Dei spenstige utbyggingsplanane for stasjonsområdet, i planleggjarterminologi kalla Voss Knutepunkt, fann ikkje nåde for augo til fylkespolitikarane. Kultur- og ressursutvalet i fylket fremja ei samrøystes motsegn mot planane då saka var oppe denne veka.
Desse planane inneheld mellom anna buss- og jernbanestasjon, hotell i åtte høgder og ny gondolbane. Motsegna kjem ikkje overraskande. Eit førevarsel leverte fylkeskonservatoren i januar då utvalet hadde møte og synfaring på Voss. Han gav då klart uttrykk for at riving av den gamle og verneverdige ekspressgodsbrakka ikkje kom på tale.
No lyt kommunen setja seg saman med fylket for å finna løysingar for stasjonsplanane. Det let seg nok gjera. Men planane vil måtta endrast i høve til dei opphavlege. Til dømes gav formannskapet alt i september uttrykk for at eit hotell i åtte høgder ikkje var særleg aktuelt.
Det er ingen tvil om at Vangen sitt andlet og særpreg hadde vorte endra om desse planane vart gjennomførde. Ein kan spørja kor fornuftig det er å plassera ein gigantisk bygningsmasse i eit sentrum som stort sett er prega av bygningar på fire høgder. I dei opphavlege planane framsto nybygga som ein vegg mellom bustadene på Ullestad og Vangsvatnet.
I kva grad det er mogeleg å integrera ekspressgodsbrakka i ei ny løysing, eller om det eventuelt vert godteke å flytta denne, står att å sjå. Me er elles av den klare oppfatning at Fraktgodsen må få stå. Som kjent er her krefter i sving for å berga og revitalisera den som kulturhus. Det bør dei få sjansen til.
Plassering av ny nedre stasjon for gondolbane til Hangur kan verta utfordrande. Truleg vil ei plassering på jernbanestasjonen krevja eit svært høgt bygg for å unngå dei straumførande leidningane til Jernbaneverket. Me er ikkje sikre på at det vert særleg vakkert.
Politikarane både på Voss og i fylket har elles stilt spørsmål ved talet på parkeringsplassar i planen. 70 nye plassar verkar meiningslaust lite når ein skal tena reisande med buss og tog, turistar som skal til fjells, dei som skal i kulturhuset og dei som har ærend på Vangen.
Ei samordning av kollektivtrafikken på ein stad er fornuftig, likeins å føra gondolbanen nærare sentrum. I kva grad det er trong for fleire hotell i sentrum, er opp til investorane å avgjera. Men leiinga i Voss kommune har ein veg å gå før ein endeleg plan kan leggjast fram til vedtak.