokre tilfelle er det generasjonsskifte, der neste generasjon ikkje ser seg i stand til, eller tent med, å overta ansvar og drift.

Sigmund Midttun
Sigmund Midttun (red.) Profil E-post
Publisert 12.11.2011 kl 10:27 Oppdatert 12.11.2011 kl 10:30

Tips ein venn på e-post:

At utanbygds aktørar «kjøper opp» Vangen er ikkje negativt

Redaktøren meiner

I andre høve er det ei rein forretningsmessig vurdering som ligg til grunn.

Tida då den næringsdrivande også eigde forretningsgarden ein heldt til i, er definitivt forbi. I dag ser me at profesjonelle aktørar på eigedomsmarknaden kjøper opp forretningsgardar i sentrum. Berre unntaksvis er det snakk om lokale investorar.

At utanbygds aktørar «kjøper opp» Vangen er ikkje negativt. Tvert om viser det at dei har tru på kommunesenteret vårt. Me vil også tru at dei som går tungt inn i denne marknaden, har dei finansielle musklane som skal til for å utvikla eigedomane dei sikrar seg. Me har sett nokre uheldige døme på at dei gamle eigarane av forretningsgardar ikkje har vilja – eller kunna – bruka pengar for å ta vare på eigedomane sine. Då er det bra at meir profesjonelle aktørar kjem inn.

Selskapet som heiter Midgard Gruppen, har vore særleg aktiv i det siste. Dei sikra seg Vimi-bygget, som dei i ettertid har selt ut at ein del seksjonar frå. Dei kjøpte anlegget til Vatles handelsskule, der det i enno nokre år skal vera skule, inntil nybygget står klart på Skulehaugen. Kva planar dei så har, står att å sjå. Å byggja ut husvære her kan vera ein måte å nytta denne bygningsmassen på. Midgard Gruppen eig også Gjøsteinsbygget, og no har dei i tillegg sikra seg Voss Handelslag sitt bygg. I tillegg har dei kjøpt handelslaget sine aksjar i det planlagde parkeringsanlegget under Hestavangen.

At ein aktør satsar så hardt, tyder på sterk tru på Vangen som handelssentrum også i framtida. Det trengst, og det bør smitta over på andre som eig sentrumseigedomar. Vonleg vil denne investoren, og også dei andre som har kome inn på Vangen i det siste, oppgradera forretningsgardane sine, og slik bidra til at sentrum vert meir tiltalande og hyggeleg. Det er også viktig at alt forretningsareal på Vangen vert teke i bruk. For mange tomme lokale sender ut negative signal til omverda. Huseigarane må posisjonera seg til tunnelen bak Vangen står ferdig i 2013. Når tungtrafikken vert fjerna frå sentrum kan det endeleg skapast eit endå meir triveleg og menneskevenleg sentrumsmiljø.

Mest lese no

...

No kjem sommaren

Vind og ver Finn fram solkrem og sommarklede. No vert det varmt Les meir

...

Brannen påTvildemoen sløkt

Voss Brannvesenet har no sløkt brannen i ei leikehytte i Tvildemoen. Les meir

...

Hilde har bestemt seg

Lokalnytt Hilde Magnusson er ferdig i tenkjeboksen, og har denne veka bestemt seg om ho vil ta attval eller ikkje. Les meir

...

Innhaldsrikt folketog på Vangen

Voss Ein gorilla på trampoline var eit av fleire artige og oppfinnsame innslag i folketoget på Voss. Les meir


Hordaland

Telefon ekspedisjon: 56 53 03 00
Dagleg leiar: Ingrid Kløve-Graue
TIPS: Vakttelefon: 47 47 18 83
Papirutgåva: Tysdag, torsdag og laurdag.
Besøksadresse: Evangervegen 32, 5700 Voss
Telefaks ekspedisjonen. 56 53 03 08
Telefaks redaksjonen: 56 53 03 30

NASJONALBIBLIOTEKET:

Me gjer merksam på at
denne nettavisa vert samla
inn og lagra av Nasjonalbiblioteket
regelmessig.
Nettavisa vil verta gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking
og dokumentasjon.

Redaksjonen:

Konst.red.: Geir Geitle
Epost: gg@avisa-hordaland.no
Nettansvarleg: Jan-Egil Dyvik
Epost: jed@avisa-hordaland.no
Epost: redaksjon@avisa-hordaland.no
Lokalkontor Granvin: 56 52 54 66
Lokalkontor Dale: 56 59 62 01

ANNONSE, ABONNEMENT, TRYKKERI:

Annonseansvarleg: Arild Rekve
Epost: annonse@avisa-hordaland.no
Abonnementsansvarleg: Jostein Steine
Epost: abonnement@avisa-hordaland.no
Trykkeriansvarleg: Svein Henning Soldal
Epost: svh@avisa-hordaland.no
Tlf. 56 53 03 00

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.