...

Fornuftig retrett

Politiadvokaten ved Hordaland Politidistrikt har trekt attende kravet om ransaking av redaksjonslokala til «Hordaland» og heimekontoret til journalist Knut Markhus. Avgjerda er fornuftig.

Sigmund Midttun
Sigmund Midttun (red.) Profil E-post
Publisert 18.02.2012 kl 10:16 Oppdatert 18.02.2012 kl 10:17

Tips ein venn på e-post:

Å gå til eit så drastisk skritt som ei ransaking av redaksjonslokale i ei slik sak, ville vera ein overreaksjon av dimensjonar

Redaktøren meiner

Det skal vera mistanke om svært alvorlege brotsverk for å kunna forsvara at politiet skal gå til slike skritt i ein avisredaksjon.

Denne saka dreiar seg om at politiet ynskjer tilgang til foto teke i samband med ein demonstrasjon mot dei såkalla monstermastene ein stad i Hardanger. Dei meiner bileta kan vera bevismateriale i ei sak der ein av demonstrantane er sikta for å ha forstyrra sikker drift av eit helikopter. «Hordaland » har aldri skrive om denne saka fordi ho skjedde utanfor vårt dekningsområde. Journalisten var heller ikkje tilknytt avisa på det tidspunktet demonstrasjonen skjedde. Både av den grunn, og ikkje minst fordi det her dreiar seg om eit mogeleg lovbrot av avgrensa karakter, ville ei ransaking vore eit klart overgrep både mot journalist og avis.

Saka har vekt oppsikt i pressekrinsar, ikkje utan grunn. Det er uhyre sjeldan redaksjonar opplever å få trugsmål om at politiet skal koma på døra.

Her dreiar det seg om viktige prinsipp som vernet om ei fri presse, den journalistiske arbeidsmetoden og kjeldevernet. Å gå til eit så drastisk skritt som ei ransaking av redaksjonslokale i ei slik sak, ville vera ein overreaksjon av dimensjonar. Det må heilt klart vera andre måtar å prøva å få tak i bileta på enn ved ransaking. Me er glade for at politiet også har kome til den konklusjonen.

Bileta det er snakk om er ikkje publiserte. Slikt materiale har eit særskilt vern etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 10. Bakgrunnen for det er at det ville gjera pressa si rolle som kritisk samfunnsinstitusjon vanskeleg om slikt materiale skulle kunna tvangsutleverast. Skal utlevering av upublisert materiale samsvara med menneskerettskonvensjonen, må lovbrotet vera av særleg alvorleg karakter.

For vernet av den frie pressa er politiet sin retrett ein siger. Så kan ein undra seg over i kva grad det er støyen kring saka som har fått politiet til å tenkja seg om. Vonleg er det også ein lærepenge for dei. Me er uansett nøgde med utfallet.

Mest lese no

...

Voss fall saman mot Øystese

Fotball Eirik Een og Voss kjempa jamt med Cato Guntveit og Øystese, men då Eirik Hauge vart utvist i 2. omgang fall Voss fullstendig saman. Les meir

...

- Me vil ha merksemd

Voss Saktekøyrde med traktor gjennom gatene og sperra inngangen til tinghuset med traktor og møkavogn Les meir

...

Ny aksjonssesong i Hardanger

Lokalnytt HARDANGER: Laurdag 19. mai går startskotet for ein ny sesong med aksjonar mot Statnett si kraftlinjebygging i Hardanger.Les meir

...

Bøndene sine prisar rasar

Forbrukar I løpet av dei siste 25 åra har prisane på norske bønder sine varer gått kraftig ned, utan at forbrukerane har merka noko til det. Les meir


Hordaland

Telefon ekspedisjon: 56 53 03 00
Dagleg leiar: Ingrid Kløve-Graue
TIPS: Vakttelefon: 47 47 18 83
Papirutgåva: Tysdag, torsdag og laurdag.
Besøksadresse: Evangervegen 32, 5700 Voss
Telefaks ekspedisjonen. 56 53 03 08
Telefaks redaksjonen: 56 53 03 30

NASJONALBIBLIOTEKET:

Me gjer merksam på at
denne nettavisa vert samla
inn og lagra av Nasjonalbiblioteket
regelmessig.
Nettavisa vil verta gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking
og dokumentasjon.

Redaksjonen:

Konst.red.: Geir Geitle
Epost: gg@avisa-hordaland.no
Nettansvarleg: Jan-Egil Dyvik
Epost: jed@avisa-hordaland.no
Epost: redaksjon@avisa-hordaland.no
Lokalkontor Granvin: 56 52 54 66
Lokalkontor Dale: 56 59 62 01

ANNONSE, ABONNEMENT, TRYKKERI:

Annonseansvarleg: Arild Rekve
Epost: annonse@avisa-hordaland.no
Abonnementsansvarleg: Jostein Steine
Epost: abonnement@avisa-hordaland.no
Trykkeriansvarleg: Svein Henning Soldal
Epost: svh@avisa-hordaland.no
Tlf. 56 53 03 00

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.