annonse

Bømoen si framtid så vidt i startfasen

Bømoen AS har dermed grovt sett to alternativ
TIDA VIL VISA: Det eine er å sitja med Bømoen vidare. Dei kan vera tålmodige og sjå investeringa i eit endå meir langsiktig perspektiv enn dei opphavleg såg for seg. Det andre alternativet er å heisa kvitt flagg, og selja Bømoen. (Foto: Ingerid Jordal)

– Bømoen AS har no to alternativ, skriv redaktør Geir Geitle.

Bømoen AS møter kraftig skyts mot planane sine om å byggja 1000 bustader over ein lengre tidsperiode. Dette er klart etter møtet i Voss kommunestyre torsdag.

Mange gler seg med god grunn over at friluftseldoradoet vert sikra i årevis framover.

BØMOEN AS HAR har dermed grovt sett to alternativ: Det eine er å sitja med Bømoen vidare. Dei kan vera tålmodige og sjå investeringa i eit endå meir langsiktig perspektiv enn dei opphavleg såg for seg.

Det andre alternativet er å heisa kvitt flagg, og selja Bømoen.

FOR PARALLELT MED sakshandsaminga i kommune-styret, dukka det plutseleg opp ein tilbydar som ynskjer å kjøpa heile Bømoen. Hans Engelsen Eide kunngjorde tilbodet torsdag, rett før kommunestyremøtet, og opplyser at han har finansiering i orden.

SAMTDIG PÅPEIKAR MANGE at Voss kommune burde ha kjøpt Bømoen.

Men problemet er no, som då Bømoen vart selt i 2012: Korleis skal kommunen henta pengar til investeringa og til løpande driftsutgifter, når dei ikkje kan rekna med inntekter på sal av bustadareal i overskodeleg framtid?

FOR VOSS KOMMUNE kan ikkje kjøpa Bømoen, og over natta tillata stor bustadutbygging når dei er blitt eigarar. Det kan ikkje plutseleg verta andre reglar om kommunen eig Bømoen.

Og utan inntektspotensialet som sal av bustadareal representerer: Kvar skal pengane til å halda Bømoen ved like takast frå?

BØMOEN SKAL FORVALTAST. Moen har 28 freda bygningar som det kostar millionar av kroner kvart einaste år å halda ved like og forsikra.

Når kommunen seier nei til bustadbygging i denne omgangen, er det vanskeleg å sjå korleis Voss kommune kan sitja som eigar av Bømoen til dess det ein gong kanskje vert aktuelt.

KAN DET VERTA eit alternativ for Bømoen AS å selja til Hans Engelsen Eide? Når han sender eit tilbod til Bømoen AS, med kopi til 43 kommunestyremedlemer, går me sjølvsagt ut frå at han meiner det seriøst.

I så tilfelle må han garantert punga ut mykje meir enn dei 41 millionane Bømoen AS la ut i 2012. Planarbeidet har kosta millionar. Investorane har lagt ned mykje tid og krefter som må prissetjast.

HANS ENGELSEN EIDE har vore med å laga gull av gråstein før, og kan sikkert også laga diamantar av den perla Bømoen er.

SAMTIDIG SKAL ME ha klart for oss at dei lokale eigarane av Bømoen AS er dugande, hardtarbeidande og trauste arbeidsfolk. Dei er ikkje kortsiktige spekulantar, men vane med å jobba over lang tid for å skapa viktige samfunnsverdiar.

Dei gjev neppe opp prosjektet sitt utan vidare, og tek seg sannsynlegvis tid til å venta.

KVA SKJER NO? Mykje kan skje i høyringsrunden og til dess reguleringsplanen for Bømoen skal vedtakast endeleg. Truleg skjer det til neste år.

Tida vil visa, og framtida til Bømoen er berre så vidt i startfasen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.